Statens vegvesen

Lyser ut ny E39-kontrakt i Trøndelag

Del

Statens vegvesen lyser ut konkurranse om bygging av ny E39 mellom Stormyra-Staurset i Heim kommune.

Statens vegvesen skal byggja 10,6 kilometer ny to‐felts E39 mellom Stormyra og Staurset i Heim kommune i Trøndelag.
Statens vegvesen skal byggja 10,6 kilometer ny to‐felts E39 mellom Stormyra og Staurset i Heim kommune i Trøndelag. Statens vegvesen

Statens vegvesen byggjer i perioden 2020 til 2026 tre nye parsellar på E39 mellom Betna og Stormyra. Det er tredje parsell, mellom Stormyra og Staurset, som no blir lyst ut.

-Når alle dei tre delstrekningane er fullførte, vil det bli ein samanhengande god europavegstandard på heile denne delen av E39. No lyser me ut tredje og siste parsell, og ser fram til dialogen med marknaden, seier Odd Helge Innerdal, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Når E39 Betna-Stormyra står ferdig vil reiseavstanden bli fem kilometer kortare, reisetida går ned med sju minutt, og trafikantane på strekninga får ein tryggare kvardag.

Kontrakt med forhandling

Arbeidet blir lyst ut som ein utføringsentreprise, og prosessen blir gjennomført som innkjøp med prekvalifisering og forhandling.

Påmeldingsfristen for entreprenørane er 4. desember. Forhandlingar vil gå føre seg gjennom vinteren, med mål om å signera kontrakt i mars 2024. 

10, 6 kilometer to-felts veg

Kontraktsarbeidet omfattar i hovudsak bygging av ca. 10,6 kilometer ny to-felts E39, med fartsgrense 80/90 kilometer i timen. Sju betongkonstruksjonar, eit nytt vegkryss mot fylkesveg 680, eit T-kryss med tilhøyrande avkøyringar, sidevegar og landbruksvegar er også ein del av kontrakten.

Store delar av strekninga går langs eksisterande veg, med delvis sidebratt terreng.

Arbeidet skal gjennomførast i perioden april 2024 til september 2026.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Statens vegvesen skal byggja 10,6 kilometer ny to‐felts E39 mellom Stormyra og Staurset i Heim kommune i Trøndelag.
Statens vegvesen skal byggja 10,6 kilometer ny to‐felts E39 mellom Stormyra og Staurset i Heim kommune i Trøndelag.
Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye