Stenger ferjesambandet Anda-Lote natt til 25.oktober
20.10.2023 11:13:43 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen nattestenger ferjesambandet Anda 24.-25.oktober.

– Årsaka er at vi reparerer heisetårn på E39 Anda ferjekai, sier byggeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.
Jobben skjer frå 24. oktober klokka 19.40 til 25. oktober klokka 06.00. Ferjesambandet Anda – Lote blir stengt i denne perioden.
Slik blir ruteendringane
Siste avgang frå begge sider blir klokka 19.40 tysdag.
Ferjeruta startar å gå igjen onsdag morgon, 06.00 frå Lote og 06.15 frå Anda.
– Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører at vi må stengja våre ferjekaiar kan gje lemper for trafikantane. Då er det viktig å minna om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid. I god dialog med entreprenør har vi valt å leggja arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.
– Stenging av veg, og som her sjøveg, har konsekvens. Det kjem vi ikkje utanom. Men
konsekvensane for trafikantane kan verta endå større om vi ikkje gjer dette arbeidet, legg han til.
Slik held du deg orientert
Omkøyring vil bli skilta i god tid før begge ferjekaiane.
Statens vegvesen oppmodar elles trafikantar til å sjekka 175.no før ein skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske riks-, europa- og fylkesvegar.
Ein kan og nytta appen Vegvesen trafikk, som er oppdatert med same informasjon.
Det har aldri vore fleire moglegheiter til å halda seg oppdatert om situasjonen på vegane enn i dag.
Kontakter
Asbjørn RøneidByggjeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95191867asbjorn.roneid@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Husk å påregistrere kjøretøyet før du drar på tur i påska30.3.2026 08:42:19 CEST | Pressemelding
Påsken er høysesong for utfart. Før du legger ut på tur må du å sjekke at kjøretøyet er påregistrert!
E6 Raudhammartunnelen åpner for normal trafikk29.3.2026 17:02:45 CEST | Pressemelding
Opprydningsarbeidet vil fortsette på nattestid.
Raudhammartunnelen på E6 åpner for regulert trafikk28.3.2026 13:24:20 CET | Pressemelding
Veien åpner for regulert trafikk med ledebil i dag kl. 13:45.
Statens vegvesen jobber for fult for å kunne åpne tunnelen med regulert trafikk på E6 i Raudhammartunnelen i løpet av morgendagen27.3.2026 19:51:21 CET | Pressemelding
I tillegg settes det opp nytt fergesamband etter tunnelbrannen i Sørfold natt til fredag.
Raudhammartunnelen: Midlertidig unntak fra kjøre- og hviletid27.3.2026 17:08:03 CET | Pressemelding
Som følge av bussbrannen i Raudhammartunnelen på E6 i Sørfold i Nordland har Vegdirektoratet besluttet midlertidige unntak fra reglene om kjøre- og hviletid.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom