Fire togsett klare for Ukraina
To år har gått sidan Russlands fullskala invasjon av Ukraina. Som ein del av Noregs bidrag for å halde økonomien og livet i gang i Ukraina, er no fire togsett som Ukraina har bede om, klare for å bli transporterte til det krigsråka landet. Dette er dei første persontoga som er blitt donerte til Ukraina via EUs ordning for sivil beredskap.

På grunn av Russlands fullskalainvasjon er Ukrainas luftrom stengt for sivil luftfart, transportinfrastrukturen er utsett for luftangrep og sjøtransport via Svartehavet er redusert.
– Krigen skaper sjølvsagt utfordringar både med å transportere personar og varer i Ukraina. Samtidig fraktar tog dagleg menneske på flukt ut frå krigsramma lokalsamfunn til sikkerheit andre stader i landet. Moglegheita for transport er avgjerande i ein krigssituasjon, både for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar og for å knyte eit framtidig fritt Ukraina til Europa, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
– Den ukrainske motstandsdyktigheita er imponerande, men blir dagleg sett på prøve. Dei russiske angrepa på sivil infrastruktur rammar befolkninga hardt. Norsk materiellbistand utgjer eit viktig supplement til den humanitære bistanden til Ukraina. Ukrainarane set stor pris på dei norske bidraga – både dei store humanitære og sivile midla til den ukrainske befolkninga, og enkeltbidrag som toga frå Norske tog, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Eit lite, men viktig bidrag – og den første togdonasjonen frå EU-systemet
Etter førespurnad frå ukrainske styresmakter tok Norske tog AS, i samarbeid med Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) og Utanriksdepartementet, initiativ til å donere togsett til Ukraina som ikkje er i bruk i Noreg.
– Vi har tidlegare donert ti vegbruer. Ukrainske styresmakter har meldt inn behov om fire persontog av togtypen som Norske tog kunne tilby. No er desse fire toga sette i god stand, og er klargjorde for å bli donerte. Dette er eit lite, men likevel viktig bidrag, og faktisk den første togdonasjonen via EU-systemet til Ukraina, seier samferdselsminister Nygård.
Togsetta som Norske tog donerer, har tidlegare køyrd på jernbanestrekningar i Trøndelag. Desse toga – av «togtype 92» – har blitt erstatta av nytt, moderne materiell. Donasjonen får derfor ingen konsekvensar for togtilbodet i Noreg.
– For at Ukraina skal få eit best mogleg utbyte av donasjonen, er riktig bruk og godt vedlikehald viktig. Lokførarar og vedlikehaldspersonell frå Ukraina får derfor opplæring på førehand her i Noreg av togoperatøren SJ Norge og togvedlikehaldsselskapet Mantena, seier samferdselsminister Nygård.
Store ukrainske behov
Å halde dagleglivet bokstaveleg talt på skjener, er ein viktig del av den norske støtta til Ukraina. Med støtte til FN, Røde Kors-rørsla og norske humanitære organisasjonar har millionar av ukrainarar fått livreddande nødhjelp. Samtidig har omfattande norsk støtte til Verdsbanken bidratt til å halde statshjula i gang – til utdanning, helse og reparasjon av kritisk infrastruktur og tidleg gjenoppbygging.
Noreg gir omfattande sivil og humanitær støtte til Ukraina som følge av Russlands brutale angrepskrig. Saman med 35 land har Norge bidratt til å donere over 100 000 tonn med materiell til Ukraina gjennom EUs ordning for sivil beredskap, UCPM. I tråd med prioriteringar i Nansen-programmet vil Noreg halde fram med å yte materiell og medisinsk bistand ut frå ukrainske behov.
Fleire bilete til bruk finst her:
Donasjon av fire tog til Ukraina | Flickr
For fleire opplysningar – sjå:
- Pressemelding av 30. mars 2023 frå Samferdselsdepartementet: Samferdselsminister Nygård i Polen for å diskutere gjennoppbygging av transportsystemet i Ukraina: Norge donerer tog
- Fakta om togtype 92 på nettsida til Norske tog: https://www.norsketog.no/tog/type92
- Pressemelding av 13. desember 2022 frå Samferdselsdepartementet og Utenriksdepartementet: Norge sender bruer til Ukraina
Les meir om norsk støtte til Ukraina her: Norsk støtte til Ukraina og nabolandene - regjeringen.no og på norad.no
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Samferdselsministeren klipte snor for ny E39 mellom Betna og Hestnes25.6.2025 13:42:11 CEST | Pressemelding
Onsdag 25. juni vart parsellen mellom Betna og Hestnes på E39 i Sør-Trøndelag opna av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Regjeringa vil starte arbeidet med riksvei 70 Fale bru25.6.2025 12:05:54 CEST | Pressemelding
Nå starter arbeidet med ny Fale bru på riksvei 70 i Møre og Romsdal. Prosjektet ble trukket fram som aktuelt for oppstart i 2025 i statsbudsjettet for 2025.
Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding
Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.
Ny finansieringsordning for Norske tog er på plass24.6.2025 09:01:08 CEST | Pressemelding
Gjennom behandlingen av revidert nasjonalbudsjett for 2025, sluttet Stortinget seg til regjeringens plan om å legge om finansieringsmodellen til Norske tog, fra at selskapet tar opp lån i det private lånemarkedet til at staten skal tilby slik lånefinansiering.
Klart for fase 2 av Bypakke Grenland i Telemark: – Det gode arbeidet for enklare og grønare reisekvardag held fram20.6.2025 11:58:13 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet la i dag, 20. juni 2025, fram forslag om delvis bompengefinansiering av Bypakke Grenland fase 2.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom