Skal du ut og reise i helga? Sørg for å vera førebudd på køyreforholda
2.11.2023 16:55:15 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen åtvarar om at det kan vera vanskelege køyreforhold flere stader i landet denne helga.

Snø, regn som frys på bakken, flom- og skredfare, kraftige vindkast. Ved inngangen til helga står farevarsla frå Meteorologisk institutt i kø. Skal du ut og reise i helga må du sørge for å vera oppdatert på køyreforholda der du skal køyre, og ha utstyret i orden.
- Vi i Statens vegvesen gjer det vi kan for å halde vegane opne og godt farbare. Og så må trafikantane sjøl sørge for å vera førebudd på dei forholda som møter dei, og sørge for å gjera smarte val når det gjeld deira eiga reise. Å ferdast trygt på vegane er eit felles ansvar, ein dugnad mellom fleire partar, seier Nils Karbø, avdelingsdirektør for trafikkstyring og beredskap i Statens vegvesen.
Last ned appen Vegvesen trafikk for å få varsel om stengt veg
Karbø er sjef for dei fem vegtrafikksentralane her i landet, og har følgande råd og oppmodingar til trafikantane, både dei som køyrer personbil og til tungbilsjåførane:
- Skaff deg kunnskap om forholda akkurat der du skal køyre. Vegvesen.no/trafikk og appen Vegvesen trafikk er gode og lett tilgjengelege informasjonskjelder. I appen kan du få varsel om ein veg blir stengd eller kolonnekøyrd.
- Rekne god tid til køyreturen, meir enn du ville gjort på bar veg og sommarføre.
- Vær førebudd på at vegar kan bli stengde på kort varsel.
- Vinterdekk er eit sjølvsagt krav på vinterføre.
- Sørg for å ha nok straum eller drivstoff på bilen.
- Ha varme klede, mat og drikke i bilen, særleg om du skal over fjellet eller på langtur.
Karbø understrekar at Statens vegvesen følger situasjonen på vegane nøye og er i tett dialog med entreprenørar og andre beredskapsmyndigheiter. Vi gjer preventive tiltak som og andre førebuande tiltak. Kontrollørane våre er på jobb for å luke ut køyretøy som ikkje burde vera på vegen.
Kjelder til trafikkinformasjon frå Vegvesenet
Statens vegvesen har mange nyttige tenester og kjelder til oppdatert trafikkinformasjon. Hald deg oppdatert her:
- Vegvesen.no/trafikk (web)
- Vegvesen trafikk (app)
- Status på fjellovergangar og andre vêrutsette vegar
- Webkamera og vêrstasjonar langs vegen
- Oversiktsside for trafikkmeldingar
- Følg Vegtrafikksentralen for ditt område på X/Twitter:
-
- Vegtrafikksentralen Øst (@VTSost)
- Vegtrafikksentralen Nord (@VtsNord)
- Vegtrafikksentralen Midt (@VTSMidt)
- Vegtrafikksentralen Vest (@VTSvest)
- Vegtrafikksentralen Sør (@VTS_sor)
Kontakter
Nils Audun KarbøAvdelingsdirektørStatens vegvesen Transport og samfunn
Tel:907 59 656nils.karbo@vegvesen.noPressevakt Transport og samfunn
* Trafikksikkerhet og ulykkesstatistikk
* Trafikktall
* Fotobokser/fartskontroll
* Skilt
* Bompenger
* Trafikkstyring og beredskap
* Teknologi
* Klima og miljø
* Plansaker
* Nasjonale turistveger (Pressekontakt: 91104480)
* Norsk vegmuseum (Pressekontakt: 61285250)
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
Stenseth maskin skal bygge døgnhvileplass for tungtransport ved E39 Stormyra11.5.2026 11:56:51 CEST | Pressemelding
Orkanger-entreprenøren Stenseth maskin AS skal bygge den nye døgnhvileplassen for tungtransport ved Stormyra i Heim kommune.
Syklister dør mens bilister blir tryggere: EU-rapport slår alarm11.5.2026 09:32:10 CEST | Pressemelding
Syklister blir ikke tryggere i trafikken – mens bilister blir det. En ny rapport fra European Transport Safety Council (ETSC) viser nesten stillstand i nedgangen i sykkeldødsfall i EU. Nå ber ekspertene om 30 km/t der biler og sykler møtes, og mer sykkelveier.
Legg om lokaltrafikken i E39 Veibustkrysset9.5.2026 09:54:37 CEST | Pressemelding
Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom