Vil stanse laksefisket der det ikkje blir rapportert fangst
Miljødirektoratet foreslår at 12 vassdrag som i dag er opne for laksefiske ikkje blir opna i 2024. Sju nye vassdrag blir foreslått opna for laksefiske.

– Fangstrapportering er i mange tilfelle den einaste kjelda til informasjon om bestandane av laks, sjøaure og sjørøye i vassdraga, og er eit krav for å tillate fiske i vassdrag, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Miljødirektoratet har no sendt ut på høyring forslag til endringar i føresegnene for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i 27 vassdrag og éin sjøregion for 2024. Interessenter kan komme med innspel til forslaga innan 5. april.
Manglar fangstrapport i fleire elvar
Det blir foreslått å stanse fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i fleire vassdrag som ikkje har rapportert fangst.
I 2022 og 2023 opna Miljødirektoratet fleire vassdrag som tidlegare ikkje har vore opna på grunn av manglande fangstrapportering. Den gong lova lokal forvalting å få dette på plass, men dei har ikkje levert fangstrapportar til Statsforvaltaren slik det krevst. Miljødirektoratet foreslår no å ikkje opne desse for fiske frå i år. Det gjeld Segeråga, Jenndalsvassdraget og Storvatnvassdraget, som alle ligg i Nordland. I tillegg foreslår Miljødirektoratet å ikkje opne seks elvar til som ikkje har rapportert fangst dei siste åra. Dette gjeld Tømmerelva og Vassdalselva i Troms og Finnmark, og Ramsåa, Roksøyvassdraget, Skjelvereidvassdraget og Røyrmarkvassdraget i Nordland.
God fangstrapportering er avgjerande fordi det bidreg med verdifull kunnskap til forvaltning og forsking. Påliteleg kunnskap er avgjerande for arbeidet med å styrkje laks, sjøaure og sjørøye som ressurs, og for å gi grunnlag for fritidsfiske og næringsverksemd.
Færre laks enn forventa
Elvene Måna og Isa/Glutra i Møre og Romsdal vart behandla mot smitte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris i 2013 og 2014. For å få tilbake fisk i vassdraga etter behandlinga vart det frå 2015 sett ut laks og sjøaure frå lokal stamme, som har vorte oppbevart i genbank. Forventninga var at denne tilbakeføringa av laks skulle gi elvane eit haustbart overskot frå 2021. Vassdraga vart derfor opna for laksefiske. Gytefisktellinger dei siste åra har likevel dessverre vist at det ikkje er nok laks igjen på gyteområda, og at det ikkje er eit overskot å hauste av.
– Fordi færre laks enn forventa har komme tilbake til Måna og Isa/Glutra i Møre og Romsdal foreslår vi å ikkje opne for laksefiske i dei to elvane frå i år. Med det ønskjer vi å sikre at det blir nok fisk igjen til å gyte og sikre overlevinga til bestandane, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Ber spesielt om innspel for Drivaregionen
Vassdraga i Drivaregionen, som ligg i Møre og Romsdal og Trøndelag, vart behandla mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i åra 2022 og 2023. Miljødirektoratet vurderer Batnfjordselva og Usma som ferdig behandla, og greier ut om det er behov for fleire tiltak i Driva i 2024.
Vanlegvis blir fisket stansa i vassdrag og sjøregionar først når vassdraga er ferdig behandla, slik at bestandane skal få høve til å byggje seg opp igjen. Sjølv om det blir greidd ut fleire tiltak mot lakseparasitt i Driva i år, har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal foreslått at fisket blir stansa i sjøen og i elvane frå i sommar. Direktoratet ber spesielt om innspel på fiskereglar i Driva, Litledalselva, Usma, Batnfjordselva og sjøregion Nordmørsfjordene for 2024.
Heilt nødvendige endringar
Miljødirektoratet går gjennom reglane for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i alle vassdrag og sjøregionar kvart femte eller sjette år. Dette vart sist gjort i 2021. I åra imellom gjer Miljødirektoratet berre heilt nødvendige endringar. Dette kan til dømes vere behov for å redusere fiske og fangst grunna vesentleg mindre fiske i elvane enn føresett, eller at det ikkje blir levert fangstrapportar for eit vassdrag.
I Noreg har vi meir enn 1200 elvar med laks, sjøaure og sjørøye. Miljødirektoratet har ansvar for ei rekkje tiltak for å bevare og verne fiskebestandane. Eitt av desse er å lage føresegner og vurdere kor mykje vi kan fiske.
– Målet med forvaltninga er å bevare og byggje opp att bestandane av laks, sjøaure og sjørøye, slik at vi sikrar mangfaldet innan artane og kan utnytte eit eventuelt overskot, seier Ellen Hambro.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
41 millioner til vannmiljøtiltak over hele landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekter over hele landet har til sammen fått 41 millioner kroner for å gjøre livet bedre for fisk og annet liv i elver, innsjøer og kystvann.
41 millionar til vassmiljøtiltak over heile landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekt over heile landet har til saman fått 41 millionar kroner for å gjere livet betre for fisk og anna liv i elvar, innsjøar og kystvatn.
Tekstilbransjen kan få strengere krav som øker ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusenter må ta ansvar for produktene sine – også når de havner i søpla. Miljødirektoratet foreslår nye krav for en mer bærekraftig bransje.
Tekstilbransjen kan få strengare krav som aukar ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusentar må ta ansvar for produkta sine – også når dei hamnar i søpla. Miljødirektoratet føreslår nye krav for ein meir berekraftig bransje.
Ny rapport: Slik kan klimaet i Norge bli framover27.10.2025 11:00:46 CET | Pressemelding
Norge står foran store klimaendringer. Klima i Norge-rapporten gir et oppdatert kunnskapsgrunnlag for å tilpasse samfunnet til et endret klima.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom