«Nyvember» i Kartverket: Ei satsing på auka i bruk av nynorsk
November er nynorsk-månaden i Kartverket, og i det høvet legg verksemda ned ein ekstra innsats for å auka bruken av nynorsk på kartverket.no og andre kommunikasjonsflater.

– Me har i mange år no slått eit slag for nynorsk i november, som ei ekstra markering for å fremje denne målforma. Men me skal sjølvsagt bruka nynorsk resten av året òg. Me oppmodar alle tilsette til å bruka nynorsk internt og eksternt i november, seier kommunikasjonsdirektør Synne Storvik i Kartverket.
Dette seier lova
Språkrådet fører tilsyn med korleis departementa og deira underliggande statsorgan følgjer reglane om bruk av bokmål og nynorsk i samsvar med språklova. § 13 krev at sentrale statsorgan skal veksla mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale, slik at ingen av skriftspråka er representerte med mindre enn 25 prosent. Statistikken viser at svært få organ oppfyller lovkravet.
Bra kan bli betre
Ifølgje rapporten har Kartverket auka nynorskandelen på nettsidene frå 21 til 22 prosent, og i sosiale medium ligg andelen på 18–29 prosent. Likevel lukkast Kartverket ikkje med å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk i 2022.
Kartverket har likevel noko å vere stolt av, sidan vi er blant dei tre organa som oppfyller kravet om minst 25 prosent bruk av kvart skriftspråk i éin eller fleire kategoriar i sosiale medium. For å styrka det språklege samarbeidet, har Kartverket etablert ei eiga nynorskhjelp der engasjerte kollegaer brettar opp ermene og hjelper dei som ikkje skriv like mykje nynorsk.
Kommunikasjonsdirektøren uttrykkjer glede over dei positive tala for Kartverket og oppmuntrar tilsette til å vere ekstra merksame på bruk av nynorsk i «nyvember». Kartverket tar denne utfordringa på alvor og vil halde fram med å arbeide for auka bruk av nynorsk i samsvar med språklova og Språkrådet sine retningslinjer.
– Sjølv om Kartverket har gjort framsteg, viser den årlege rapporten frå Språkrådet at vi framleis har eit stykke arbeid å gjere, seier Storvik.
Nøkkelord
Kontakter
Synne StorvikAvdelingsdirektør for kommunikasjonKartverket
Tel:48 03 14 75synne.storvik@kartverket.noLouise LarsenKommunikasjonsrådgivarKommunikasjonsavdelinga i Kartverket
Tel:95 15 93 89louise.larsen@kartverket.noBilder

Lenker
Om oss
Kartverket blei etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg som framleis er i drift. Oppgåvene våre har endra seg i takt med digitaliseringa av samfunnet. Vi er ei moderne og innovativ verksemd med blikk for framtida.
Følg pressemeldinger fra Kartverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kartverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kartverket
Nye sjøkart gir sikrere seilas i Hammerfest havn26.9.2025 15:26:45 CEST | Pressemelding
Innseilingen til Hammerfest havn blir enda tryggere etter at Kartverket denne uken ga ut nye elektroniske sjøkart. Kartene gir en bedre og mer detaljert oversikt over dybdeforholdene i havna.
Hva skjer når satellittsignaler forsvinner?15.9.2025 13:12:06 CEST | Pressemelding
Norge settes på prøve. Denne uken tester Kartverket sårbarheter i den kritiske infrastrukturen for posisjonsdata under Jammertest 2025 på Andøya.
Slik skal Norge få mer oversikt over arealbruken3.7.2025 15:24:17 CEST | Pressemelding
Hvordan vi bruker arealene våre, har stor betydning for miljøet og kommende generasjoner. Nasjonalt grunnkart for arealanalyse gir avgjørende kunnskap. En samarbeidsavtale mellom Kartverket, NIBIO, Miljødirektoratet og SSB skal sikre videreutvikling av verktøyet.
Svalbard har fått nytt høydegrunnlag30.6.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
En ny vertikal referanseramme gir mer presise høyder på Svalbard. Dette styrker kartlegging, overvåking av klimaendringer og beredskap i Arktis.
Grensa mot Finland er gått opp for en generasjon24.6.2025 07:30:00 CEST | Pressemelding
Etter tre år med feltarbeid langs den 736 km lange riksgrensa mellom Finland og Norge, ble den siste inspeksjonen av arbeidet i terrenget fullført i juni. Nå er grensa definert for de neste 25 årene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom