Statens vegvesen aukar køyrehøgda i rv. 13 Vågstunnelen
1. november startar Statens vegvesen arbeidet med å auka køyrehøgda i rv. 13 Vågstunnelen frå 4,1 til 4,5 meter.

Det er Bergens-firmaet BMO Tunnelsikring AS som har fått kontrakten på jobben i den 850 meter lange tunnelen som ligg mellom Våge og Hylen i Suldal i Ryfylke.
– Det vi konkret skal gjera, er å sikra fjellet for vass- og frostsikring slik at heile tunnelen blir oppgradert, og vi skal montera ny kabelbru for lysa i taket. Dette gjer vi på grunn av lav høgde i tunnelen i dag, og det har skjedd at issvullar og istappar har falle ned i tunnelen, seier byggeleiar Espen Skjærbekk i Statens vegvesen.
Det har og falle ned stein, og eksisterande vass- og frostsikring er ikkje av akseptabel standard, legg han til.
Stenger tunnelen alle netter
Det er ein god del masse som skal fjernast frå tunnelen i samband dette oppdraget, og det gjer at det er naudsynt for Statens vegvesen å stenga tunnelen om nettene.
– Frå og med 1. november til og med 30. april stenger vi tunnelen på natta, frå klokka 22.00-06.00, supplerer Skjærbekk.
For å få mest mogleg effektiv arbeidsperiode, og for at heile tunneljobben skal bli ferdig snarast mogleg, blir det jobbing og nattestenging også i helgane.
– Større konsekvensar om vi ikkje gjer dette
For å minimera ulempene for trafikantane, er arbeidet lagt til den tida på døgnet det er minst trafikk.
Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører venting og stenging er krevjande for trafikantane.
– Men då er det viktig å minna om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid. Vegarbeid har konsekvens for trafikantene der og då, det kjem vi ikkje utanom. Men konsekvensane for trafikantane kan verta endå større om vi ikkje gjer dette arbeidet, legg Skjærbekk til.
På dagtid er det fri ferdsel i tunnelen. I periodar blir det køyring med ledebil frå klokka 18.00-22.00.
Naudetatar får ein vakttelefon for å kunna passera ved behov.
Her får du varsel om arbeidet
Statens vegvesen ut forvarsel fire forskjellige stader for å varsla trafikantane om oppdateringar på 175.no. Desse skilta står ved Sandeid, Lovraeidet, Kløvet og E134 frå aust (Røldal?)
Det er avgjerande for Statens vegvesen å varsla trafikantane så godt som mogleg om arbeid vi gjer langs vegane, seier Skjærbekk.
Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å halda seg oppdatert om arbeid på riks- og europavegane. I tillegg til 175.no, oppmodar Statens vegvesen trafikantane også til å bruka vår nye app Vegvesen trafikk.
I gjennomsnitt køyrer det kvar dag 500 køyretøy gjennom Vågstunnelen. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 20 prosent, eller 100, lange køyretøy (tungtrafikk).
Same jobb i Suldalsporten til våren?
Kontrakten er ein totalentreprise med moglegheit for liknande arbeid i Suldalsporten i 2024.
Denne tunnelen ligg om lag ei mil frå Vågstunnelen, litt lenger inne i Ryfylke.
– Statens vegvesen har eit strengt inspeksjonsregime for alle våre vegar, og tunnelar er mellom dei mest inspiserte vegobjekta. Vi gjer alt vi kan, kvar dag heile året, for å sikra at våre 10.600 kilometer med riks- og europaveg skal vera trygge og føreseieleg framkomelege ikkje berre i dag, men også i morgon. Vedlikehaldsarbeid i tunnel er ein viktig del av dette, og eit inspeksjonsregime som det vi har er eit godt grunnlag for å setja inn rett tiltak til rett tid, avsluttar byggeleiar Espen Skjærbekk i Statens vegvesen.




Nøkkelord
Kontakter
Espen SkjærbekkByggeleiar tunnelStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:90811760espen.skjaerbekk@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ekstrabevilgning gir mer asfalt i Nord-Norge og Midt-Norge11.7.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har fått 114 millioner kroner ekstra til asfaltering gjennom Revidert nasjonalbudsjett. Pengene er øremerket Nord-Norge og Midt-Norge, og nå er de detaljerte planene for 70 kilometer ekstra asfalt klare.
Fortsetter å luke ut trafikkfarlige kjøretøy9.7.2025 09:52:48 CEST | Pressemelding
- Tilstanden på kjøretøyene som ferdes på veien blir stadig bedre, men kontrollene våre viser at vi fremdeles har en jobb å gjøre for at trafikantene skal være så trygge som mulig.
Mjøsbrua på E6 vil være nattestengt fram til 18. juli8.7.2025 14:48:51 CEST | Pressemelding
Arbeidet i Moelvtunnelen på E6 i Innlandet er forsinket. Dermed vil tunnelen og også Mjøsbrua være nattestengt en ekstra uke.
Parkeringskaos: Innfører strengere regler i Lofoten og på Stegastein4.7.2025 12:20:27 CEST | Pressemelding
Fra midten av juli tester Statens vegvesen ved Nasjonale turistveger om strengere parkeringsregler kan løse flokene med camping og parkering i Lofoten og på Stegastein på Aurlandsfjellet.
Må asfaltere E16 Dysterud–Sandnesmoen også på søndag3.7.2025 13:41:21 CEST | Pressemelding
Asfalteringen på E16 i Sør-Odal er godt i gang, men været har gjort at det også blir asfaltering førstkommende søndag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom