Posisjonskonferansen 2023
Korleis skal vi i framtida sikre at førarlause båtar til sjøs kan navigere sikkert og trygt? Maritime intelligente transportsystem (ITS) er tema på Posisjonskonferansen 2023. Pressa er invitert til å delta på konferansen tysdag 14. november.
Har vi nok kunnskap og kompetanse til å sleppe autonome skip til sjøs – eller må vi samarbeide enda meir nasjonalt og internasjonalt for å gjere automatisert transport verkeleg?
Kartverket, ITS Norway og Norsk romsenter set posisjon, navigasjon og nordisk samarbeid til sjøs som tema på Posisjonskonferansen 2023. For kva skal til for å få til intelligente transportsystem på maritim side?
Vi har samla ei rekkje forskarar og foredragshaldarar som har si oppfatning om kva som skal til for å sørge for automatisert transport til sjøs.
På programmet
Lær meir om korleis posisjonsteknologien kan medverke til å verkeleggjere autonom transport langs kysten. Kor presise må posisjonstenestene og referanserammene vere i framtida?
Det blir foredrag frå m.a. Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Forsvarets forskingsinstitutt og Lantmäteriet. Vi skal få høyre om spennande bruk i industrien frå m.a. HIVE Autonomy, HYKE og Fugro – og frå studentorganisasjonen Navier USN som har designa ei autonom sjødrone.
– Vi ventar oss ein konferanse med mykje god fagleg diskusjon og lærerik innsikt i korleis ITS bidreg til å forme ein tryggare sjøfart, seier Ingrid Fausk som leiar programkomiteen.
Sjå konferanse-program og påmelding.
Posisjonskonferansen
Konferansen er ein møteplass for aktørar i offentleg og privat sektor som bruker, eller kan ta i bruk, posisjonsteknologi m.a. for å effektivisere og auke verdiskaping. Posisjonskonferansen er gratis og det blir servert lunsj.
Nøkkelord
Kontakter
Iver Daaland ÅseKommunikasjonsrådgivarKommunikasjonsavdelinga i Kartverket
Tel:48 35 00 45iver.ase@kartverket.noReidun KittelsrudFagdirektør for forskning og utviklingsarbeid (FoU)Kartverket
Tel:32 11 83 38Tel:97 90 00 00reidun.kittelsrud@kartverket.noLenker
Om oss
Kartverket blei etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg som framleis er i drift. Oppgåvene våre har endra seg i takt med digitaliseringa av samfunnet. Vi er ei moderne og innovativ verksemd med blikk for framtida.
Følg pressemeldinger fra Kartverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kartverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kartverket
Kartverket styrker samarbeidet med DNT22.11.2024 12:43:54 CET | Pressemelding
Kartverket flytter kartløsningen fra sin egen app «Hvor?» til Den Norske Turistforening sin populære turplanlegger UT.
Kartverket gir seg ikkje, gjentar Nyvember-suksessen16.10.2024 15:36:16 CEST | Pressemelding
Språkrådet har kunngjort årsresultata over korleis statlege verksemder handhever språklova. Sjølv om Kartverket ikkje tar statleg og staseleg gull i 2023, er ikkje kampen over for 2024.
Høg vasstand i Drammen og indre Oslofjord 23. august5.9.2024 13:12:36 CEST | Pressemelding
Mange følgde spent med på vasstanden i Drammen fredag 23. august. Nokre hadde ein Elvefestival og eit tivoli å passe på, andre følgde med på båtar og brygger. Om femti år kan denne vasstanden vere ei årleg hending.
Sjømåler på Svalbard i sommer16.7.2024 07:30:00 CEST | Pressemelding
Det er fortsatt store områder på Svalbard med dårlige dybdedata og «hvite områder» som ikke er kartlagt i det hele tatt. Kartverket prioriterer å bruke hele sommersesongen til å sjømåle på Svalbard – fra midten av juni til slutten av september.
Havet stiger – kommunene må forberede seg1.7.2024 15:48:34 CEST | Pressemelding
Nye kartlag og data for havnivåendringer, og ny veileder fra DSB, gir kommunene grunnlag for hvordan de skal tilpasse seg et stigende havnivå og høye vannstander.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom