Ingen trafikkdrepne i Troms og Finnmark i oktober
8.11.2023 10:10:22 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
For andre månad på rad har vi unngått dødsulykker i vårt nordlegaste fylke.

Totalt har det vore seks dødsulykker i Troms og Finnmark så langt i år. Det er ei færre enn på same tidspunkt i fjor.
– Hausten har komme med både mørke og minusgrader. Då er det gledeleg å sjå at vi likevel har unngått dødsfall på vegane her lengst i nord dei siste månadene, seier seksjonsleiar for transportforvaltning i Statens vegvesen, Oddbjørg Mikkelsen.
Ulykkene med dødeleg utfall i Troms og Finnmark i 2023 fordeler seg slik på ulykkestyper:
- To møteulykker
- To utforkøyringar
- Ei kryssande køyreretning
- Ei sykkelulykke
Dei omkomne er to kvinner og fire menn.
Nesten ei tredobling nasjonalt
15 personar omkom på norske vegar i oktober. Dette er nesten tre gonger så mange som i fjor, då seks døydde. Det er over ti år sidan vi sist hadde så mange trafikkdrepne i oktober.
Så langt i år er 111 drepne i trafikken i Noreg. Det er 16 fleire enn på same tid i fjor.
Dette viser førebelse ulykkestal frå Statens vegvesen.
Auke i talet på møteulykker med dødeleg utfall
Det er 16 fleire dødsulykker mellom møtande bilar i år enn i 2022. Møteulykker og utforkøyringsulykker dominerer dødsulykkene på vegane i år. 50 mista livet i møteulykker, og 37 omkom då dei køyrde av vegen.
81 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i dei ti første månadene av året. Meir enn halvparten (60) døydde i personbil. Dette er ein auke på 14 frå i fjor. I 34 av ulykkene var tungbil involvert, og fem av dei omkomne var førarar av desse bilane.
Statens vegvesen jobbar for at ingen skal døy i trafikken
Visjonen om null drepne i trafikken i 2050, som er fastsett i Nasjonal transportplan, ligg framleis fast for alle trafikktryggleiksaktørane. Eit viktig delmål er at vi skal ha maksimalt 50 drepne og 350 hardt skadde i 2030.
– Det viktigaste vi kan gjera for å førebyggja trafikkulykker er å halda fartsgrensa, køyra rusfritt og halda merksemda på vegen, seier Oddbjørg Mikkelsen.
Kontakter
Oddbjørg MikkelsenSeksjonslederTransport nord
Seksjonsleder for transportforvaltning i Troms og Finnmark
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E39 i Jølster blir nattestengd30.10.2026 15:39:49 CET | Pressemelding
E39 blir stengd ved Sårheim natt til tysdag og ved Løset natt til onsdag. Begge nettene er vegen heilt stengd frå kl. 23.00 til 06.00 med gjennomslipp av trafikk kl. 03.00.
Sikringsarbeid langs E14 ved Hårkallen30.10.2026 14:06:14 CET | Pressemelding
Tirsdag 3. november starter Statens vegvesen sikringsarbeid langs E14 ved Hårkallen i Trøndelag. Vegen vil være åpen, men det blir lysregulering forbi anleggsområdet.
Lyser ut stort rassikringsprosjekt på E45 i Alta29.10.2026 09:06:58 CET | Pressemelding
Bygging av 4,2 kilometer tunnel og 2,2 kilometer veg i dagen på E45 Kløfta, er den største vegkontrakten Statens vegvesen lyser ut i 2026.
Forventer ekstra lange og saktegående køer ut av Oslo28.10.2026 10:46:40 CET | Pressemelding
Kommende helg blir både E18 snevret inn og Granfosstunnelen stengt for trafikk i retning Kristiansand. Statens vegvesen oppfordrer til å la bilen stå.
Farlige kryssinger og høy fart ved anlegget i Iseveien27.10.2026 13:00:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen og Isachsen Anlegg AS har registrert farlige situasjoner i trafikken forbi anleggsområdet for prosjektet Rv. 22 Hafslund-Dondern.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom