Avinor

Trenden frå 2023 held fram i januar: Vekst utanlands og flat utvikling innanlands

Del

3,3 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i januar. Det er ein auke på 2 prosent frå januar i fjor.

Mikkel Moxness Avinor

- Året starta sterkt med ei god utvikling i talet på utanlandsreisande mot same månad i fjor, med ein vekst på heile 7 prosent. Talet på innanlandsreisande hadde ein nedgang på 1 prosent. Dette er eit framhald av trenden frå fjoråret der utanlandstrafikken dreiv utviklinga, medan innlandstrafikken flata ut.

Vintervêret i januar har prega innanlandstala med mange innstillingar. Fleire har truleg valt å utsetje planlagde reiser.

- Vi ser særleg ei auka interesse for enkelte delar av vinterproduktet som Noreg kan tilby. Vi ser særleg ein internasjonal etterspurnad til Tromsø lufthamn, der vi i januar opplevde ein passasjervekst på utanlandsrutene på heile 126 prosent målt mot fjoråret, fortel direktør for Trafikkutvikling i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

- For 2024 samla, står Avinor fast ved tidlegare kommuniserte prognosar, der vi ventar ein vekst innanlands på om lag 1,5 prosent og utanlands 5 prosent, avsluttar Riise.

 

Passasjertal 

1 997 280 passasjerar reiste innanlands i januar. Dette talet er 1 prosent lågare enn for same månad i fjor. Med 1 220 438 utanlandsreisande i januar, auka trafikken til og frå utlandet med 7 prosent samanlikna med januar i 2023.

 

Flyrørsler 

Avinor hadde 50 245 kommersielle flyrørsler i januar. Det er 5 prosent færre enn i januar i 2023. [RS1] [FF2] 

 

Droneflyging

I januar vart det meldt inn 929 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar.  –Dette er ein auke på 50 prosent samanlikna med januar 2023, seier Mats Gjertsen, som leiar droneprogrammet til Avinor.  –Sjølv med mykje vær og lange kuldeperiodar fortel desse tala om ein trend der droneflyging aukar.

 

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Om Avinor

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av elfly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye