Statens vegvesen etablerer døgnkvileplass mellom Aksdal og Bokn
1.12.2023 08:30:21 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen skal få bygd døgnkvileplass for E39 og E134 i Nord-Rogaland, mellom Aksdal og Bokn.

Konkurransen med tilbodsfrist 12. januar omfattar etablering, drift og vedlikehald av ny døgnkvileplass for tungtransport langs den drygt tre mil lange strekninga nord for Boknafjorden.
Det er aktuelt å inngå kontrakt med anten ein eller to private aktørar/leverandørar. Statens vegvesen legg opp til ei ordning med betaling for årleg leige.
Dette er krava til døgnkvileplassen
– Det er behov for mellom 25 og 35 oppstillingsplassar på strekninga. Vi krev at anlegget må ha servicebygg med toalett og dusj, seier fungerande seksjonssjef Geir Lorens Jørgensen i Statens vegvesen.
Den nye døgnkvileplassen skal betena tungtransport frå både E39 og E134.
Køyreavstand frå E39/E134 til innkøyring døgnkvileplass skal vera maksimalt to kilometer.
Det er i konkurransen opsjon på at vald leverandør i kontraktsperioden skal etablera ladeinfrastruktur for tungbil.
Kvar kan døgnkvileplassen ligga?
Aktuelle område for døgnkvileplass kan i prinsippet vera på heile strekninga frå toplanskrysset E134/ E39 på Våg i Tysvær kommune til framtidig Rogfast dagsone i Bokn kommune, ikkje langt frå Arsvågen ferjekai.
Statens vegvesen har alt hatt dialog med tre grunneigarar med eigna regulert næringsareal på strekninga.
Av dei tre grunneigarane er to lokalisert i Aksdal Næringspark, og éin i Haugaland Næringspark.
– Vi oppfattar at alle dei tre grunneigarane sit på areal som kan vera eigna til døgnkvileplass. Men vi vil og kunna vurdera etablering på andre areal, dersom arealbruk er avklart, legg Jørgensen til.
Kvifor døgnkvileplass?
Målet med denne anskaffinga er å gi eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføra normal døgnkvile, redusert vekekvile (maks 45 timar) eller ta pausar (45 minutt) innanfor regelverket om køyre- og kviletid.
Køyre- og kviletidsreglane pålegg sjåførane som køyrer tunge bilar å ta pausar og kvila tilstrekkeleg lenge til å få ein normal søvnperiode. Utkvilte sjåførar er viktig for trafikktryggleiken.
Når skal døgnkvileplassen opna?
Statens vegvesen ønskjer å signera kontrakt før sommaren 2024, og opna døgnkvileplassen innan eitt år frå då, altså før sommaren 2025.
Avtaleperioden gjeld i utgangspunktet 10 år, men opsjon for leigetakar å forlenga avtalen 1 + 1 år til totalt 12 år.
Kontakter
Geir Lorens JørgensenFungerande seksjonssjefStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95072101geir.jorgensen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
Skogrydding langs E39 i Brusdal23.9.2026 11:02:33 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uka skogrydding langs E39 i Brusdal på strekningen mellom fylkesveg 5948 og Fremmerholden. Målet er bedre trafikksikkerhet og enklere vinterdrift.
No er dato for oppstart i Lærdalstunnelen klar23.9.2026 10:48:50 CEST | Pressemelding
16. november startar oppgraderinga av Lærdalstunnelen på E16. Trafikantane må førebu seg på 12-timars stengingar og tilpasse reisevanane sine.
Vurderer strakstiltak mot sykkelulykker23.9.2026 06:45:00 CEST | Pressemelding
Ti syklister har mistet livet i år. Nå varsler Statens vegvesen hastegrep for å bedre sikkerheten og inviterer til nasjonal sykkeldugnad.
Ny gang-og sykkelvei på E39 ved Vekslet i Ørsta22.9.2026 13:55:56 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uken arbeidet med ny gang- og sykkelvei og busslomme langs E39 ved Vekslet friluftsområde i Ørsta. Den eksisterende bussholdeplassen blir stengt i anleggsperioden, som etter planen varer til 30. november 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom