NRK

Jon Fosse ord for ord – Verdas lengste teater-event direkte på NRK

Del

I Nobelhelga 8.-10. desember skjer ei historisk hending i Bergen. Frå hovudscena på Det Vestnorske Teateret i Bergen blir alle Jon Fosse sine 41 skodespel lesne opp framfor eit publikum - ord for ord.

Sendinga byrjar på NRK1 8. desember og held fram utan stans til 10. desember.
Sendinga byrjar på NRK1 8. desember og held fram utan stans til 10. desember. Håkon Mosvold Larsen,NTB

Dette skjer direkte på NRK1 og NRK2 som ein hyllest til Jon Fosse, Nobelprisvinnar i litteratur 2023.

I samarbeid med Det Vestnorske Teateret og Colombine Teaterförlag som eig rettane til Fosse sine dramatiske verk, ladar NRK opp til den høgtidelege utdelinga i Stockholm med eit direktesendt teatermaraton i form av ei opplesing av alle verka.

Sendinga byrjar på NRK1 fredag kveld 8. desember og held fram utan stans til søndag formiddag. I mellomromma mellom opplesingane krydrar vi sendinga med underhaldande folkeopplysing og samtalar med folk som kan meir enn dei fleste om Fosse sitt forfattarskap.

Ei stor gruppe skodespelarar frå Det Vestnorske Teateret, Den Nationale Scene, Teater Vestland og Det Norske Teateret, vil skifte på å gi publikum inspirerte lesingar. Vi byrjar med det fyrste stykket Jon Fosse skreiv - «Nokon kjem til å kome» frå 1992, og sluttar med «Leika leiken» frå 2022.

Kontaktpersonar NRK 

Thomas Hellum, prosjektleiar thomas.hellum@nrk.no  Mobil:+47 414 25 509 

Kristin Ytre-Arne , programsjef kristin.ytre-arne@nrk.no Mobil:  +47477 55 567 

Kontaktpersonar DVT 

Aslak Moe aslak@detvestnorsketeateret.no Mobil:+47 941 72 445 

Thomas Bye thomas@detvestnorsketeateret.no Mobil: +47 907 56 479 

Kontaktpersonar Colombine Teaterförlag 

Hedda Sjögren hedda.sjogren@colombine.se Mobil: +46706737372 

Kontakter

Bilder

Sendinga byrjar på NRK1 8. desember og held fram utan stans til 10. desember.
Sendinga byrjar på NRK1 8. desember og held fram utan stans til 10. desember.
Håkon Mosvold Larsen,NTB
Last ned bilde
Håkon Mosvold Larsen, NTB
Last ned bilde

Om NRK

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye