Statens vegvesen

Ventar mykje snø og vind på Vestlandet. -Det skal bli verre ut over dagen.

Del

Det komande døgnet er det meldt om mykje snø og sterk vind på Vestlandet. Det kan gje svært utfordrande køyreforhold. Statens vegvesen oppfordrar om å late bilen stå om det ikkje er høgst nødvendig å køyra. 

Slik ser vêret ut på E39 på Fjøsangervegen no i formiddag.
Slik ser vêret ut på E39 på Fjøsangervegen no i formiddag. Statens vegvesen webkamera

Det snør allereie kraftig fleire stadar på Vestlandet. Ut over ettermiddagen skal situasjonen bli verre og vinden vil auka på ut over kvelden og natta. Bergen og nærliggande område er særleg utsett, der Meterologisk institutt melder orange farevarsel for mykje nedbør i form av snø.

 Om du må ut å køyra er oppfordringa:

-Rekn god tid, køyr etter tilhøva og ver ekstra merksam. Vert det stans, kan det fort bli kaldt. Det kan vera lurt å ta med ekstra klede i bilen, men hugs å ikkje ha tjukke klede under sikkerheitsbeltet, det reduserer tryggleiken din, seie Henny-Kristin Asperanden Navarsete frå Statens vegvesen.  

Følg med på vêr- og føreforhold og sjekk www.vegvesen.no/trafikk, som har oppdatert trafikkinformasjon til ei kvar tid.

Alt brøytemannskap er ute og jobbar for fullt, men med den store mengda snø som kjem, kan det vera utfordringar med å halda standarden og vegbana fri for snø alle plassar. Vis omsyn til dei som jobbar på vegane våre, dei vil ha deg trygt fram og ynskjer også sjølv å koma heim til sine etter endt arbeidsdag.

Det har vore mange meldingar ut til trafikantane om glatte vegar og oppmodingar om å late bilen stå den siste tida. Folk kan bli lei av slike meldingar. Me kan styra mykje, men veret har me ikkje kontroll på. Me håpar at folk forstår at det aller viktigaste for oss er å varsla om tilhøva slik at dei veit kva som kan møte dei på vegen. Om folk som ikkje treng ut med bilen let den stå, kan me kanskje unngå at det skjer ulukker no når føreforholda er som dei er.

Det er nokon som må fram uansett ver og føre, det gjeld både naudetatar, folk, næringstransport og andre viktige samfunnsfunksjonar. Difor er det viktig å syta for at vegane er framkommelege og opne.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Pressevakt Transport og samfunn

* Trafikksikkerhet og ulykkesstatistikk
* Trafikktall
* Fotobokser/fartskontroll
* Skilt
* Bompenger
* Trafikkstyring og beredskap
* Teknologi
* Klima og miljø
* Plansaker
* Nasjonale turistveger (Pressekontakt: 91104480)
* Norsk vegmuseum (Pressekontakt: 61285250)

Tel:953 00 727pressetos@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye