UNICEF Norge

30 millionar fleire jenter og kvinner har blitt kjønnslemlesta

Del

Over 230 milloner kvinner som lever i dag har vore utsette for kjønnslemlesting. Det viser ein ny UNICEF-rapport som vert gitt ut i dag på Den internasjonale kvinnedagen 8.mars. 

Blei kjønnslemlesta som seksåring: Ny UNICEF-rapport avdekkar at brutal praksis enno er omfattande i 31 land
Blei kjønnslemlesta som seksåring: Ny UNICEF-rapport avdekkar at brutal praksis enno er omfattande i 31 land UNICEF/UNI163743

Den nye rapporten viser at den brutale praksisen enno er omfattande i 31 land.

15 prosent fleire jenter og kvinner lever med kjønnslemlesting, eller 30 millionar fleire jenter - samanlikna med tala i 2016. Dette har har samanheng med at fleire jenter overlever inngrepet, mellom anna på grunn av tilgang på antibiotika. Samstundes påvirkar og folkevekst tala, på den måten at familier der praksisen vert gjennomført – får fleire barn.

Går for sakte

Arbeidet med å få stansa kjønnslemlesting går for sakte og heng etter veksten i folketal, særleg i land der praksisen har vore vanleg. FN har sett som berekraftsmål at all kjønnslemlesting skal vere avvikla innan 2030, men for at dette skal skje må arbeidet gå 27 gongar raskare enn det gjer i dag.

-Kjønnslemlesting skader jenter sin kropp, svekkar framtida, og set liva deira i fare, seier generalsekretær i UNICEF Norge, Maria Greenberg Bergheim

-Vi ser også ein svært bekymringsfull trend der stadig fleire yngre jenter vert utsette for praksisen, mange før femårsalderen. Dette påfører jentene ulidelege smerter og frykt, og det til og med etter foreldre sine ønske og samtykke. 

-Den einaste måten å hindre denne praksisen på – er med kunnskap, både om barns rettigheiter og dei brutale følgjen dette kan ha for jentene resten av livet. Vi må styrke innsatsen for å avslutte denne skadelige praksisen, seier Greenberg Bergheim.

Mest vanleg i afrikanske land

Den nye UNICEF rapporten viser at kjønnslemlesting er mest vanleg i afrikanske land med 144 millionar tilfelle, etterfølgt av 80 millionar i Asia, og 6 millionar i Midtausten.

Kjønnslemlesting har ikkje blitt vanlegare globalt, men talet på jenter som vert fødde i land der praksisen er vanleg, aukar raskt samanlikna med resten av verda.  Dette innber at førebyggande tiltak må vere endå meir målretta i desse risiko-områda.

4 av 10 av dei som overlever kjønnslemlesting bur i sårbare og konflikt‑råka område der folketalet aukar raskt. Dette gjer at utdanning- og helsesystema allereie er tungt belasta, noko som igjen kan føre til at arbeidet mot kjønnslemlesting vert mindre effektivt.

I land som Somalia og Sudan er kjønnslemlesting svært vanleg (Somalia over 90%), samstundes som landas slit med befolkningsvekst og konflikt.  I Etiopia har arbeidet med å hindre kjønnslemlesting gjort framsteg, men også her kjempa ein med klimaendringar, sjukdom og matmangel, og dette forseinkar arbeidet blant kvinner og jenter. Også i land som Guinea, Djibouti, Mali, Gambia, Senegal og Egypt er kjønnslemlesting enno tung tradisjonell praksis.

Førebygging må trappast opp

Rapporten viser likevel at det førebyggande arbeidet mot kjønnslemlesting nyttar, og særleg siste tiåret har arbeidet gitt resultat. 

Eit døme er Kenya der talet på kjønnlemlesta har gått frå «moderat» til «lågt». I Sierre Leone har talet gått frå «høgt» til «moderat høgt», og i Egypt der kjønnslemlesting har vore bortimot universell praksis - er talet på veg nedover. 

Også haldningane til kjønnslemlesting er i endring. I følge rapporten er rundt 400 millionar menneske i praksislanda i Afrika og i Midt-Austen i mot kjønnslemlesting. Dette tilsvarer to tredeler av befolkninga. 

For å stanse kjønnslemlesting oppmodar no UNICEF samfunnsleiarar i dei ulike landa å intensivere innsatsen for å få slutt kjønnsdiskriminering og ulikskap. Det må og investerast i opplysing og tenester for jenter. Handlekraft og ressursar til jenter må styrkast, og jenter sine rettigheiter i lover og i politikk må settast på dagsorden

Det trengs også endå fleire data og tal for å spore - og å følge nøye med på kvar og korleis praksisen med kjønnslemlesting foregår.

Kva skjer i Noreg

I Noreg er finst det inga systematisk registrering av tilfelle kjønnslemlesting. Dei siste tala frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) viser at 17 300 jenter og kvinner i Noreg truleg har vore utsette for kjønnslemlesting før dei kom til landet.

- Desse tala er frå 2013, og vi veit at i åra etter og fram til i dag har omlag 25 000 kvinner til - kome til Noreg frå høg-risikoland, altså land der det tradisjonelt er praksis for kjønnslemlesting, seier R. Elise B. Johansen ved Nasjonalt Kunnskapssenter om Vold og Traumatisk Stress. Ho er forskar i medisinsk antropologi og global helse, og skulle og gjerne visst meir om riskofaktorar enn berre landområda jentene og kvinnene kjem i frå. 

-Vi jobbar med å finne ut meir om dette, men førebels trur vi at det er særleg jenter som vert sendt på ferie eller det som vert kalla «moralsk rehabilitering» til heimlandet / eller eit naboland – som er særleg utsette, og at inngrepa i så fall skjer der, seier Johansen. 

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress skal neste år ha ferdig ein ny forskningsrapport om temaet.

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra UNICEF Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UNICEF Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UNICEF Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye