– Krigen må ta slutt
Biskopane i Den norske kyrkja uttrykkjer medkjensle med alle som er offer i terror- og krigshandlingane i Gaza og Israel. – Saman med kyrkjene i Det heilage landet bed vi om at terror og vald må ta slutt, uttaler biskopane.
Biskopane i Den norske kyrkja, samla til bispemøte i Oslo 16.–19.oktober vil uttrykkje vår medkjensle med alle som er offer i terror- og krigshandlingane i Gaza og Israel.
Saman med kyrkjene i Det heilage landet bed vi om at terror og vald må ta slutt.
Vi fordømer på det sterkaste alle åtak på sivile mål, både dei første terrorhandlingane frå Hamas og no seinast bombinga mot sjukehuset i Gaza. Det skjer alvorlege brot på folkeretten som går ut over det vi kan førestille oss av vondskap og naud. Tusenvis er drepne, endå fleire skadde og traumatiserte, og folk lever i frykt for nye åtak. Tallause har mista heimane sine og er drivne på flukt.
Alt som er mogleg må gjerast for å stoppe denne katastrofen og ein ytterlegare eskalering av valden. Den akutte humanitære krisa som følgje av gisseltakinga, blokaden og bombinga av sivile på Gaza må løysast umiddelbart.
Ta menneskeverdet på alvor
Barna er alltid dei mest sårbare i terror og krig. Skadane, traumene og frykta barna i Israel og Palestina opplever desse dagane vil følge dei resten av deira levetid. Den komande helga har vi TV-aksjonen 2023 til Redd Barna: «La barna leve i fred». Det som skjer desse dagane viser kor nødvendig og viktig det er å støtte nettopp dette arbeidet no.
Vi vil uttrykkje vår medkjensle og støtte til alle som også i vårt land er råka av krigen og krisene i Midt-Austen. Det er familiemedlemer, vener og andre nære til dei som er drepne, skadde eller tekne som gissel, og dei som lever i frykt og i ei humanitær krise. Vi oppmodar til å vise omsorg og støtte på dei måtar vi kan.
Alle har vi ansvar for ikkje å avhumanisere andre menneske. Det skjer i terror og brot på krigens folkerett, og det skjer når vi ikkje tek menneskeverdet på alvor. Det gjeld også i diskusjonar og når vi omtalar kvarandre i vårt eige land. Hat og hatske angrep i møte med kvarandre og i sosiale medier er farlege. Det forgiftar fellesskap og skadar oss alle. Også i kyrkja og kyrkjelydane våre er det mange og sterke meiningar og sympatiar for ulike partar. No treng vi å byggje bruer og skape forsoning.
Rettferd og fred for alle
Den aktuelle krisa i Midt-Austen må føre til nye og reelle forsøk på å skape rettferdig fred for alle i Palestina og Israel. Det er ikkje etablert ei varig, rettferdig og fredeleg ordning for det palestinske folk ut frå FN-vedtaka heilt sidan 1948. Vi oppmodar difor den norske regjeringa til å ta nye initiativ, og følgje opp dei mange gode intensjonane som har vore i tidlegare prosessar, sjølv om dei ikkje har ført til dei resultata ein håpa på. Det er viktigare no enn nokon gong å støtte lokale kyrkjer og andre religiøse aktørar som arbeider for rettferdig fred.
Saman med kyrkjer og menneske av ulik tru i heile verda, bed vi om at terror og vald må ta slutt, og om ei framtid med rettferd og fred for alle.
Kyrie eleison! Herre, miskunna deg over alle menneske!
Nøkkelord
Kontakter
Emil EngesetKommunikasjonsdirektør
Tel:47906092ee457@kirken.noBilder
Om oss
65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane.
Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D
Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet.
Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
Forskning på utøvelse av åndelig omsorg på sykehjem14.10.2024 15:04:04 CEST | Pressemelding
Sykehjemsprest Anna Dalaker tildeles Olavstipendet for 2025. Det går til forskning for å øke og systematisere kunnskap på feltet der Den norske kirke møter mennesker med demens.
Høye pensjonskostnader utfordrer Den norske kirke7.10.2024 11:00:21 CEST | Pressemelding
Regjeringen ønsker en landsdekkende folkekirke, men tar ikke høyde for økte pensjonsregninger. – En landsdekkende folkekirke er avgjørende i den tiden vi er i, mener kirkerådslederen.
Sudan i verdens blindsone26.9.2024 12:09:25 CEST | Pressemelding
– I skyggen av andre kriser er katastrofen i Sudan svært viktig å mobilisere globalt for nå. Det trengs sårt fred og økt humanitær innsats. Mer enn 26 millioner mennesker lider av kritisk sult og det er fare for hungersnød, sier Kristine Sandmæl, leder av Mellomkirkelig råd for Den norske kirke.
Presseinvitasjon: Presentasjon av kandidater til ny biskop i Oslo18.9.2024 09:32:00 CEST | Pressemelding
Arbeidet med å tilsette ny biskop i Oslo bispedømme etter Kari Veiteberg er i gang. Onsdag i neste uke, 25. september kl. 18.00, er det mulig å bli bedre kjent med de fem, i en presentasjon i Oslo domkirke. Presentasjonen er åpen for alle, påmelding for presse til ak547@kirken.no innen tirsdag 24.09.25.
Reduksjon i klimagassutslepp13.9.2024 14:31:53 CEST | Pressemelding
Den norske kyrkja skal kutte klimagassutslepp frå fly skal med 60 prosent innan 2030. Utsleppsrekneskapen for 2023 kuttar tre prosent meir enn planlagt, men det er store skilnader internt i organisasjonen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom