Universitetet i Bergen (UiB)

Demonstrasjon for nytt Griegakademi

Del

I dag, Onsdag 22. november, klokka 15:30 demonstrerer noverande og tidlegare studentar, tilsette på Griegakademiet, musikkelskarar og vener av Griegakademiet utanfor Stortinget for nybygg for Griegakademiet i Bergen.

Det blir musikkinnslag og lydforstyrrelse, og appellar ved:

  • Kaja Ingdal Hovdenak - leiar av Studentparlamentet ved UiB
  • Anette Arneberg – nestleiar Sosialistisk Ungdom
  • Frode Thorsen - dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design (UiB)
  • Astrid Kvalbein - rektor ved NMH
  • Randi Rolvsjord - instituttleiar ved Griegakademiet.

SV sin Audun Lysbakken kjem ut og helsar studentane og demonstrantane. Han har tidlegare uttalt:  «Dette handler også om geografi. Kunnskapssektoren i Bergen har venta lenge på nytt bygg.»

Her følgjer bakgrunnsinformasjon:

  • I 28 år har Universitetet i Bergen jobba for at studentane ved Griegakademiet skal få nye, moderne lokaler, men i Statsbudsjett 2024 er ikkje løyvinga med.
  • Fleire rapportar viser at det kan vere helseskadelig å bruke øvingsrommene

Dersom redaksjonen ikkje har høve til å vere tilstades, følgjer me gjerne opp med bilete og video frå demonstrasjonen i ettermiddag.

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye