Andreas Rotevatn held fram på nye vegar, med autotune-trombone, Michael Jackson og Håvamål - ny singel ute no!
2.2.2024 08:45:00 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding
På "Mamma & Pappa" syng Rotevatn på si eiga nordfjord-dialekt, over eit deileg drivande komp med synth og trombone.

Kva skjer når ein kombinerar ei akkordrekke som kan minne om Human nature av Michael Jackson, rytmikk som kan sende tankane til noko ei Grandmaster Flash-trommemaskin kunne spelt ein gong i 1982, trombone med autotune og ein tekst som siterer Håvamål? - Ein heilt naturleg kombinasjon, i følge Rotevatn. Hans nyaste låt "Mamma & Pappa" er ute i dag. Andreas fortell:
- Dette er nok ein av låtane eg er mest nøgd med frå plata, då den dukka opp so naturleg - heilt frå akkordar og sound, via melodi, til teksten. Låta starta som ein improvisasjon på trombone tidleg ein morgon i studioet mitt. Med ein effektpedal som gjer at trombona kan spele akkordar (Boss harmonist), lagde eg grunnlaget for musikken. Umiddelbart kjende eg at der var ei særskild stemning i dei akkordane, og so improviserte eg fram ein melodi på trombona.
Sangen handlar om familierelasjonar, eit kjend og utfordrande tema for mange. Han held fram:
- Tekstleg er slekters gang hovudtema. Kanskje kan teksta lesast som ei formaning frå ein forelder til ein etterkomar, eller kanskje som eit barn sine tankar om vegen ein går som etterkomar. Teksta kom strøymande på, og det var ingen plan eller idé om kva temaet skulle vere. Men eg prøvde å forsterke kontrasta mellom den intime og innovervendte a-delen ´Mamma, som eg strevar´, og den meir rytmisk ivrige og framoverlente ´pappa´-delen.
Artisten Andreas Rotevatn (f.1989) er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid på Vestlandet. Sidan 2013 har han vore busett i Oslo. Han har ein bachelor i jazztrombone frå Griegakademiet og ein master i utøvande musikkteknologi frå Norges Musikkhøgskole.
Rotevatn kunne potensielt hatt ei noko elitistisk tilnærming til musikkverda - han er både spellemannsnominert komponist for albumet alea iacta est med jazzorkesteret OJKOS, og vinnar av Jazzprisen i 2023 for det følgande albumet Mensa Rotunda. I tillegg har han for tida det prestisjetunge arbeidsstipendet frå Kulturdirektoratet. Men jamsides suksess i den smalare delen av norsk musikkliv, har Rotevatn òg arbeidd i det meir tilgjengelege formatet - anten på turné som trombonist med Cezinando, Fieh, Razika og Jaga Jazzist, eller på plate med mellom anna Gabrielle, Highasakite, Jonas Alaska og Big Bang.
Rotevatn slepp sitt solo-album "Av daude gror" våren 2024.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Å. HeenLabel Manager - A&R - Promotion
Tel:970 26 728cathrine@grappa.noDionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder


Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Yngvil slipper bittersøt sommerlåt om sjalusi i vennskap - "Gråter (over det som er over)" ute nå12.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
"Gråter (over det som er over)" er en fengende, bittersøt visepop-låt om vennskap i oppløsning, og frustrasjonen som oppstår når avstanden mellom to mennesker blir større og større. Låta er ute på! Lytt her.
Andreas Rotevatn, Side Brok og Mari Kvien Brunvoll slår seg saman på den energiske og leikne "Mellom saltvatn og sola"12.6.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
På tittelsporet til den komande plata til Andreas Rotevatn får du høyre ei uforskamma energisk og leiken låt, som er på grensa til irriterande catchy og indignérande eklektisk. Men ein stad i midten av alt som skjer her, finn du ei låt som rett og slett berre nektar å la dansefoten stå i ro. Med både Side Brok og Mari Kvien Brunvoll med på laget, får lyttaren servert ei låt med ein unik smak av vestlandsk groove. "Mellom saltvatn og sola" feat. Side Brok og Mari Kvien Brunvoll er ute no. Lytt her!
Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble slipper Spring Flood - Et album om bevegelse, minner og kollektiv skapelse12.6.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Med Spring Flood presenterer Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble et nytt, kollektivt verk der improvisasjon, poesi og sterke billedlige stemninger smelter sammen i et levende og organisk uttrykk.
Mariam Wallentin & West Norwegian Jazz Ensemble Release Spring Flood, Exploring Movement, Memory and Collective Creation12.6.2026 08:45:00 CEST | Press release
With Spring Flood, Mariam Wallentin and Vestnorsk Jazzensemble present a new collective work in which improvisation, poetry, and vivid imagery merge into a living, organic expression.
Moddi & Kajsa Balto åpner dørene for hverandre: «House by the Sea» nå ute på nordsamisk5.6.2026 09:38:28 CEST | Pressemelding
«Mearariikkas (House by the Sea)» en duett som krysser språk, landskap og kulturer
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom