Statens vegvesen

Skal du ut og reise i helga? Sørg for å vera førebudd på køyreforholda

Del

Statens vegvesen åtvarar om at det kan vera vanskelege køyreforhold flere stader i landet denne helga.

Trafikantane må vera førebudde på ulikt ver langs vegane denne helga.
Trafikantane må vera førebudde på ulikt ver langs vegane denne helga. Bård Asle Nordbø, Statens vegvesen

Snø, regn som frys på bakken, flom- og skredfare, kraftige vindkast. Ved inngangen til helga står farevarsla frå Meteorologisk institutt i kø. Skal du ut og reise i helga må du sørge for å vera oppdatert på køyreforholda der du skal køyre, og ha utstyret i orden.

- Vi i Statens vegvesen gjer det vi kan for å halde vegane opne og godt farbare. Og så må trafikantane sjøl sørge for å vera førebudd på dei forholda som møter dei, og sørge for å gjera smarte val når det gjeld deira eiga reise. Å ferdast trygt på vegane er eit felles ansvar, ein dugnad mellom fleire partar, seier Nils Karbø, avdelingsdirektør for trafikkstyring og beredskap i Statens vegvesen.

Last ned appen Vegvesen trafikk for å få varsel om stengt veg

Karbø er sjef for dei fem vegtrafikksentralane her i landet, og har følgande råd og oppmodingar til trafikantane, både dei som køyrer personbil og til tungbilsjåførane:

  • Skaff deg kunnskap om forholda akkurat der du skal køyre. Vegvesen.no/trafikk og appen Vegvesen trafikk er gode og lett tilgjengelege informasjonskjelder. I appen kan du få varsel om ein veg blir stengd eller kolonnekøyrd.
  • Rekne god tid til køyreturen, meir enn du ville gjort på bar veg og sommarføre.
  • Vær førebudd på at vegar kan bli stengde på kort varsel.
  • Vinterdekk er eit sjølvsagt krav på vinterføre.
  • Sørg for å ha nok straum eller drivstoff på bilen.
  • Ha varme klede, mat og drikke i bilen, særleg om du skal over fjellet eller på langtur.

Karbø understrekar at Statens vegvesen følger situasjonen på vegane nøye og er i tett dialog med entreprenørar og andre beredskapsmyndigheiter. Vi gjer preventive tiltak som og andre førebuande tiltak. Kontrollørane våre er på jobb for å luke ut køyretøy som ikkje burde vera på vegen.

Kjelder til trafikkinformasjon frå Vegvesenet

Statens vegvesen har mange nyttige tenester og kjelder til oppdatert trafikkinformasjon. Hald deg oppdatert her:

Kontakter

Pressevakt Transport og samfunn

* Trafikksikkerhet og ulykkesstatistikk
* Trafikktall
* Fotobokser/fartskontroll
* Skilt
* Bompenger
* Trafikkstyring og beredskap
* Teknologi
* Klima og miljø
* Plansaker
* Nasjonale turistveger (Pressekontakt: 91104480)
* Norsk vegmuseum (Pressekontakt: 61285250)

Tel:953 00 727pressetos@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom