Statens vegvesen

Færre dødsfall i trafikken i november – ingen omkom i Rogaland.

Del

Seks menneske omkom i novembertrafikken. Det er halvparten så mange som i november i 2022, då 13 omkom. Ingen av dei omkomne i november i år mista livet i Rogaland.

Bil på vinterveg
Om vinteren endrar køyreforholda seg, og du kan ikkje venta is- og snøfrie vegar. Berekn god tid og køyr etter forholda. Knut Opeide, Statens vegvesen

Så langt i år er 113 drepne på norske vegar. Det viser Statens vegvesens førebelse ulukkestal.

– I Rogaland har me mista 11 menneskeliv i trafikken dei første 11 månadane i år. I heile fjor omkom 12 menneske på Sørvestlandet. Det er positivt at det samla talet drepne i november er halvparten av kva me opplevde i fjor. 113 drepne på norske vegar så langt i år er likevel for mange, understrekar Hans Bjørnar Tunheim i Statens vegvesen.

Alle dei drepne er over 40 år

Det var ingen ungdommar som omkom i november. Alle dei døde var over 40 år.

– Me har ingen å mista, uansett alder. Etter fleire månadar med unge drepne i trafikken, er det likevel eit lyspunkt at ingen under 40 år omkom i november, seier Tunheim.

Dei seks dødsfalla i heile landet, fem menn og éi kvinne, skjedde i Nordland, Troms og Finnmark, Viken, Innlandet og Vestland. Det var primært møte- og utforkøyringsulukker, men éin fotgjengar mista òg livet i november, i Viken fylke.

Me har blitt litt meir merksame i trafikken

Aktløyse er framleis éi av dei viktigaste medverkande årsakene til alvorlege trafikkulukker, ofte med døden til følgje. Likevel viser ei undersøking laga på oppdrag frå Statens vegvesen (TØI), at folk gjer litt færre ting medan dei køyrer bil i dag. Sjåførane har blitt litt meir merksame enn for berre få år sidan.

– Likevel er det greitt med ei påminning i desse juletider, om at alle køyrer merksamt og etter forholda, tek seg den ekstra tida som trengst for at det går bra – for oss alle. Følg med på vêr- og føremeldingar før du legg ut på tur, og om du skal reisa vekk, er det òg viktig at du pakkar bilen rett og sikrar lause gjenstandar, avsluttar Tunheim.

Les meir om korleis du sikrar tinga dine i bilen.

Her, på Vegvesen trafikk, kan du planlegge turen

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Transport og samfunn

* Trafikksikkerhet og ulykkesstatistikk
* Trafikktall
* Fotobokser/fartskontroll
* Skilt
* Bompenger
* Trafikkstyring og beredskap
* Teknologi
* Klima og miljø
* Plansaker
* Nasjonale turistveger (Pressekontakt: 91104480)
* Norsk vegmuseum (Pressekontakt: 61285250)

Tel:953 00 727pressetos@vegvesen.no

Bilder

Bil på vinterveg
Om vinteren endrar køyreforholda seg, og du kan ikkje venta is- og snøfrie vegar. Berekn god tid og køyr etter forholda.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye