Direktoratet for byggkvalitet

Nye reglar for handtering av overvatn

Del

Eit våtare og villare vêr gjer at vi må tenkje annleis om korleis vi byggjer. Nytt regelverk gjeld frå 1. januar 2024.  

Bilde av overvann i Holbergs gate i Oslo. Foto: Ilja Hendel
Overvann i Holbergs gate i Oslo. Foto: Ilja Hendel DiBK - kan brukes fritt

Overvatn er vatn frå nedbør eller snøsmelting som ikkje sig ned i grunnen. Når vatnet renn på overflata, kan det skade bygningar og infrastruktur. I verste fall kan det stå om liv og helse.

Store kostnader

I tillegg utgjer overvatnet ein stor kostnad for samfunnet. Dei totale skadekostnadene på bygningar og anlegg som følgje av overvatn, ligg i dag på mellom 1,6 til 3,6 mrd. kroner per år. Utan førebyggjande tiltak anslår Overvannsutvalget at dei forventa skadekostnadene som følgje av overvatn, vil doblast  dei neste 40 åra. 

Dei nye krava om handtering av overvatn gjeld for heile landet, men berre viss kommunane ikkje har vedteke eigne krav i arealplanane sine. 

- Det nye regelverket vil i større grad sikre at nye byggjeprosjekt er tilpassa klimaet i framtida. Samtidig opnar vi for at kommunane sjølve kan lage eigne føresegner, basert på lokale forhold. Uansett vil dei nye reglane sørge for at vi vil vere betre førebudde på eit våtare og villare vêr i framtida, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.  

 100-årsnedbør 

Etter dei nye reglane skal løysingane for å handtere overvatn kunne stå imot nedbøren i framtida. Reglane seier at berekningar skal gjerast ut frå nedbør med klimajustert 100-års gjentakintervall. Det vil seie at vi skal ruste oss for den kraftigaste nedbøren vi reknar med kjem i løpet av 100 år. 

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har hjelpt Kommunal- og distriktsdepartementet i deira forskriftsarbeid for handtering av overvatn. 

- Heldigvis er det mykje vi kan gjere som ikkje kostar så mykje, men som likevel vil ha stor effekt. Av og til kan det vere så lett som å byte ut asfalt med grus, plen eller andre drenerande dekkjer som hjelper til med at vatnet blir infiltrert i grunnen, seier direktør i DiBK, Per-Arne Horne.

Fakta

  • Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2024.
  • Reglane gjeld for heile landet, så lenge det ikkje er lokale føresegner om handtering av overvatn i arealplanar. 
  • Plan- og bygningsloven, saman med byggteknisk forskrift (TEK17) og byggesaksforskriften (SAK10), har nye føresegner
  • Les meir om føresegnene her

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bilde av overvann i Holbergs gate i Oslo. Foto: Ilja Hendel
Overvann i Holbergs gate i Oslo.
Foto: Ilja Hendel DiBK - kan brukes fritt
Last ned bilde
Overvann etter regnvær. Holdbergs gate i Oslo.
Overvann etter regnvær. Holdbergs gate i Oslo.
Foto: Ilja Hendel DiBK - kan brukes fritt
Last ned bilde
Bilde av Per-Arne Horne, direktør i Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
Per-Arne Horne, direktør i Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
Foto: DiBK DiBK
Last ned bilde

Om Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er et nasjonalt kompetansesenter innenfor bolig- og byggkvalitet og sentral myndighet på flere områder innenfor bygningsdelen av plan- og bygningsloven.

Vårt arbeid er rettet mot kommunene, aktørene i byggeprosessen og byggevaremarkedet. Direktoratet skal ha oversikt over hvordan regelverket virker, og ha god kunnskap om og bidra i den faglige utviklingen i samhandling med kommuner, byggenæringen og andre aktører.

En viktig oppgave er å øke kunnskapen i samfunnet - spesielt i byggenæringen og kommunene - om byggeregler, byggkvalitet og byggesaksprosess.
Direktoratet for byggkvalitet er et virkemiddel for å realisere bygningspolitikken. Direktoratet skal bidra til å oppfylle to hovedmål:

  1. Raskere boligbygging og gode byggkvaliteter
  2. Forvaltningen av bolig- og bygningssektoren skal være effektiv og brukerrettet.

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for byggkvalitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for byggkvalitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for byggkvalitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye