Statens vegvesen

Brannøving i rv. 13 Lausasteintunnelen

Del

Statens vegvesen og Ullensvang brann og redning arrangerer brannvernøving i Lausasteintunnelen onsdag 8. november.

Bilete frå tidlegare brann- og beredskapsøving i tunnel i regi av Statens vegvesen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Bilete frå tidlegare brann- og beredskapsøving i tunnel i regi av Statens vegvesen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Øvinga varar frå klokka 17.00 til 19.00.

Tunnelen blir i denne perioden stengd for trafikk. Unnatak er for utrykkingskøyretøy og buss i rute som får passera.

Trygg tunnel

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar, utdjupar han.

Samfunnsberedskap

Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Amundsen til.

– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med nadetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.

Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.

Dette er tunnelen

Den 681 meter lange Lausasteintunnelen på riksveg 13 ligg i Ullensvang kommune i Vestland, ved Sandvinvatnet sør for Odda.

Tunnelen vart opna i 1995.

Den blir gjennomsnittleg trafikkert av 1.914 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 13 prosent, eller 249, lange køyretøy (tungtrafikk).

Kontakter

Bilder

Bilete frå tidlegare brann- og beredskapsøving i tunnel i regi av Statens vegvesen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Bilete frå tidlegare brann- og beredskapsøving i tunnel i regi av Statens vegvesen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.