Ein av tre av dei kontrollerte produkta var ulovleg å selje
Ein ny nordisk kontroll av netthandel viste at 37 % av dei kontrollerte produkta var ulovleg å selje fordi dei inneheldt forbodne stoff.
Sverige, Finland og Noreg samarbeidde om den felles aksjonen, der 412 varer frå ulike nettbutikkar vart kontrollerte for å sjå om salet gjekk føre seg i tråd med regelverket for kjemikaliar. Dei kontrollerte varene inkluderte fritidsprodukt, smykkar, interiør, leikar og elektroniske produkt.
Nettbutikkar og marknadsplattformer utanfor og innanfor EØS-området vart kontrollerte.
Dei vanlegaste feila var:
- For høg konsentrasjon av bly i loddepunkta i elektriske og elektroniske produkt. Bly og blysamband kan skade forplantningsevna og gi fosterskadar.
- For høg konsentrasjon av DEHP (ftalat) og kortkjeda klorparafinar (SCCP) i mjuk plast. DEHP kan gi skadeeffektar på hormonreguleringa. kortkjeda klorparafinar er mistenkte å vere kreftframkallande.
- For høg konsentrasjon av kadmium i smykke. Kadmium og dei fleste kadmiumsamband er kreftframkallande og svært giftige.
- Det er svært alvorleg at det blir selt så mange produkt som inneheld farlege stoff i strid med regelverket, og som derfor er forbode å selje. Produkta kan skade både folks helse og miljøet, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsyn i Miljødirektoratet.
Helse- og miljøskadelege stoff er strengt regulerte på grunn av den negative effekten deira på menneskes helse og/eller miljø. Dette er stoff som vi ikkje ønskjer i krinsløpet i naturen.
Vesentleg fleire avvik frå dropshipping-nettbutikker og nettbutikkar utanfor EU
66 prosent av produkta vi kjøpte frå nettbutikkar og marknadsplattformer utanfor EØS var ulovlege. I nettbutikkar og plattformer innanfor EØS, fann vi at 31 prosent var ulovlege produkt. Dropshipping-nettbutikkane hadde størst brot på regelverket, med heile 70 prosent forbodne varer.
Dropshipping-butikkar er ein relativt ny og stadig meir populær forretningsmodell innan netthandel. Ein dropshipping butikk har ingen varer sjølv, men speglar andre butikkars varer, slik at det ser ut som at det er nettsida sine eigne produkt. Når kunden bestiller eit produkt, vil dropshipping-butikken leggje inn bestilling hos seljar av varen, og varen blir send direkte til kunden.
- Forbrukarar som handlar frå dropshipping og nettbutikkar som opererer frå land utanfor EØS-området, bør vere klar over at det er ein tydeleg auka risiko for at produkta kan innehalde farlege og forbodne stoff, seier Veulemans.
Oppfølging av nettbutikkar og netthandel
Dei fleste nettbutikkane stansa omsetninga og fjerna dei forbodne produkta etter førespurnader frå dei nordiske tilsynsmaktene som deltok i aksjonen.
Nettbutikkane skal opplyse om kontaktinformasjon og kvar dei held til, i høve til e-handelsdirektivet, som Forbrukartilsynet forvaltar. Det kan dessverre vere vanskeleg både for styresmaktene og for forbrukarar å finne ut kven den ansvarlege aktøren bak nettbutikkar er sidan det ofte manglar informasjon om dette på nettsida.
Saman med dei nordiske og europeiske kollegaene våre kjem vi til å halde fram og kontrollere netthandel for å sørgje for at verksemdene følgjer regelverket og ikkje sel ulovlege produkt.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Alvorlige avvik hos Equinor Njord ved oljeutslipp8.5.2025 07:23:32 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn avdekket alvorlige avvik etter oljeforurensning fra Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaften.
Alvorlege avvik hos Equinor Njord ved oljeutslepp8.5.2025 07:23:32 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn avdekte alvorlege avvik etter oljeforureining frå Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaftan.
Landbasert oppdrett har for dårlig utslippskontroll7.5.2025 07:17:36 CEST | Pressemelding
Ni av ti anlegg for akvakultur på land som forurensningsmyndighetene kontrollerte i fjor, hadde brudd på regelverket. Flere av dem er alvorlige.
Åpner for noe sjølaksefiske i Finnmark30.4.2025 14:15:18 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslo først å ikke åpne for laksefiske i sjø i Finnmark, men har nå likevel valgt å åpne for noe fiske i fjordene i Vest-Finnmark.
Opnar for noko sjølaksefiske i Finnmark30.4.2025 14:15:18 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslo først å ikkje opne for laksefiske i sjø i Finnmark, men har no likevel valt å opne for noko fiske i fjordane i Vest-Finnmark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom