E39 Vågsbotn – Klauvaneset: Førebur oppstart av reguleringsplan
24.1.2024 14:03:54 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Som førebuing til oppstart av reguleringsplan ønsker Statens vegvesen gjere grunnundersøkingar langs traseen i vår.

Kommunedelplan for ny E39 mellom Vågsbotn og Klauvaneset vart vedtatt av Bergen kommune 22.juni 2022, og viser at E39 skal gå i ny tunnel på ca. 5,3 km mellom Vågsbotn og Klauvaneset. Vidare må kryssa ved Klauvaneset og i Vågsbotn byggast om. Det skal i tillegg leggast til rette for syklistar langs eksisterande E39, då den nye tunnelen berre vert open for bilistar.
Planlegg oppstart av reguleringsplanarbeidet i vår
Den eksakte plasseringa og utforminga av køyrevegar, gang- og sykkelvegar og påhogga til tunnelane vert fastlagt i reguleringsplanen. Etter planen skal Statens vegvesen varsle formell oppstart av reguleringsplan våren 2024.
Ber om løyve til å gjere undersøkingar
Vegvesenet planlegg å gjere noko førebuande arbeid denne vinteren og våren, for å få betre oversikt over grunntilhøva.
— Vi kontaktar no aktuelle grunneigarar om grunnundersøkingane, som går ut på å kartlegge lausmassar med omsyn på kor tjukke dei er, kva dei er samansett av, fjelloverflate og liknande. Undersøkingane omfattar kryssområda, område ved påhogg til tunnelane og eit område der det er kort avstand frå tunneltak og opp til fjelloverflata, fortel prosjektleiar Beate Eide Riisnæs i Statens vegvesen.
Om prosjektet
Statens vegvesen laga i 2016 ei utgreiing Ringveg øst og E39 nord i Åsane der ulike konsept for ny korridor for hovudvegsystemet ført utanom Bergen sentrum blei vurdert. Utgreiinga anbefalte eit konsept øst med ny vegkorridor via Arna.
Utgreiinga blei behandla i Bergen kommune, dåverande Hordaland fylkeskommune og alle kommunane i Nordhordland, der alle gjekk inn for Statens vegvesen si anbefaling om konsept aust. Dette konseptet vart lagt til grunn for arbeidet med kommunedelplanen.
I slutthandsaminga av kommunedelplanen gjorde Bergen bystyre den 22.juni 2022 (sak 180/22) vedtak om oppdeling av kommunedelplanen. Planvedtaket i bystyret omfattar alternativ «N1», lang tunnel mellom Vågsbotn (Birkeland) og Klauvaneset inklusiv kryssområdet i Vågsbotn.
Videre blei den sørlege delen av alternativ «S1a» som sikrar det framtidige prinsippet for nytt hovudvegkryss i Arna vedtatt. Resten av delstrekning S1a ble ikkje vedtatt.
Nøkkelord
Kontakter
Prosjektleiar Beate Eide Riisnæs tlf. 962 36 913
Planleggingsleiar Magna Fondenes Vangsnes tlf. 951 91 963
Prosjektdirektør Kjartan J. Hove tlf. 901 10 586
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E18/E39 i Kristiansand: Større omlegging av gang- og sykkeltrafikk samt kollektivtrafikk6.3.2026 14:20:02 CET | Pressemelding
20. mars 2026 blir det omlegging av gang- og sykkeltrafikk samt kollektivtrafikk i forbindelse med prosjektet E18/E39 Gartnerløkka – Kolsdalen.
E134 Etne: Vellykka sprenging ved Fjæra fredag6.3.2026 14:14:02 CET | Pressemelding
I dag gjorde Statens vegvesen ei vellukkra spreging av steinblokkar frå losneområdet ved Fjæra.
Ny løsning gir sanntidsdata om vind på utsatte bruer6.3.2026 14:06:57 CET | Pressemelding
Statens vegvesen lanserer nå en etterlengtet funksjon som lar trafikantene selv følge vindforholdene på utvalgte bruer – direkte og i sanntid på vegvesen.no/trafikk og i Vegvesen Trafikkappen.
Stor skredfare i Nord‑Norge – veier kan bli stengt på kort varsel6.3.2026 13:02:17 CET | Pressemelding
Det er stor snøskredfare i deler av Nord-Norge de kommende dagene. Veier kan bli stengt på kort varsel.
Undersøker stein fra Lerstadtunnelen5.3.2026 12:50:42 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har avdekket forhøyede nivåer av nikkel og krom i ca. 8000 kubikkmeter med stein fra Lerstadtunnelen. Massene er nå mellomlagret i Breivika, mens videre undersøkelser pågår.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom