Ambisiøse mål for samfunnsoppdraget om berekraftig fôr
3.11.2023 10:56:02 CET | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding
Regjeringa mottok i dag forslag til tidfesta mål frå den operative gruppa knytt til arbeidet med det målretta samfunnsoppdraget om berekraftig fôr.

Matsikkerheita er under press som følgje av folkeauke, auka press på areal og ressursar, klimaendringar og meir usikre forsyningsliner. Tilgang på trygt og sunt fôr med låge klimagassutslepp er ein føresetnad for berekraftig matproduksjon. Regjeringa har derfor lansert eit målretta samfunnsoppdrag for berekraftig fôr som samlar næringsaktørar, avgjerdstakarar og forskingsmiljø i eit blågrønt utviklingsarbeid.
- Gjennom samfunnsoppdraget har vi sagt at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder. Nå har vi fått forslag til tidfesta mål som kan få oss dit. Eg ser fram til å sjå nærmare på forslaga og ta dette vidare, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.
Konkrete mål
Den operative gruppa foreslår tre mål, med tilhøyrande delmål:
- redusere klimagassutslepp og bevare naturmangfald
- auke forsyningssikkerheten
- utvikle ein sterk fôringrediensindustri i Noreg
- Målretta samfunnsoppdrag er ein ny måte å løyse komplekse problem på. Her kan Noreg ta ei leiarrolle i arbeidet med å sikre at alt fôr til husdyr og oppdrettsfisk skal kome frå berekraftige kjelder. Eg har stor tru på denne måten å rette søkelyset mot ei utfordring, og koordinere innsatsen frå mange sektorar mot eit felles mål. Slik tar vi forsking og kunnskap i bruk for å skape reell endring, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.
Store utfordringar, store mogelegheiter
Dei globale matsystema står for over ein tredjedel av dagens klimagassutslepp. Produksjon av fôr til fisk og husdyr utgjer ein vesentleg del av desse utsleppa. Fôr til fisk står for over 70 prosent av klimagassutsleppa i havbruksnæringa, knytt til produksjon, foredling og transport. Samtidig blir over 90 prosent av fôrråvarene importert. Når det gjeld fôr til husdyr, speler gras og beite ei viktig rolle. Samtidig er rundt 45 prosent av kraftfôret importert.
- Regjeringa ønskjer å auke sjølvforsyninga av norske jordbruksvarer og utvikle ein meir berekraftig matproduksjon med lågare klimagassutslipp. Auka bruk av lokale og meir berekraftige fôrråvarer til fiskefôr og kraftfôr til husdyr vil vere viktig for å redusere presset på klima og miljø, for ei grøn omstilling i norsk matproduksjon, og omsyn til beredskap, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Fakta: Målretta samfunnsoppdrag
Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innan ein gitt tidsfrist. Noreg deltek allereie i EU sine samfunnsoppdrag, og regjeringa har lansert to nasjonale samfunnsoppdrag på prioriterte område:
- berekraftig fôr
- inkludere flere barn i utdanning, arbeids- og samfunnsliv
Samfunnsoppdraget for berekraftig fôr inneber eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Les meir om samfunnsoppdraget her: Berekraftig fôr (forskningsradet.no)
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Lenker
Om oss
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Presseinvitasjon: Næringsministeren og kommunal- og distriktsministeren inviterer til møte om Fensfeltet21.9.2026 13:17:49 CEST | Pressemelding
Onsdag 23. september kl.12.00 møter næringsminister Cecilie Myrseth og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran pressen om Fensfeltet.
Næringsministeren til Tromsø mandag 21. september20.9.2026 09:53:41 CEST | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth er i Tromsø mandag 21. september. Statsråden skal blant annet møte det Tromsø-baserte helseteknologiselskapet Connect the Dots og delta på reiselivskonferansen Snow2026.
Fiskeri- og havministeren til Haugesund 21.-22 september19.9.2026 08:07:53 CEST | Presseinvitasjon
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss er i Haugesund 21.-22 september. Statsråden skal åpne Haugesundkonferansen, ha innspillsmøter til den nye maritime strategien til regjeringen. Hun skal på flere bedriftsbesøk og også ha møte med Sjøfartsdirektoratet.
Presseinvitasjon: Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss lanserer sjømatnettverk18.9.2026 15:02:01 CEST | Pressemelding
Norge er en sjømatnasjon, men vi spiser stadig mindre sjømat. Siden 2014 har sjømatkonsumet falt med 18 prosent. Denne trenden vil fiskeri- og havministeren snu.
Næringsministeren til Bodø 21.- 22. september18.9.2026 14:10:42 CEST | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth er i Bodø 21.-22. september. Statsråden skal blant annet ha møte i klimapartnerskapet med prosessindustrien og delta på Industrikonferansen 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom