Trygg trailer sikrar trygg transport for bedrifter
Trygg trailer er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og dei som kjøper transporttenester.

Bedriftene får informasjon om krav til vinterdekk og kjetting av Vegvesenet, og kan gjennomføre ein enkel sjekk av «sine» vogntog. Vogntog som kjem til bedrifta og ikkje er godt nok rusta, kan bli nekta last.
Tiltak som betrar vinterutrustinga på tunge køyretøy, vil gi gevinstar både for bedrifta sjølv og for alle som bruker vegnettet.
- Ved å delta i Trygg trailer kan ei bedrift sikre at dei transporterer varene frå bedrifta på ein tryggare måte, seier Trine Giskås i Statens vegvesen, som er ansvarleg for programmet Trygg trailer.
Bedrifter som er medlemar i Trygg trailer får:
- Informasjon og opplæring i enkel sjekk av dekk (mønsterdjupn, og merking for vinterdekk), krav til kjettingar (talet på og om dei passar hjula).
- Enkel innføring i sikring av last og materiell dei kan bruke.
- For å vere ein Trygg trailer må bedriftene få besøk av Statens vegvesen minst annakvart år.
Som ein del av "Trygg trailer" konseptet er det også utarbeidd ein Truckers guide som ligg tilgjengeleg på vegvesen.no på heile 10 språk. Her finn ein mellom anna tips til køyring på vinteren, informasjon om dekk og kjettingar og ein del lover og føresegner som gjeld for å drive transport i Noreg.
– Dei som arbeider med lasting og logistikk får opplæring i å sjekke vinterutrusting som dekk og kjetting, og dei skal ta grep viss ting ikkje er slik dei bør vere, seier Giskås
Bedriftsbesøk i Trondheim
Nyleg fekk Ranheim paper and board besøk av Statens vegvesen som gav dei tilsette ei enkel innføring i korleis dei kan sjekke at dekk og kjettingar er i orden. Dei fekk også Trygg trailer-pakkar som inneheld informasjon om krav til vinterutrusting og nyttige produkt, både til dei tilsette i bedrifta og til besøkjande sjåførar. Under besøket fekk dei og informasjon om sikring av last og lastsikringsutstyr.
- Eg meiner det er veldig viktig at vi som bedrift gjer vårt for å sikre at dei som transporterer for oss gjer det på ein sikker måte. Derfor er det bra at våre tilsette får ei innføring og oppfrisking i kva dei skal sjekke og sjå etter gjennom programmet Trygg trailer, seier Gaute Solem i Ranheim paper and board.
Statens vegvesen minner om at på bil og hengjar til bil, som kvar har tillate totalvekt over 3500 kg, er det påbode med vinterdekk i perioden 15. november til 31. mars.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt Trafikant og kjøretøy(Besvares mellom kl. 08 - 15.30)
* Føreropplæring
* Førerkort
* Kjøretøy
* Utekontroll
* Trafikkstasjoner
* Tilsyn med trafikkskoler, verksteder og parkeringstilbydere
Bilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Parkeringskaos: Innfører strengere regler i Lofoten og på Stegastein4.7.2025 12:20:27 CEST | Pressemelding
Fra midten av juli tester Statens vegvesen ved Nasjonale turistveger om strengere parkeringsregler kan løse flokene med camping og parkering i Lofoten og på Stegastein på Aurlandsfjellet.
Må asfaltere E16 Dysterud–Sandnesmoen også på søndag3.7.2025 13:41:21 CEST | Pressemelding
Asfalteringen på E16 i Sør-Odal er godt i gang, men været har gjort at det også blir asfaltering førstkommende søndag.
Bruk sommeren til å øvelseskjøre3.7.2025 09:06:48 CEST | Pressemelding
Øvelseskjøring gir bedre sjåfører og fører til at flere består teoriprøven og oppkjøring første gang de prøver.
Bru på E6 på Saltfjellet blir lysregulert2.7.2025 15:08:55 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har avdekket skader på kantdragerne på Viskisbrua på E6 i Saltdal kommune. Derfor blir det lysregulering og nedsatt fart over brua fremover.
Siste delstrekning åpnet på Rv. 4 Hadeland2.7.2025 14:21:51 CEST | Pressemelding
Statssekretær Tom Kalsås klippet 2. juli snoren på Rv. 4 Almenningsdelet – Lygnebakken. Det markerer slutten på tolv år med vegbygging.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom