Lanseringsseminar: Nasjonal tryggleiksundersøking 29.11.
Kor mange vart utsette for lovbrot i Noreg i fjor? Og er det nokon grupper i Noreg som er meir utsette enn andre? Velkommen til lansering av resultata frå årets nasjonale tryggleiksundersøking.
Nasjonal tryggleiksundersøking kartlegg uro og sårbarheit for lovbrot i Noreg.
Målet med undersøkinga er å gi oss utfyllande kunnskap på området som eksisterande statistikk ikkje dekkjer. Oversikta over melde lovbrot seier ikkje noko om uro i befolkninga, og det er også grunn til å tru at mange lovbrot ikkje blir melde.
No er rapporten klar. Over 25 000 personar har blitt spurde om uro og sårbarheit for lovbrot, og resultata frå undersøkinga gir ein peikepinn på det reelle omfanget av fleire typar lovbrot.
Rapporten viser:
- Kor mange vart utsette for lovbrot i Noreg i 2022?
- Kor store er mørketala?
- Kva lovbrot blir flest utsette for?
- Kven er mest uroleg for å bli utsett for lovbrot?
- Er det nokon grupper i befolkninga som er meir utsett for lovbrot enn andre?
- Uro og sårbarheit for lovbrot blant lesbiske, homofile og bifile.
Program
08:30 - 09:00
Lett servering
9:00-10:00
- Velkommen ved Mira Aaboen Sletten, forskingsleiar, NOVA, OsloMet
- Kommentarar til funna ved statssekretær John-Erik Vika, Justis- og beredskapsdepartementet
- Presentasjon av funna ved forskar og prosjektleiar Mette Løvgren, NOVA, OsloMet
- Sårbarheit og utryggleik – før og no ved professor Heidi Mork Lomell, Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Universitetet i Oslo
- Kva betyr det å ikkje melde seksuelle krenkingar? ved professor May-Len Skilbrei, Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo
Rapporten er utarbeidd av Mette Løvgren, forskar II ved NOVA, Oslomet, Øivind Skjervheim og Asle Hagestøl, seniorutreiarar ved Ideas2evidence, Andreas Kotsadam, seniorforskar ved Frischsenteret, forskar II Vegar Bjørnshagen og forskar I Christer Hyggen ved NOVA, OsloMet og Stian Lid, forskar II ved NIBR, OsloMet.
Nasjonal tryggleiksundersøking blir gjennomført årleg i perioden 2023–2027. Undersøkinga er eit samarbeidsprosjekt mellom NOVA (prosjektleiar) ved OsloMet, Ideas2evidence og Frischsenteret og er finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet.
Nøkkelord
Kontakter
Halvard DybKommunikasjonsrådgiver
Jobber med kommunikasjon ved NOVA/OsloMet
Mette Løvgrenforsker
Mette Løvgren er forsker ved forskningsinstituttet NOVA, Høgskolen i Oslo og Akershus. Foto: StudioVest/NOVA
Lenker
Følg pressemeldinger fra OsloMet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra OsloMet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra OsloMet
Frokostseminar: Kan vi inkludere flere?26.9.2024 09:56:18 CEST | Presseinvitasjon
Hva lærte pandemien oss om muligheter og barrierer for inkludering av mennesker med helseutfordringer på arbeidsmarkedet – og hvor går veien videre? Kom på Litteraturhuset onsdag 9. oktober!
Nå kan du bruke Trall, heile Noregs songbok-app, på samisk, nynorsk og engelsk24.9.2024 09:32:55 CEST | Pressemelding
Songbok-appen Trall er nå tilgjengeleg på samisk, for dei som vil bruke samisk i kvardagen og formidle samisk kultur.
Ny videreutdanning i sirkulær bygningsforvaltning28.8.2024 07:42:49 CEST | Pressemelding
En ny, gratis videreutdanning gir innføring i livsløpsplanlegging av bærekraftig nybygging, ombygging og oppgradering.
Unge fra familier med dårlig råd lærer lite om privatøkonomi hjemme14.8.2024 06:00:00 CEST | Pressemelding
Heller ikke på skolen opplever denne gruppen ungdommer at de lærer nok om økonomi. Det kan koste dem dyrt senere i livet.
Mange unge kan for lite om privatøkonomi – hva er konsekvensene?9.8.2024 12:57:08 CEST | Presseinvitasjon
To av tre ungdommer sitter igjen med en opplevelse av de ikke har fått undervisning i privatøkonomi på skolen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom