Amedia tek over Hordaland, Vaksdalposten og Hordaland Trykk og Distribusjon
15.2.2024 10:22:20 CET | Amedia | Pressemelding
Amedia tek over avisa Hordaland på Voss. Kjøpet gjeld i tillegg Vaksdalposten og Hordaland Trykk og Distribusjon. – Dette understrekar hovudføremålet vårt som utgjevar: Å utvikla lokalavisjournalistikken og sikra mediemangfaldet i heile landet, seier regiondirektør Svein Atle Huus i Amedia.

– Avisa Hordaland er ei tradisjonsrik avis med eit godt fotfeste i dekningsområdet sitt. Det same gjeld Vaksdalposten. Begge har vore partnaraviser i Amedia sidan 2021 og er ein del av +Alt-nettverket. Dermed er vi allereie godt kjende med dei. Og dei er godt integrerte i Amedia sin driftsmodell og tek mellom anna del i samarbeidet vårt med stoffutveksling mellom avisene. No gler vi oss til å jobba endå tettare med dei og dei dyktige medarbeidarane der, seier Huus.
– Det er ei krevjande tid for mediebransjen, og det er vanskeleg å stå åleine som ansvarleg eigar i ei tid der teknologien er i rivande utvikling og brukarvanane endrar seg raskt. Eg er trygg på at dette salet vil gje både avisene og trykkeriet eit solid og godt grunnlag for vidare utvikling, seier styreleiar Ida T. Sætersdal.
– At valet fall på Amedia var naturleg, sidan verksemda har hatt samarbeidsavtalar med Amedia dei siste åra. Når eigarane har valt å trekkja seg ut etter eit 140 år langt eigarskap, så var det viktig for dei å finna ein kjøpar som kan bera tradisjonen vidare på ein god og trygg måte, seier ho.
Eigarane er nøgde med at Amedia overtek verksemda.
– Gjennom fire generasjonar har det vore viktig for oss som etterkommarar av Lorentz Nybø å vidareføra verdigrunnlaget frå oppstarten i 1883. Familien har i alle år vore aktivt med i drift og styre. Dette gjeld også for Vaksdalposten etter at avisa vart kjøpt i 2011. Det har vore ei glede å bidra til det viktige samfunnsoppdraget som lokalavisa har, og me er trygge på at Amedia kan vidareføra den stolte avistradisjonen på ein framtidsretta måte, seier eigar og nestleiar i konsernstyret, Knut Bergo, på vegner av eigarane.
I 2022 la Amedia ned trykkeriet sitt i Førde og flytta oppdraga til Hordaland Trykk og Distribusjon på Voss, som samstundes etablerte eit modernisert trykkeri på Istad, like utanfor Voss sentrum. Det har vore eit godt samarbeid med trykkeriet i denne perioden, og no vil det bli tettare integrert med Amedia si øvrige trykkjeverksemd i landet.
– Eg ser fram til å jobba endå tettare med leiinga og dei tilsette ved trykkeriet, og dette kan bli strategisk viktig for oss med tanke på sentral plassering på Vestlandet. Dei er allereie kopla opp mot dei fleste av systema våre, så det blir ein mjuk overgang. Mitt inntrykk så langt er at dette er ein veldig kompetent gjeng med stå-på-vilje, noko som er naudsynt i vår bransje, seier administrerande direktør i Amedia Trykk AS, Morten Kringler.
Hordaland og Vaksdalposten skal halda fram sitt gode arbeid med å levera nyhende og annan viktig informasjon til lesarane sine. Sidan avisene allereie er på Amedia sine plattformer, vil abonnentane og brukarane ikkje verta påverka av salet. Vilkår, leveransar og påloggingar vert som før, men målet for Amedia er at avisene skal levera endå betre journalistikk i framtida.
FAKTA
Hordaland
Vossebladet, grunnlagt 19.desember 1883. Endra namn til Hordaland 1893.
Frå 1898 eigd av Olaus Alvestad og Lorentz Nybø.
Dekkjer Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal og Modalen
Blir oppdatert fortløpande på nett. Papiravis tysdag, torsdag og laurdag
Ansvarleg redaktør/dagleg leiar: Ingvil Aaen Torpe
Opplag: 7800
17 tilsette
Vaksdalposten
Etablert 1987, kjøpt av Hordaland i 2011
Dekkjer Vaksdal og Modalen
Blir oppdatert fortløpande på nett. Papiravis kvar torsdag
Ansvarleg redaktør/dagleg leiar: Esben Hesjedal
Opplag 2150
4 tilsette
Hordaland Trykk og Distribusjon
Trykkeri med historie attende til 1886.
Skilt ut av Hordaland Bladdrift AS i 2017. Nytt trykkeri bygd i 2022.
Trykkjer avisene Hordaland, Vaksdalposten, Firda, Sogn Avis, Firda Tidende, Nordhordland, Firdaposten, Karmel, Ytre Sogn, Samningen, Kvinnheringen og Hardanger Folkeblad
Dagleg leiar: Svein Henning Soldal
5 tilsette
Kontakter
Ida T. SætersdalStyreleiar i avisa Hordaland, Vaksdalposten og HTD
Tel:915 37 594Svein Atle HuusRegiondirektør i Amedia
Tel:951 98 504Om Amedia
Amedia er landets største utgiver av lokale medier. Daglig når konsernets medier to millioner lesere.
Amedias redaksjonelle medarbeidere er hver dag til stede i lokalsamfunn over hele landet for å rapportere om det som skjer. Samtidig bidrar våre selgere til å skape lokale markedsplasser gjennom å koble lokale næringsdrivende med kunder. Sammen dekker disse funksjonene vårt samfunnsoppdrag i alle lokalesamfunn hvor Amedia er til stede. Verdiene som ligger til grunn for Amedias tolking av samfunnsoppdraget finner man i vår forretningsidé og vår utgivererklæring.
kommunikasjon@amedia.no
Følg pressemeldinger fra Amedia
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Amedia på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Amedia
Amedia presenterer årsresultatet for 20259.6.2026 09:08:11 CEST | Presseinvitasjon
Mandag 15. juni klokka 12.00 presenterer Amedia sitt årsresultat for 2025. Sted: Tollgaarden, Schweigaards gate 15, Oslo
JFM ansetter CCO med fortid i Amedia og Schibsted1.6.2026 14:36:37 CEST | Pressemelding
Til redaksjonen: Denne pressemeldingen sendes ut på vegne vår danske alliansepartner JFM Det danske mediekonsernet JFM har ansatt Christian Thu som ny Chief Commercial Officer (CCO). Han har solid erfaring fra den norske mediebransjen – blant annet fra Amedia, hvor han de siste ni årene har hatt en rekke ledende kommersielle roller, senest som direktør for nasjonalt salg.
Torgeir Lorentzen går fra Gjengangeren til Amedia28.5.2026 11:01:59 CEST | Pressemelding
Ansvarlig redaktør og daglig leder Torgeir Lorentzen i hortensavisa Gjengangeren varsler avgang. Nå blir han rådgiver i Amedia i Oslo.
Cato Husabø Fossen gjer comeback i pressa: Blir sjefredaktør i Sogn Avis24.4.2026 08:29:20 CEST | Pressemelding
Cato Husabø Fossen (33) er tilsett som sjefredaktør og dagleg leiar i Sogn Avis. Etter fem år som Erna Solbergs pressesjef returnerer han til journalistikken.
Jeanette Brubakken fast ansatt i Kragerø Blad Vestmar17.4.2026 12:08:06 CEST | Pressemelding
Jeanette Brubakken (33) er fast ansatt som ansvarlig redaktør og daglig leder i avisa Kragerø Blad Vestmar. Hun har vært konstituert i stillingen siden august 2024, og tiltrer nå permanent.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom