BankID BankAxept

BankID endeleg på nynorsk

Del

I 20 år har BankID vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk. No er nynorsk eit alternativ for dei som ønskjer det.

Viser BankID-innlogging på nynorsk.
Nynorsk! Endelig er BankID på nynorsk. BankID BankAxept

BankID er tilgjengeleg på nynorsk etter ein god laginnsats frå BankID-teamet. Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept, er svært nøgd:

– Det var ei glede at BankID endeleg kom på nynorsk. Eg håpar alle er nøgde med omsetjinga og kjenner at innlogginga no vert nærare og meir hyggeleg for alle oss som elskar denne målforma vi er fødde inn i, seier ho.

Synleg teneste


Språkrådet jubla over nyheita:

– BankID er ei sentral og synleg teneste i den moderne kvardagen. Tenesta er mykje brukt av innbyggarane, og difor er det viktig og gledeleg at vi får ho på nynorsk, sier Margrete Kvarenes, avdelingsdirektør for språk og skule og offentleg forvaltning i Språkrådet.

Digitaliseringsdirektoratet, som er ansvarleg for dei digitale fellesløysningane i det offentlege, tykkjer endringa er viktig:

– Vi i Digitaliseringsdirektoratet er glade for at BankID no oppfyller intensjonen i Språklova om at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige og jamnstilte skriftspråk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. Det er viktig at brukarane no kan velje det skriftspråket dei ønskjer i ei så viktig teneste som BankID, seier Nina Olsen Munthe, avdelingsleiar for fellesløysingar og ansvarleg for ID-porten.

Klarare språk


Omsetjinga til nynorsk er berre ein av forbetringane innan brukaroppleving og språk som er gjort i BankID.

– Med fleire ressursar retta mot brukaroppleving, tenestedesign og klarspråk, har vi fått ei mykje betre teneste. Feilmeldingane i BankID er mellom anna forbetra. Det er framleis mogleg å gjere meir, men vi er på veg, seier Ida Håvik.

Dersom ein ønskjer å få BankID på nynorsk, må ein gå inn i innstillingane på telefonen eller PC-en og setje språket til nynorsk. For å feire at BankID er tilgjengeleg på nynorsk, vil heile Noreg få kodeorda på nynorsk i BankID-appen ei periode framover.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept.
KRY STRYNING: Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept, brenn for eiga målform i BankID.
Last ned bilde
Språkrådets Margrethe Kvarenes
STOR JUBEL: Språkrådets Margrethe Kvarenes jublar over at BankID no er på nynorsk.
Last ned bilde
Nina Olsen Munte
GOD ENDRING: Nina Olsen Munte, avdelingsleiar for fellesløysingar og ansvarleg for ID-porten, er nøgd med BankID på nynorsk.
Last ned bilde
Viser BankID-innlogging på nynorsk.
Nynorsk! Endelig er BankID på nynorsk.
Last ned bilde

Om oss

BankID og BankAxept er Norges mest brukte tjenester innen ID og betaling. Denne infrastrukturen som eies av banker i Norge leverer trygg og enkel betaling og innlogging for hele Norge, og andre verdiøkende tjenester som kjenn-din-kunde med Kundesjekk og Kontakttjenester i butikk.

BankAxept er Norges desidert mest brukte og kostnadseffektive betalingssystem. BankAxept har gjort Norge til verdens mest kontantløse samfunn og håndterer over 80 prosent av alle korttransaksjoner i fysisk handel. Nesten 9 av 10 betalinger skjer med tæpping av kortet. Butikkene foretrekker BankAxept på grunn av pris, stabilitet, sikkerhet og raskt oppgjør.

4,4 millioner nordmenn har BankID som brukes til alt fra nettbank, offentlige tjenester og private tjenester innenfor mange bransjer. BankID gir trygg og enkel identifisering og signering på nett, og brukes nær 1 milliard ganger i løpet av et år.

Følg pressemeldinger fra BankID BankAxept

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra BankID BankAxept på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra BankID BankAxept

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye