Forskningsrådet

Inga Strümke er årets forskingsformidlar

Del

Inga Strümke ved NTNU er tildelt Forskingsrådets formidlingspris 2023 for formidling om kunstig intelligens. Strümke får prisen for stort engasjement og utmerkt formidlingsevne, kombinert med høg fagleg kunnskap.

Inga Strümke er ein fantastisk formidlar som skaper entusiasme for naturvitskap, teknologi, kunstig intelligens og viktige samfunnsspørsmål. Foto: Mona Hauklid
Inga Strümke er ein fantastisk formidlar som skaper entusiasme for naturvitskap, teknologi, kunstig intelligens og viktige samfunnsspørsmål. Foto: Mona Hauklid

Juryen vektlegg at Strümke får prisen fordi ho i formidlinga si er oppteken av både på den faglege utviklinga av feltet kunstig intelligens og av korleis kunstig intelligens har innverknad på samfunnet. Ho deltek med stort engasjement i samfunnsdebatten om eit komplisert forskingsfelt som har konsekvensar for heile samfunnet.

– Gratulerer så mykje til Inga Strümke med formidlingsprisen! Vi treng uredde forskarar innan alle fag som deler kunnskapen sin. Strümke har verkeleg imponert med å opplyse og synleggjere samfunnsdebatten på eit så viktig felt som kunstig intelligens, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.

Juryen vektlegg også at prisvinnaren gjennom eit mangfald av kanalar debatterer og formidlar nyansert og ope om positive og negative konsekvensar av teknologiutviklinga.

– Denne prisen er høgst fortent, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. Strümke er ein fantastisk formidlar som skaper entusiasme for naturvitskap, teknologi, kunstig intelligens og viktige samfunnsspørsmål – prisvinnaren er rett og slett ein framifrå rollemodell, seier Sundli Tveit.

Inga Strümke er har doktorgrad i partikkelfysikk og er førsteamanuensis ved institutt for datateknologi og informatikk, NTNU, der ho forskar på kunstig intelligens. Strümke har på kort tid vorte den mest synlege forskaren og formidlaren innanfor kunstig intelligens i Noreg. Ho har ein omfattande formidlingsaktivitet bak seg, inkludert bestseljaren Maskiner som tenker.

– God formidling er ein føresetnad for ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling. Engasjement, fagkunnskap og evne til framifrå formidling skal kjenneteikne dei som får formidlingsprisen frå Forskingsrådet. Inga Strümke er eit strålande døme på dette, seier Sundli Tveit.

Juryen for formidlingsprisen er:

  • Anine Kierulf (førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo)
  • Alexandra Beverfjord (konserndirektør, Aller Media AS)
  • Asle Haukaas (kommunikasjonsdirektør, Veterinærinstituttet)
  • Christian Lund (spesialrådgivar, Forskingsrådet)

Tidlegare vinnarar av Forskingsrådets formidlingspris:

  • 2022: kjemikar Alexander Sandtorv 
  • 2021: Anne Spurkland, professor i anatomi og forskar på molekylær immunologi ved Universitetet i Oslo
  • 2020: Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi på Institutt for naturforvaltning ved NMBU 
  • 2019: Audun Rikardsen, professor i arktisk og marin biologi ved Noregs arktiske universitet, Universitetet i Tromsø. 
  • 2018: Bjørn Samset ved CICERO senter for klimaforsking 

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Forskningsrådet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forskningsrådet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Forskningsrådet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye