Amedia

Amedia tek over Hordaland, Vaksdalposten og Hordaland Trykk og Distribusjon

Del

Amedia tek over avisa Hordaland på Voss. Kjøpet gjeld i tillegg Vaksdalposten og Hordaland Trykk og Distribusjon.  – Dette understrekar hovudføremålet vårt som utgjevar: Å utvikla lokalavisjournalistikken og sikra mediemangfaldet i heile landet, seier regiondirektør Svein Atle Huus i Amedia.

Bildetekst:Styreleiar Ida T. Sætersdal og Amedias regiondirektør Svein Atle Huus er begge nøgde med tingingane som førde til at Amedia no tek over avisene Hordaland og Vaksdalposten og Hordaland Trykk og Distribusjon. (Foto: Terje Hjartnes / Hordaland)
Bildetekst:Styreleiar Ida T. Sætersdal og Amedias regiondirektør Svein Atle Huus er begge nøgde med tingingane som førde til at Amedia no tek over avisene Hordaland og Vaksdalposten og Hordaland Trykk og Distribusjon. (Foto: Terje Hjartnes / Hordaland)

– Avisa Hordaland er ei tradisjonsrik avis med eit godt fotfeste i dekningsområdet sitt. Det same gjeld Vaksdalposten. Begge har vore partnaraviser i Amedia sidan 2021 og er ein del av +Alt-nettverket. Dermed er vi allereie godt kjende med dei. Og dei er godt integrerte i Amedia sin driftsmodell og tek mellom anna del i samarbeidet vårt med stoffutveksling mellom avisene. No gler vi oss til å jobba endå tettare med dei og dei dyktige medarbeidarane der, seier Huus.

– Det er ei krevjande tid for mediebransjen, og det er vanskeleg å stå åleine som ansvarleg eigar i ei tid der teknologien er i rivande utvikling og brukarvanane endrar seg raskt. Eg er trygg på at dette salet vil gje både avisene og trykkeriet eit solid og godt grunnlag for vidare utvikling, seier styreleiar Ida T. Sætersdal. 

– At valet fall på Amedia var naturleg, sidan verksemda har hatt samarbeidsavtalar med Amedia dei siste åra. Når eigarane har valt å trekkja seg ut etter eit 140 år langt eigarskap, så var det viktig for dei å finna ein kjøpar som kan bera tradisjonen vidare på ein god og trygg måte, seier ho. 

Eigarane er nøgde med at Amedia overtek verksemda. 

– Gjennom fire generasjonar har det vore viktig for oss som etterkommarar av Lorentz Nybø å vidareføra verdigrunnlaget frå oppstarten i 1883. Familien har i alle år vore aktivt med i drift og styre. Dette gjeld også for Vaksdalposten etter at avisa vart kjøpt i 2011. Det har vore ei glede å bidra til det viktige samfunnsoppdraget som lokalavisa har, og me er trygge på at Amedia kan vidareføra den stolte avistradisjonen på ein framtidsretta måte, seier eigar og nestleiar i konsernstyret, Knut Bergo, på vegner av eigarane.

I 2022 la Amedia ned trykkeriet sitt i Førde og flytta oppdraga til Hordaland Trykk og Distribusjon på Voss, som samstundes etablerte eit modernisert trykkeri på Istad, like utanfor Voss sentrum. Det har vore eit godt samarbeid med trykkeriet i denne perioden, og no vil det bli tettare integrert med Amedia si øvrige trykkjeverksemd i landet.

– Eg ser fram til å jobba endå tettare med leiinga og dei tilsette ved trykkeriet, og dette kan bli strategisk viktig for oss med tanke på sentral plassering på Vestlandet. Dei er allereie kopla opp mot dei fleste av systema våre, så det blir ein mjuk overgang. Mitt inntrykk så langt er at dette er ein veldig kompetent gjeng med stå-på-vilje, noko som er naudsynt i vår bransje, seier administrerande direktør i Amedia Trykk AS, Morten Kringler.

Hordaland og Vaksdalposten skal halda fram sitt gode arbeid med å levera nyhende og annan viktig informasjon til lesarane sine. Sidan avisene allereie er på Amedia sine plattformer, vil abonnentane og brukarane ikkje verta påverka av salet. Vilkår, leveransar og påloggingar vert som før, men målet for Amedia er at avisene skal levera endå betre journalistikk i framtida. 

FAKTA 

Hordaland

Vossebladet, grunnlagt 19.desember 1883. Endra namn til Hordaland 1893.

Frå 1898 eigd av Olaus Alvestad og Lorentz Nybø. 

Dekkjer Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal og Modalen

Blir oppdatert fortløpande på nett. Papiravis tysdag, torsdag og laurdag

Ansvarleg redaktør/dagleg leiar: Ingvil Aaen Torpe

Opplag: 7800

17 tilsette

Vaksdalposten

Etablert 1987, kjøpt av Hordaland i 2011

Dekkjer Vaksdal og Modalen

Blir oppdatert fortløpande på nett. Papiravis kvar torsdag

Ansvarleg redaktør/dagleg leiar: Esben Hesjedal

Opplag 2150

4 tilsette

Hordaland Trykk og Distribusjon

Trykkeri med historie attende til 1886. 

Skilt ut av Hordaland Bladdrift AS i 2017. Nytt trykkeri bygd i 2022.

Trykkjer avisene Hordaland, Vaksdalposten, Firda, Sogn Avis, Firda Tidende, Nordhordland, Firdaposten, Karmel, Ytre Sogn, Samningen, Kvinnheringen og Hardanger Folkeblad

Dagleg leiar: Svein Henning Soldal

5 tilsette



Kontakter

Ida T. SætersdalStyreleiar i avisa Hordaland, Vaksdalposten og HTD

Tel:915 37 594

Svein Atle HuusRegiondirektør i Amedia

Tel:951 98 504

Om Amedia

Amedia er landets største utgiver av lokale medier. Daglig når konsernets medier to millioner lesere.

Amedias redaksjonelle medarbeidere er hver dag til stede i lokalsamfunn over hele landet for å rapportere om det som skjer. Samtidig bidrar våre selgere til å skape lokale markedsplasser gjennom å koble lokale næringsdrivende med kunder. Sammen dekker disse funksjonene vårt samfunnsoppdrag i alle lokalesamfunn hvor Amedia er til stede. Verdiene som ligger til grunn for Amedias tolking av samfunnsoppdraget finner man i vår forretningsidé og vår utgivererklæring.

kommunikasjon@amedia.no

Følg pressemeldinger fra Amedia

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Amedia på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Amedia

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye