Breane fortset å smelte tilbake

Del

NVE sine bremålingar i 2023 viser at 33 av 36 målte brefrontar har smelta tilbake. Dei 36 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 27 meter. Den størst tilbakegangen i år hadde Folgefonna, Bøverbrean og Engabreen. 

Bøverbrean i Jotunheimen 21. september 2022 (venstre) og 29. september 2023 (høgre).
Bøverbrean i Jotunheimen 21. september 2022 (venstre) og 29. september 2023 (høgre). NVE

I Sør-Norge var det i vinter store forskjellar i snømengde på breane. På Vestlandet fekk mange brear mindre snø enn normalt, medan breane lengre aust fekk meir snø enn normalt. Men bresmeltinga gjennom sommaren var stor på alle breane i Sør-Noreg. Resultatet for 2023 vart derfor underskot for alle dei målte breane, og truleg også for alle brear i Sør-Noreg.

I Nord-Noreg fekk dei fleste breane om lag normalt med snø. Men bresmeltinga gjennom sommaren var langt over det normale, slik at resultatet for 2023 truleg vart underskot for dei aller fleste breane.

Den størst tilbakegangen i år hadde Bondhusbrea på vestsida av Folgefonna (-92 meter), Bøverbrean i Jotunheimen (-82 meter), og Engabreen  i Nordland (-78 meter). Dei 36 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 27 meter.

Negative massebalanse sidan 2000

– Alle breane der vi måler massebalansen har hatt negativ massebalanse sidan år 2000, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy. 

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Dei siste 20 åra har 28 brear, med samanhengande målingar, i gjennomsnitt trekt seg tilbake 391 meter. 

– Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at det over tid har det smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik sidan år 2000, sier Hallgeir Elvehøy.

Breane i Noreg har den same utviklinga som dei aller fleste breane i resten av verden.

For flere detaljer om 2023 bremålinger i Vestland, Innlandet, Nord-Land og Trom og Finnmark på nve.no

Kontakter

Rune EngesetSeksjonssjef for bre, is og snø

Tel:99 03 88 68

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye