Innovasjon Norge

Finalistane til den nasjonale BU-prisen er klare

Del

Kven stikk av med den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket?

Øyvind Heen / Fjords.com

Gjennom hausten har alle regionskontora til Innovasjon Noreg delt ut ein bedriftsutviklingspris i landbruket for sin region. Alle regionvinnarane er med i konkurransen om den nasjonale prisen som vert delt ut på mat- og landbruksmessa Internationale Grühne Woche i Berlin i januar 2024. Innovasjon Noreg har no vald ut tre finalistar som kjempar om den nasjonale prisen.

Kvalitetsmalt på norsk korn 

Bodil Oust og Tyson Weaver har motbevisa myta om at produksjon av kvalitetsmalt på norsk korn er umogleg. Bodil overtok heimgarden Kjesbu Nedre i Skogn i Levanger for ti år sidan. Sidan den gong har ho gradvis satsa på foredling av eiget korn til malt. Les meir om Bonsak Malt her:Bonsak Malt vinner Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Trøndelag | Innovasjon Norge 

Frå korn til produkt 

Hos Holli Mølle AS i Spydeberg foredlar dei økologisk, norsk korn frå heile 55 ulike kornprodusentar til nye, gode kornprodukt som stadig fleire kundar har fått sansen for. Med langsiktig og innovativ tilnærming nyttar dei gardens ressursar på ein lønnsam måte. Les meir om Holli Mølle her: Holli Mølle AS vinner Bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Viken 2023 | Innovasjon Norge 

Fellesskapet ein styrkje 

Dei seks gründerbedriftene som utgjer fellesskapet Åkerkvinnene ligg som perler på ei snor frå Helgeroa til Stavern. Dei har vist at nettverk og samarbeid kan gjere dei små enkeltbedriftene sterkare. Felles profilering har vore bra både for fellesskapet og for den enkelte verksemda. Les meir om Åkerkvinnene her: Åkerkvinnene vinner BU-prisen i Vestfold og Telemark | Innovasjon Norge  

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye