Statens vegvesen stenger E39 Lotetunnelen kveld og natt
Statens vegvesen utfører på kort tid fleire arbeid for å gjera E39 Lotetunnelen endå tryggare.

– Statens vegvesen har forståing for at det kan vera krevjande med så mykje jobb på kort tid. Men ved å konsentrera arbeidsperioden, reduserer vi belastninga på trafikantane i staden for å ha stadig nye prosjekt over ein lengre periode, seier kontrollingeniør Stig Arne Bugjerde i Statens vegvesen.
Og, legg han til:
– Sjølv om dette kan bli krevjande for trafikantane medan arbeida pågår, så er det viktig å understreka at vi gjer dette nettopp for dei, for at vegen skal vera trygg også i framtida.
Slik blir trafikken påverka
Dato | Tidspunkt | Konsekvens for trafikantane |
Søndag 12. november | 23.00-06.00 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil |
Måndag 13. november | 21.00-06.00 | Styrt trafikkavvikling med ledebil |
Tysdag 14. november | 21.00-06.00 | Styrt trafikkavvikling med ledebil |
Onsdag 15. november | 17.00-17.50 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil. Siste kolonne frå Eid 17.50, med retur frå Lote 17.55 |
Onsdag 15. november | 17.50-18.50 | Stengd tunnel |
Onsdag 15. november | 18.50-18.55 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil. Kolonne frå Eid 18.50, med retur frå Lote 18.55 |
Onsdag 15. november | 18.55-19.50 |
Stengd tunnel. Utrykkingskjøretøy kan passera på kort varsel |
Onsdag 15. november | 19.50-00.15 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil. Kolonne starter frå Eid 19.50. Siste kolonne frå Eid 24.00. Siste kolonne frå Lote 00.15 |
Torsdag 16. november | 00.15-05.15 | Stengd veg. Stengt på strekninga Nordfjordeid-Lote. Utrykkingskjøretøy kan passera på kort varsel |
Torsdag 16. november | 05.15-18.00 | Styrt trafikkavvikling Årskog-Lote |
Dette er arbeida
Alt arbeid Statens vegvesen gjer på sine 10.600 km riks- og europaveg, skal gi betre trafikktryggleik i tråd med nullvisjonen. Vi skal ta vare på og utvikla vegane slik at dei kan møta framtidas utfordringar, understrekar Bugjerde.
Det er som ein del av dette samfunnsoppdraget Vegvesenet no gjer forskjellig inspeksjons- og vedlikehaldsarbeid i Lotetunnelen.
15. november på kvelden har Statens vegvesen brannøving saman med naudetatar, slik at alle rutinar er drilla og beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa.
– Siste natta skiftar vi også stikkrenne ved E39 Lote. Stikkrenne er ein undergang som leiar vatnet vekk frå vegen. Gode stikkrenner er sentralt i Statens vegvesen sitt arbeid med å ta vare på vegane vi har, avsluttar Stig Arne Bugjerde.
Kontakter
Stig Arne BugjerdeKontrollingeniørStatens vegvesen Drift og vedlikehald vest
Tel:90831941stig.arne.bugjerde@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E6 stengt ved Biri1.12.2023 15:41:00 CET | Pressemelding
E6 er stengt i begge retninger ved Biri i Innlandet på grunn av skade på en bro som krysser europavegen.
Færre omkom i trafikken i november – ingen i Vestfold og Telemark1.12.2023 10:33:27 CET | Pressemelding
Seks mennesker omkom i novembertrafikken. Det er halvparten så mange som i november i 2022, da 13 omkom. Ingen av disse var i Vestfold og Telemark.
Statens vegvesen etablerer døgnkvileplass mellom Aksdal og Bokn1.12.2023 08:30:21 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal få bygd døgnkvileplass for E39 og E134 i Nord-Rogaland, mellom Aksdal og Bokn.
Dødsfall i trafikken: Færre drepte i november1.12.2023 06:39:57 CET | Pressemelding
Seks mennesker omkom i novembertrafikken. Det er halvparten så mange som i november i 2022, da 13 omkom. Så langt i år er 113 drept på norske veier. Dette viser Statens vegvesens foreløpige ulykkestall.
Planlagt helstenging av E39 Bårdshaug bru i Orkanger starter 8. desember30.11.2023 13:33:51 CET | Pressemelding
Det er snart klart for den første planlagte helstengingen av E39 Bårdshaug bru i Orkanger i forbindelse med de om omfattende vedlikeholdsarbeidene som pågår.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom