Opna europaveg bygd under budsjett i Sunnfjord
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård opna i dag E39 Myrmel-Lunde. Vegen er bygd under styringsramma, og gir sikrare og raskare framkomst.

- Gratulerer med ny veg! Strekninga vi no opnar i dag er viktig, både som lokalveg og som del av hovudferdselsåra E39. Eg vil takke Statens vegvesen, AS Birkeland Entreprenørforretning og alle underentreprenørar, som har gjort dette mogleg. I tillegg er det gledelig at det blir levert under budsjett, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård frå scena.
Vegprosjektet med ein styringsramme på 681 millionar kronar vil ende opp 6 til 8 prosent under ramma, når restarbeidet er ferdig til sommaren.
Opningsseremonien føregjekk på Myrmel, sør for den nye Myrmeltunnelen, på strekninga mellom Førde i Sunnfjord og Sognefjorden. Til trompettonar frå distrikstmusikar Julia Gåsvær vart stemninga sett for ein fin seremoni, medan det lokale 4H-laget serverte kaffe og kaker til alle frammøtte.
Veldrive prosjekt
- På dette prosjektet har det vore svært godt samarbeid mellom Statens vegvesen og entreprenøren. Dette har også vore eit veldrive prosjekt, utan personskader eller fråvêrsskader på rundt 130.000 utførte arbeidstimar. De har all grunn til å vere stolte, sa direktør Ove Myrvåg i Vegdirektoratet på vegner av Vegdirektøren.
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik leia seremonien ute, og han var svært nøgd med å levere nok eit prosjekt som heldt seg innafor dei økonomiske rammene. Det høyrer med til historia at Vegvesenet sin prosjektorganisasjon i Jølster og Sunnfjord dei siste ti åra har gjennomført fire store prosjekt på E39 og riksveg 5.
- Samla sett har desse prosjekta vore levert ca 11 prosent under styringsrammene, seier prosjektleiar Ole Martin Lilleby i Statens vegvesen.
Samlar fylket
Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland var også svært glad for å ta del i vegopninga.
-Dette kortar inn avstandane i fylket, og er eit ledd i å gje betre verdiskaping. No håpar eg statsråden også vil vise god vilje til å bygge E39 Storehaugen-Førde i kommande NTP-framlegg, sa Askeland, og fekk sterk støtte frå neste talar, som var Sunnfjord-ordførar Jenny Følling:
-Vi må få E39-trafikken ut av Førde sentrum og bort frå dei berykta hårnålssvingane i Hallbrendslia, sa ho.
Fleire med
Anlegget er utført som ein totalentreprise. Hovudentreprenør Birkeland har hatt med seg FH-maskin som har utført arbeida ute i dagen. Norconsult har stått for prosjekteringa, der alt har vore modellbasert. Mesta Elektro har stått for elektroinstallasjon.
- For mange av oss i prosjektorganisasjonen var det første prosjekt heilt utan teikningar, men dette har gått heilt utmerka, mykje takka Norconsult, seier prosjektleiar Lilleby.
Lokal verdiskaping
Totalentreprenør Birkeland og så nær alle underentreprenørar har forankring i Vestland fylke. Det skapar også aktivitet heilt lokalt i Sunnfjord, både på den lokale kroa på Sande, hos lokale entreprenørar og driftige naboar som har tilbode sine tenester.
Nøkkeltal for prosjektet:
Styringsramme (P50): 681 mill (2024-kr)
Totalkostnad: Ligg an til 6-8% under styringsramme
Veglengde E39 inkl. tunnel: 3815 m.
- Private veger 450 m.
- Landbruksveg 1600 m.
- G/S-vei 500 m.
Tunnel inkl. portal: 946 m.
Anleggsstart: 30. august 2021
ÅDT: 3200
Fartsgrense: 80 km/t
Opna for trafikk: 22. januar 2024 (to veker før offisiell opning)
Entrepriseform: Totalentreprise
Entreprenør: AS Birkeland Entreprenørforretning
Utførte arbeidstimar: 130 621timer, tilsvarar ca. 70 årsverk
Gjennomført utan personskade og fråvêr.
Gamle E39 over Myrmel vert omklassifisert til kommunal veg. Vegvesenet utfører oppgradering av vegen før overlevering til Sunnfjord kommune.
Bilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Usikkert om E6 i Eidsvoll kan åpnes før helga13.2.2025 17:37:33 CET | Pressemelding
Arbeidet med å rydde og sikre E6 ved Morskogen i Eidsvoll tar mer tid enn forventet, og det er usikkert når vegen kan åpnes.
Rv. 9 i Bygland blir stengt ei veke til13.2.2025 16:14:42 CET | Pressemelding
Meir fjell må fjernast før det er trygt å opna rv. 9 ved Neset. Rv. 9 blir stengde fram til fredag 21. februar.
Stenger avkjøringen fra Varoddbrua til Søm13.2.2025 13:24:49 CET | Pressemelding
Avkjøringsrampen fra E18 Varoddbrua mot Søm blir stengt fra søndag 16. februar kl. 21 og i ca. fire uker fremover. Årsaken er fjellsikring.
Vinterferietips: Sjekk om det er glatt på veien før du kjører13.2.2025 11:28:00 CET | Pressemelding
– På vegvesen.no/trafikk kan du nå enkelt sjekke om det ventes glatt vei før du legger ut på veien. Det er lurt å være forberedt!
Arbeider med løsning for E6 Langnesberga i Trøndelag13.2.2025 08:52:03 CET | Pressemelding
Under stormen 17. januar 2025 ble deler av veiskråningen vasket ut på grunn av høy vannstand og store bølger. Det arbeides nå intensivt med løsning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom