Statens vegvesen

Mange drepne i trafikken i oktober

Del

I oktober omkom 15 personar i trafikken. Dette er nesten tre gonger så mange som i fjor, då 6 døydde. Det er over ti år sidan vi sist hadde så mange trafikkdrepne i oktober.  

Så langt i år er 111 drepne i trafikken. Det er 16 fleire enn på same tid i fjor.

Dersom alle brukar bilbelte, køyrer rusfritt,  held merksemda på vegen og køyrer etter forholda så sparar vi mange liv.
Dersom alle brukar bilbelte, køyrer rusfritt, held merksemda på vegen og køyrer etter forholda så sparar vi mange liv. Knut Opeide, Statens vegvesen

Dette viser foreløpige ulykkestal frå Statens vegvesen.

Mange ulykker med fleire omkomne i 2023

Tolv av årets dødsulykker er ulykker med to eller tre omkomne. Det er uvanleg mange.

– Vi opplever mange ulykker med fleire omkomne i år, seier Svein Ringen i Statens vegvesen. På same tidspunkt i fjor var det åtte ulykker med fleire omkomne, mot tolv i år. Dei siste fem åra har vi berre hatt tre til fem ulykker med fleire døde gjennom dei første ti månadane av året. Dette kan vere tilfeldig, men vil vere noko vi ser på i analysen av årets dødsulykker, seier Svein Ringen.

Auke i talet på møteulykker med dødeleg utfall

Det er 16 fleire dødsulykker mellom møtande bilar i år enn i 2022. Møteulykker og utforkøyringsulykker dominerer årets dødsulykker på vegane. 50 mista livet i møteulykker, og 37 omkom då dei køyrde av vegen.

– Etter år med nedgang ser vi ein auke. Særleg gjeld dette talet på møteulykker med dødeleg utgang, men også talet på utforkøyringsulykker aukar, seier Svein Ringen. Samtidig ser vi at det er færre fotgjengarulykker. Sju i år mot elleve i fjor.

81 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i dei ti første månadane av året. Meir enn halvparten (60) døydde i personbil. Dette er ein auke på 14 frå i fjor. I 34 av ulykkene var tungbil involvert, og fem av dei omkomne var førarar av desse bilane.

– Det er for tidleg å seie noko om årsakene til årets dødsulykker, seier Svein Ringen. Men vi veit at dersom alle brukar bilbelte og køyrer rusfritt, så sparar vi mange liv. No er det komme snø mange stadar i landet, så dersom alle også køyrer etter forholda og held merksemda på vegen, ligg mykje til rette for at vi sparar liv i trafikken, avsluttar Ringen.

Ulykkestal frå Statens vegvesen

* 2023 tala er foreløpige.

Hittil i år (pr. oktober)

Uhellstype

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2023*

Endring

Møteulykker

54

29

37

32

33

34

31

29

34

50

16

Utforkøyring

45

34

49

24

36

32

25

20

29

37

8

Kryssulykke

15

7

8

6

3

3

5

4

8

2

-6

Same køyreretning

2

3

4

5

4

7

2

4

8

3

-5

Fotgjengar

ulykke

16

9

12

8

9

7

9

8

11

7

-4

Anna

3

12

12

7

3

3

4

6

5

12

7

SUM

135

94

122

82

88

86

76

71

95

111

16

Heile året

147

117

135

106

108

108

93

80

116

 

Eining

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2023*

Endring

Fotgjengar

16

9

12

7

7

7

9

8

9

7

-2

Sykkel

12

5

12

8

7

6

3

3

5

7

2

Moped

2

0

1

1

2

0

0

1

0

2

2

Lett MC

2

0

1

1

1

1

2

1

3

3

0

MC

18

20

21

19

13

15

17

13

18

17

-1

ATV/Traktor

4

1

9

0

2

0

0

2

4

2

-2

Personbil

65

55

59

37

51

47

34

33

46

60

14

Varebil/Bobil

2

0

3

3

4

3

4

2

4

8

4

Tungbil

4

4

3

2

1

5

5

6

2

5

3

Buss

7

0

1

1

0

1

1

1

0

0

0

Anna

3

0

0

3

0

1

1

1

4

0

-4

SUM

135

94

122

82

88

86

76

71

95

111

16

Fylke

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2023*

Viken

38

19

32

14

15

16

17

20

19

20

Oslo

2

3

4

3

5

1

5

1

3

1

Innlandet

3

5

15

9

8

11

11

8

9

19

Vestfold og Telemark

9

6

9

6

10

8

11

5

11

4

Agder

3

8

11

3

8

7

2

4

5

7

Rogaland

6

2

15

7

8

1

4

5

11

12

Vestland

9

3

11

15

13

9

5

8

8

13

Møre og Romsdal

3

2

5

4

6

9

3

3

3

3

Trøndelag

8

2

14

8

6

8

5

6

9

13

Nordland

4

1

9

6

5

13

8

2

10

13

Troms og Finnmark

2

5

10

7

4

3

5

9

7

6

SUM

87

56

135

82

88

86

76

71

95

111

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Transport og samfunn

* Trafikksikkerhet og ulykkesstatistikk
* Trafikktall
* Fotobokser/fartskontroll
* Skilt
* Bompenger
* Trafikkstyring og beredskap
* Teknologi
* Klima og miljø
* Plansaker
* Nasjonale turistveger (Pressekontakt: 91104480)
* Norsk vegmuseum (Pressekontakt: 61285250)

Tel:953 00 727pressetos@vegvesen.no

Bilder

Dersom alle brukar bilbelte, køyrer rusfritt,  held merksemda på vegen og køyrer etter forholda så sparar vi mange liv.
Dersom alle brukar bilbelte, køyrer rusfritt, held merksemda på vegen og køyrer etter forholda så sparar vi mange liv.
Last ned bilde
No er det komme snø mange stadar i landet. Dersom alle også køyrer etter forholda og held merksemda på vegen, ligg mykje til rette for at vi sparar liv i trafikken.
No er det komme snø mange stadar i landet. Dersom alle også køyrer etter forholda og held merksemda på vegen, ligg mykje til rette for at vi sparar liv i trafikken.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom