Unngå fluor i skismørjing
Miljødirektoratet tilrår at skigåarar unngår bruk av skismørjing med fluor. Det beste er å levere fluorsmørjing som farleg avfall på avfallsmottak.

- Fluor gir ekstra god glid under skia, men stoffa blir brotne svært sakte ned i miljøet og kan forårsake helseskadar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Fluoren kjem som ei følgje av at det er tilsett perfluorerte stoff (PFAS-er) i skismørjinga. Undersøkingar viser at vi kan oppnå inntil fire prosent betre glid med fluorsmørjing samanlikna med alternativa. Men slike marginar har mest å seie for toppidrettsutøvarar, og sjølv dei går no med fluorfrie alternativ.
Glir rett inn i eit problem
Hovudproblemet med fluorstoffa er at dei blir svært brotne sakte ned i miljøet og vil vere der i titals år eller lenger. I miljøet kan dei ende i drikkevatn for menneske og dyr eller blir tekne opp i plantar som igjen blir etne. Stoffa kan forårsake leverskadar og fosterskadar, i tillegg til å påverke immunforsvaret og kolesterolnivå. Det er òg mistanke om at stoffa kan vere kreftframkallande.
Vel fluorfritt
Miljødirektoratet tilrår å unngå all bruk av skismørjing med fluor og at fluorsmørjing blir levert som farleg avfall på avfallsmottak.
- Du kan framleis ha god glid under skia og godt samvit i løypa! Noko av det viktigaste du kan sjå etter er merking som seier at smørjinga er utan fluor, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Skisporten legg om
Allereie i 2019 prøvde det internasjonale skiforbundet å innføre eit forbod mot fluorsmørjing i arrangementa sine. Forbodet har likevel late vente på seg på grunn av problem med utviklinga av ein metode som kan måle eventuell fluor under skia før start. No er problema løyste, og forbodet gjeld frå inneverande sesong.
Noreg var endå tidlegare ute då Noregs skiforbund innførte praksis om fluorfri smørjing for born og juniorar opptil 16 år allereie i 2018.
Noreg vil forby fluorstoff
Dagens reglar hindrar ikkje sal av skismørjing med fluor i butikkane. Eit forslag om eit generelt forbod mot fluorstoff (PFAS), mellom anna i skismørjing, er for tida under behandling i EU. Dette forslaget har vorte fremja gjennom EUs kjemikalieregelverk Reach, med Noreg, Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland i førarsetet. Noreg var òg det fyrste landet i verda som forbaud det perfluorerte stoffet PFOA.
Forslaget om forbod mot fluorstoff er forventa å vere ferdig behandla i det Europeiske kjemikaliebyrået Echa i løpet av 2026, og det vil deretter sendast til Europakommisjonen for endeleg vedtak.
I tillegg til skismørjing, vil forbodet omfatte mellom anna bruk av PFAS i tekstil, matemballasje, kosmetikk og ulike industrielle bruksområde. Forslaget er breitt og omfattande, og dette er for å verne helse og miljø. Det vil likevel vere unntak for visse spesifikke bruksområde der alternativ ikkje finst.
Lenker
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Nytt norsk forskerlag til FNs klimapanel18.9.2025 07:55:00 CEST | Pressemelding
FNs klimapanel (IPCC) får med seg tolv norske fageksperter når de skal i gang med neste runde med rapporter om klimaendringer og tiltak.
Nytt norsk forskarlag til FNs klimapanel18.9.2025 07:55:00 CEST | Pressemelding
FNs klimapanel (IPCC) får med seg tolv norske fagekspertar når dei skal i gang med neste runde med rapportar om klimaendringar og tiltak.
Musegift blir forbudt11.9.2025 09:06:57 CEST | Pressemelding
Musegift hoper seg opp i næringskjeden og skader både hunder og rovdyr. Miljødirektoratet forbyr nå private å bruke alle typer musegift.
Musegift blir forboden11.9.2025 09:06:57 CEST | Pressemelding
Musegift hopar seg opp i næringskjeda og skadar både hundar og rovdyr. Miljødirektoratet forbyr no private å bruke alle typar musegift.
Rekordhøy klimasats-støtte til hurtigbåter5.9.2025 16:31:37 CEST | Pressemelding
Vestland og Trøndelag fylkeskommune får til sammen 388 millioner kroner i støtte for å redusere utslipp fra hurtigbåter i rutetrafikk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom