UiT på Arctic Frontiers: Geopolitikk, arktisk samarbeid, global helse og framtidas polhav
På ein av dei viktigaste konferansane i nordområda deltar UiT med både fagleg spisskompetanse og brede innspel til samfunnets største utfordingar.

Kvart år samlast det internasjonale A-laget innan politikk, næring og forsking på Tromsø-konferansen Arctic Frontiers. Opp mot 40 forskarar frå UiT skal spreie kunnskap og diskutere med fagfellar innafor mange tema; karbonsyklus i smeltande isbrear, nordområdepolitikk, smarte byar, krigshistorie og framtidas polhav, for å nemne nokre få. Universitetsleiinga skal diskutere arktisk utdanning og forsking, klima, og global helse og tryggleik med ministrar, senatorar og andre sentrale samfunnsaktørar.
Både konferansen og UiT er i Noregs viktigaste strategiske satsingsområde, og UiT er sentral i diskusjonane i Arctic Frontiers-veka. Vi er med på å stake ut ny kurs på fleire essensielle område, og vi leverer fakta, premiss og forsking som ligg til grunn for politikk og samfunnsutvikling.

Våre forskarar og leiarar snakkar gjerne med pressa, anten det gjeld konkrete punkt i programmet på Arctic Frontiers eller andre relevante problemstillingar for landsdelen, landet, Arktis eller verda.
Framheva sesjonar og arrangement:
Mohnprisen og Mohnseminaret: Prisvinnar Oran Young, ein av verdas absolutte toppforskarar på politikk og samarbeid i Arktis, får overrekt prisen frå statsminister Støre.
Tidspunkt: 31.01 kl. 08:30 som ein del av panelsamtalen Rethinking Arctic Development & Mohn Prize.
Young skal delta på fleire debattar og arrangement, men vi vil framheve Mohnseminaret 01.02. kl. 09:30-13:00 på UiT sitt hovudcampus i Tromsø (ikkje på konferansehotellet), kor eit internasjonalt lag snakkar om framtida, politikken og forskinga i Arktis.

Framtidas polhav: Denne nasjonale gigantsatsinga er tema under sidearrangementet The Future Arctic Ocean and GoNorth initiatives 31.01 kl. 18:00-19:30. 17 nasjonale institusjonar jobbar for å realisere Noregs største forskingsprosjekt nokon sinne. Dekan Jørgen Berge frå UiT er leiar for prosjektet.
UiT-frukost med utanriksminister Espen Barth Eide: Utanriksministaren stiller til sofasamtale med statsvitar Øystein Solvang om nordområda generelt, og potensialet for samarbeid nord i Norden spesielt. UiT i Breivika (ikkje på konferansehotellet) 30.01 kl. 11:00–12:00.
Den europeiske helsealliansen EUGLOH, kor UiT nyleg tok over leiinga, samlast i Tromsø med arktisk helse som tema. UiT ligg i front på helseforsking, spesielt dei områda som er unike for nordlege strøk. Sideevent 29.01 kl. 09:00–10:30: EUGLOH: Solutions for One Health Issues in Europe and the Arctic.
Alliansen Arctic Five er møteplassen for fem nordlegaste universiteta i Norden. På det opne møtet Arctic Five Extended 10.01 kl. 15:30–18:30 på Full Steam (ikkje på konferansehotellet) diskuterer vi, saman med inviterte gjestar, tryggleik, det geopolitiske senteret som kjem på UiT, energi og grøn industri, og universiteta si rolle. Statssekretær Maria Varteressian innleiar.

Nøkkelord
Kontakter
Dag Rune OlsenRektorUiT Norges arktiske universitet
Tel:930 85 881dag.r.olsen@uit.noJan-Gunnar WintherProrektor for forsking og utviklingUiT Noregs arktiske universitet
Tel:90784874jan-gunnar.winther@uit.noKathrine TveiteråsProrektor utdanningUiT Norges arktiske universitet
Tel:93258136kathrine.tveiteras@uit.noKjetil RydlandKommunikasjonsrådgiverUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noFølg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Arctic Six Extended: Forum on Arctic Security24.4.2025 12:37:37 CEST | Presseinvitasjon
Hvordan kan Nord-Norge håndtere de komplekse utfordringene som følger med klimaendringer og geopolitiske spenninger? UiT inviterer pressen til å møte ledende forskere, politikere og aktører fra teknologisektoren, næringslivet og Forsvaret.
Pressemøte om bord på Statsraad Lehmkuhl i Tromsø11.4.2025 12:36:59 CEST | Presseinvitasjon
Sammen med Stiftelen Statsraad Lehmkuhl og European Space Agency inviterer UiT Norges arktiske universitet til pressemøte om One Ocean Expedition og den kommende seilasen gjennom Nordvestpassasjen, 22. april klokka 10.
Snart Årsfest ved UiT28.3.2025 10:50:27 CET | Pressemelding
Det nærmer seg UiT Norges arktiske universitets bursdagsfeiring, med prisutdelinger og markering av akademiske bragder. Dette og mer kan oppleves ved UiTs fire største studiesteder i uke 14.
Helseundersøkelsene med trippelfrieri: - Bli med og gjør en forskjell!21.3.2025 12:46:39 CET | Pressemelding
Aldri før har det blitt gjennomført en så omfattende kartlegging av helsa til tromsværingen. Hele tre helseundersøkelser i Troms bidrar til en bedre forståelse av folkehelsa i regionen.
UiT-rektorens hilsen på kvenfolkets dag16.3.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
Rektor Dag Rune Olsen holder følgende hilsen på kvenfolkets dag 16. mars 2025. Media kan publisere den etter eget ønske etter klokka 12.00 søndag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom