Ruter vinn Forskingsrådets innovasjonspris
Innovasjonsprisen heidrar forskingsbasert innovasjon. I år går prisen til transportselskapet Ruter og det banebrytande arbeidet deira med kunstig intelligens.

– Kunstig intelligens forandrar samfunnet på måtar vi enno ikkje forstår rekkjevidda av. Vi skal vere offensive i møte med den raske teknologiutviklinga: vi skal støtte opp om kreative løysingar som folk kan ha glede og nytte av, samtidig som vi er merksame på dei utfordringane som høyrer med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.
Forskingsrådet deler ut innovasjonsprisen årleg til ein person eller verksemd som har brukt forsking strategisk i innovasjonsarbeidet sitt. Statsminister Støre overrekte prisen under Forskingsrådets 30-årsjubileum 17. november.
– Eg er veldig glad for å få Forskingsrådets innovasjonspris på vegner av Ruter og alle dei flinke og innovative medarbeidarane våre. Forsking på kunstig intelligens hjelper oss med å forbetretenestene våre. Eit godt offentleg transporttilbod er avgjerande for ein god og berekraftig by, seier administrerande direktør i Ruter Bernt Reitan Jenssen.
Transportselskapet Ruter har dei siste åra bygd opp eit av dei mest framoverlente KI-miljøa i landet og satsar på KI med utgangspunkt i berekraftig rørslefridom for kundane. Dei har utvikla eigne språkmodellar og leiger datakraft frå kvantedatamaskiner for å gjere kalkulasjonane sine. Dette gjer mellom anna Ruter i stand til få brukarinnsikt på heilt nye måtar. Ved til dømes å kartleggje språkbruk i sosiale medium i tilbakemeldingane til Ruter, kan dei ved hjelp av kunstig intelligens finne område og ruter som er særleg utfordrande.
– Vinnaren av innovasjonsprisen i år viser på imponerande vis kva moglegheiter som ligg i den digitale økonomien, i kunstig intelligens og i å ha søkelys på kunden. Eg vil gratulere Ruter på det aller varmaste, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Sundli Tveit trekkjer fram at det er viktig med ein styrkt forskingsinnsats for å sikre at utviklinga av kunstig intelligens bidreg til berekraftig utvikling og verdiskaping, og at dette skjer samtidig med at vi gjer det vi kan for å unngå utilsikta konsekvensar. Ho rosar regjeringa som nyleg har lansert ei satsing på forsking på kunstig intelligens på 1 milliard kroner.
Formidabel innovasjonsevne
Forskingsrådet fekk over 50 nominerte og enda med fem finalistar. Forutan Ruter, vil juryen særleg rose:
- Aker Carbon Capture AS for dei kommersielle anlegga sine for punktutsleppsfangst av CO2
- Cicero for tverrfagleg forsking som leidde til oppstartselskap innanfor grøn finans
- Ø. Bruland og R. Larsen for idé, FoU og næringsutvikling med klinisk nytte og store effektar
- Orkel AS for gjennom tverrfagleg FoU å ha internasjonal suksess med landbruksmaskinene sine
– Vi hadde i år svært mange nominerte og det er mange i Kunnskaps-Noreg som fortener honnør for ei formidabel innovasjonsevne og bidrag til løysingar for eit betre samfunn, seier Sundli Tveit.
Juryen består at Forskingsrådets styremedlemmer og administrerande direktør.
Grunngivinga for tildelinga
Vinnaren i år har over lang tid teke i bruk data frå køyretøy, kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar og utvikla nye tenester til kundane sine og som avgjerdsstøtte i utviklinga av eiga verksemd. Selskapet har sett seg som mål å vere ein del av løysinga for å gjere omgivnadene sine meir klimavennlege og brukarvennlege.
Verksemda har eit komplekst tenestetilbod til ei svært samansett kundegruppe som har ulike behov og høge forventningar til tenestene.
Vinnaren byggjer kompetanse innanfor kunstig intelligens og har mellom anna utvikla eigne språkmodellar. Som nokon av dei første i Noreg bruker dei datakraft frå kvantedatamaskiner i arbeidsprosessane. Dei kartlegg språkbruk i sosiale medium om opplevingane til kundane og bruker data frå køyretøy til å identifisere forbetringspunkt for drifta. Selskapet bruker forsking strategisk, mellom anna ved å delta i store EU-prosjekt.
På denne måten kjem dei stadig nærare visjonen om "berekraftig rørslefridom".
Vinnaren i år er Oslo og Viken sitt selskap som samordnar, bestiller og marknadsfører kollektivtrafikken i Oslo og delar av Viken, altså halvparten av all kollektivtransport i landet, og i alt ca 400 millionar reiser årleg. Vinnaren i år er Ruter AS!
Nøkkelord
Kontakter
Vivill VinsryggPressekontakt
Tel:+47 95 700 450vv@forskningsradet.noFølg pressemeldinger fra Forskningsrådet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forskningsrådet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forskningsrådet
49 millioner kroner til CO2-fangst og -lagring24.6.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
Fem prosjekter får finansiering til forskning på CO₂-håndtering. Noen av forskergruppene skal utvikle mer kostnadseffektiv teknologi mens andre ser på miljøpåvirkning og hvilke insentiver og rammebetingelser som trengs for at industrien skal ta teknologien i bruk i større skala.
90 millioner kroner til forskning på helsetilbud for utsatte grupper20.6.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen gir 90 millioner kroner til forskning på helsen til utsatte befolkningsgrupper. Nær 10 millioner skal brukes til forskning på helsetilbud for barn av spilleavhengige.
416 millioner til energiforskning16.6.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
33 nye forskningsprosjekter får penger til å forske på blant annet Enova-støtten til husholdninger, konsekvenser av elektrifisering av sokkelen, flytende solceller, sikkerhet på batteriferjer og bærekraftige datasentre.
Toppforskere får 191 millioner kroner10.6.2025 11:48:10 CEST | Pressemelding
Nitten forskningsprosjekter med mulighet for banebrytende resultater får nå finansiering fra Forskningsrådet. Hvordan rike familier etableres og forvalter rikdommen sin, hvordan hav blir til og sammenhengen mellom miljøet i tarmene, medisinbruk og tarmkreft er noen av temaene det nå skal forskes mer på.
452 millioner til sentre for bærekraftig areal- og naturbruk30.4.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Forskningsrådet lyser ut 452 millioner til forskningssentre for bærekraftig areal- og naturbruk. Sentrene skal bidra til å gjøre Norge i stand til å møte utfordringer knyttet til areal- og naturbruk og styrke samfunnets evne til å løse komplekse problemstillinger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom