Fann ikkje hamnespy i Oslofjorden
Den skadelege framandarten hamnespy ser førebels ikkje ut til å ha bevega seg frå Koster i Sverige til Oslofjorden, viser nye dykkeundersøkingar.
– Frykta for å få hamnespy inn i Oslofjorden er reell. Oslofjorden er saman med Vestlandet det området i Noreg med størst skipstrafikk frå utanlandske hamner, i tillegg til mange fritidsbåtar. Vi er derfor glade for at hamnespy førebels ikkje er funne i fjorden, seier fungerande direktør i Miljødirektoratet, Torfinn Sørensen.
Dykket i Ytre Hvaler og Fredrikstad
Med økonomisk støtte frå mellom anna Miljødirektoratet driv Oslofjordens friluftsråd prosjektet «Sjå opp for hamnespy i Oslofjorden». Ved hjelp av lokale dykkeklubbar har prosjektet gjort søk etter hamnespy i Ytre Hvaler og Fredrikstad, som er dei næraste områda til Koster.
– Ytre Hvaler og Fredrikstad vart undersøkt for hamnespy fordi det var størst sannsyn for at framandarten ville spreie seg dit først. Vi kan ikkje slå fast at hamnespy ikkje har komme til Oslofjorden, men undersøkingane gir god grunn til å tru det, seier Torfinn Sørensen.
Miljødirektoratet håpar å kunne setje i gang fleire undersøkingar av hamnar i Oslofjorden allereie i år, der både hamnespy og andre framande artar vil bli kartlagt.
Store konsekvensar
Hamnespy kjem opphavleg frå Japan, og spreier seg med skips- og båttrafikk, teiner og anna fiskeutstyr. Arten legg seg som store teppe på havbotnen, og fortrengjer alle andre artar. Dette kan få store konsekvensar for økologien og naturmangfaldet i norske havområde.
Sjølv om den største risikoen for spreiing av hamnespy er knytt til kommersiell skipstrafikk, kan også fritidsbåtar spreie framandarten. Tidlegare har ballastvatn på større skip bidrege til å spreie framande artar, men dette blir no regulert internasjonalt og har gitt positive resultat. Det går også føre seg arbeid for å sikre rutinar som skal gjere at framande artar ikkje spreier seg ved at dei fester seg på skroga på skip.
Råd til fritidsbåteigarar
Også eigarar av fritidsbåtar er viktige i kampen mot hamnespy. Miljødirektoratet har følgjande råd til fritidsbåteigarar:
- Før du set ut båten og anna utstyr blir det tilrådd å botnsmørje med grohemmende måling, for å hindre at hamnespy fester seg på båten.
- Hamnespy døyr når det tørkar ei veke i luft, når det ligg i ferskvatn i minst seks timar eller når det blir pakka inn i pvc-plast gjerne med eddiksyreløysing på innsida.
- Båtar og utstyr som har vore på land gjennom vinteren er derfor trygge å setje på sjøen.
- Båtar som har lege i hamna gjennom vinteren kan gjerne takast opp og blir spylte. Unngå at spylevatnet hamnar i sjøen.
- Viss du har fått hamnespy på båten, ta han opp på land, spyl og skrap bort hamnespyet, og legg det til lufttørking eller i ei bøtte eller eit kar med ferskvatn. Unngå at spylevatn hamnar i sjøen.
- Unngå å oppsøkje hamner der det er registrert funn av hamnespy, som til dømes Koster og ein del stader på Vestlandet.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Anlegg behandlar farleg avfall for dårleg7.11.2024 08:30:25 CET | Pressemelding
Ein landsomfattande tilsynsaksjon viser at mange anlegg som tek imot og behandlar farleg avfall, ikkje driv miljømessig forsvarleg.
Anlegg behandler farlig avfall for dårlig7.11.2024 08:28:52 CET | Pressemelding
En landsomfattende tilsynsaksjon viser at mange anlegg som tar imot og behandler farlig avfall, ikke driver miljømessig forsvarlig.
Mykje feil faremerking av kjemikaliar kjøpt på nett5.11.2024 09:11:55 CET | Pressemelding
65 prosent av kjemikaliane Miljødirektoratet handla i 23 nettbutikkar hadde feil og manglar ved faremerkinga på etikettane og emballasje.
Mye feil faremerking av kjemikalier kjøpt på nett5.11.2024 09:11:17 CET | Pressemelding
65 prosent av kjemikaliene Miljødirektoratet handlet i 23 nettbutikker hadde feil og mangler ved faremerkingen på etikettene og emballasje.
Ung spekkhogger døde med rekordhøye nivåer av miljøgift30.10.2024 08:35:15 CET | Pressemelding
Den tre år gamle spekkhoggeren Elida ble funnet død i Sognefjorden i 2021. Ny rapport viser at hun var full av 40 år gamle miljøgifter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom