Jon Fosse ord for ord – Verdas lengste teater-event direkte på NRK
15.11.2023 07:00:00 CET | NRK | Pressemelding
I Nobelhelga 8.-10. desember skjer ei historisk hending i Bergen. Frå hovudscena på Det Vestnorske Teateret i Bergen blir alle Jon Fosse sine 41 skodespel lesne opp framfor eit publikum - ord for ord.

Dette skjer direkte på NRK1 og NRK2 som ein hyllest til Jon Fosse, Nobelprisvinnar i litteratur 2023.
I samarbeid med Det Vestnorske Teateret og Colombine Teaterförlag som eig rettane til Fosse sine dramatiske verk, ladar NRK opp til den høgtidelege utdelinga i Stockholm med eit direktesendt teatermaraton i form av ei opplesing av alle verka.
Sendinga byrjar på NRK1 fredag kveld 8. desember og held fram utan stans til søndag formiddag. I mellomromma mellom opplesingane krydrar vi sendinga med underhaldande folkeopplysing og samtalar med folk som kan meir enn dei fleste om Fosse sitt forfattarskap.
Ei stor gruppe skodespelarar frå Det Vestnorske Teateret, Den Nationale Scene, Teater Vestland og Det Norske Teateret, vil skifte på å gi publikum inspirerte lesingar. Vi byrjar med det fyrste stykket Jon Fosse skreiv - «Nokon kjem til å kome» frå 1992, og sluttar med «Leika leiken» frå 2022.
Kontaktpersonar NRK
Thomas Hellum, prosjektleiar thomas.hellum@nrk.no Mobil:+47 414 25 509
Kristin Ytre-Arne , programsjef kristin.ytre-arne@nrk.no Mobil: +47477 55 567
Kontaktpersonar DVT
Aslak Moe aslak@detvestnorsketeateret.no Mobil:+47 941 72 445
Thomas Bye thomas@detvestnorsketeateret.no Mobil: +47 907 56 479
Kontaktpersonar Colombine Teaterförlag
Hedda Sjögren hedda.sjogren@colombine.se Mobil: +46706737372
Kontakter
Pressevakt
Tel:414 28 800pressevakt@nrk.noBilder


Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Andreas Wahl blir ny stemme i podkasten «Abels Tårn»6.2.2026 11:50:36 CET | Pressemelding
Den folkekjære programlederen og vitenskapsformidleren Andreas Wahl blir en fast del av NRKs populære vitenpodkast «Abels Tårn».
Storslått feiring av samenes nasjonaldag4.2.2026 11:44:19 CET | Pressemelding
Kringkastingsorkestret (Kork) får selskap av stjerner som Ella Marie Hætta Isaksen, Adrian Angelico og andre store samiske artister fra Store studio.
Arian Engebø leier P3 Live – ny musikksatsing i NRK2.2.2026 13:10:32 CET | Pressemelding
NRK styrker musikktilbodet og lanserer P3 Live, eit nytt radioprogram som set liveopplevinga, musikkjournalistikken og artistane i sentrum.
Ny krimpodkast fra NRK med Dennis Ravndal og Valentina Baisotti30.1.2026 14:19:04 CET | Pressemelding
Dennis Ravndal og Valentina Baisotti skal gå i dybden på kriminalsaker i den nye podkasten «Krimrommet».
Nytt sykehusdrama kommer på NRK: «LIS»28.1.2026 11:15:00 CET | Pressemelding
Fire ferske leger kastes ut i en tøff sykehushverdag preget av knappe ressurser og tøffe etiske valg. Dramaserien «LIS» har premiere på NRK lørdag 11. april.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom