Rett kantsikring reddar liv
Fall i samband med arbeid i høgda er ei av dei vanlegaste årsakene til skader og dødsfall på norske arbeidsplassar. Rett kantsikring i samband med for eksempel takarbeid, er livsviktig.
![Mann med hjelm og sikringssele arbeider i høgda](/data/images/public/14974413/18045643/008a0984-db43-44db-aba8-94c4e10dd614-w_720.jpg)
– Ofte opplever vi at stillas, med standardrekkverka sine, blir nytta som kantsikring opp mot tak, og då som einaste sikring. Det er ikkje haldbart, seier senioringeniør Rolf Engstrøm i Arbeidstilsynet.
Arbeidstilsynet har gått gjennom ei rekke brukarrettleiingar etter ei fallulykke der ein arbeidstakar døydde. Stillaset var ikkje trygt nok og mangla kantsikring. Gjennomgangen viste at mange brukarrettleiingar på oppsett av stillas manglar nødvendig informasjon for å vere trygge når det blir utført arbeid på tak.
– Alle stillas skal oppfylle nødvendige standardar for å vere trygge. Brukarrettleiingar skal gi tilstrekkeleg rettleiing for korrekt montering av stillaset, seier Engstrøm.
Ikkje alle brukarrettleiingar er gode nok
I tillegg viste gjennomgangen at det manglar informasjon og dokumentasjon frå firma som sertifiserer stillas. Særleg gjeld dette bruk av kantsikring ved arbeid på tak. Ein kantsikring vil hindre at arbeidstakarar fell ned. Det finst eigne standardar for sertifisering og godkjenning av stillas og produkt for kantsikring.
– Brukarrettleiingar skal gi tilstrekkeleg rettleiing for korrekt montering av stillaset. No vil vi at stillasentreprenørar, arbeidsgivarar, opplæringsverksemder og brukarar set seg grundig inn i avgrensingane og krava som gjeld for dei spesifikke stillastypane som blir brukte. Dette kan bidra til å sikre eit trygt arbeidsmiljø som er i samsvar med gjeldande standardar, seier Engstrøm.
Kompetanse på bestilling
Gjennomgangen vår viser at oppdragsgivar må bli betre på å spesifisere kravet til kantsikring allereie ved bestilling av stillas. Det er viktig å ha all dokumentasjon på plass før bruk.
– Også her er det rom for forbetringar, seier Engstrøm. Krav til dimensjonering, montering og bruk, kontroll, samt krav til kontrollrapport og skilting av stillas er beskrive i Forskrift om utførelse kapittel 17.
Endringar i 2016
Produktsertifisering for stigar, stillas og kantsikring erstatta typegodkjenning frå Arbeidstilsynet i 2016. Det er nedfelt i produsentforskrifta (§ 4-5). For at eit stillas skal kunne bli brukt som sikring mot arbeid på tak må det vere kantsikring på stillaset som tilfredsstiller krava i NS-EN 13374. Det vil hindre at arbeidstakarar fell ned frå taket. Det betyr at sertifiseringsorganet, som har gitt ut sertifikatet på det aktuelle produktet, skal ha testa og sjekka at stillaset tilfredsstiller krava i dei aktuelle standardane.
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt ArbeidstilsynetPressekontakt
Tel:40021788presse@arbeidstilsynet.noFølg pressemeldinger fra Arbeidstilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arbeidstilsynet
Syk i ferien?2.7.2024 07:43:44 CEST | Pressemelding
Sommerferien er et etterlengtet avbrekk for mange. Hva skjer om du er så uheldig å bli syk under ferien?
Ofte stilte spørsmål fra ungdom19.6.2024 07:00:00 CEST | Pressemelding
Sommeren er rett rundt hjørnet, og snart starter mange unge i sommerjobb. Nå får vi flere spørsmål fra ungdom om arbeidslivet og deres rettigheter som arbeidstaker.
Kan arbeidsgiver tilkalle meg på jobb når det er fint vær?18.6.2024 08:52:42 CEST | Pressemelding
Når været er godt og uteserveringene fylles opp, trenger mange arbeidsgivere arbeidskraft på kort varsel. Arbeidstilsynet får mange spørsmål om lovligheten ved såkalte «solvakter».
Finn oppdaterte maler for arbeidsavtaler14.6.2024 08:48:46 CEST | Pressemelding
1. juli kommer det nye krav til hvilke opplysninger arbeidsavtaler skal inneholde. På Arbeidstilsynets nettside finner du oppdaterte maler klare til bruk.
Fem råd til deg som skal ut i sommerjobb7.6.2024 13:05:40 CEST | Pressemelding
Har du fått deg sommerjobb? Dette bør du huske på.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom