No er Statens vegvesen i gang med dette E39-krysset
16.10.2023 16:06:16 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Arbeidstida blir frå klokka 07.00-19.00 måndag-fredag.
Det blir trafikkregulering i periodar, og då med hjelp av lysregulering og nedsett fart.
Det kan bli inntil 15 minutts ventetid for trafikantane når vi skal sprenga.
– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid med venting kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minne om at vi gjer dette nettopp for dei, for at vegen skal vera trygg og føreseieleg framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Alt vegarbeid har konsekvens, det kjem vi ikkje utanom. Men konsekvensen for trafikantane kan bli endå større om vi ikkje gjer dette vegarbeidet, seier byggeleiar Martin Solheim Ekreskar i Statens vegvesen.
Flyttar kryss og bygger 230 meter ny veg
Ved å flytta det ulukkesutsette krysset snaue 100 meter sørover i retning Sande betrar vi sikta for påkøyrande frå den kommunale Alvervegen i Sunnfjord kommune, legg han til.
Midlar til dette trafikksikringsprosjektet (TS) fekk Statens vegvesen gjennom revidert nasjonalbudsjett.
Statens vegvesen bygger 230 meter heilt ny veg for å betra trafikktryggleiken i området. Avtalar med grunneigarar og Sunnfjord kommune er på plass. Jobben skal vera ferdig til jul.
– Derfor gjer vi dette
Dette TS-prosjektet går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.
– Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er noko av det finaste du kan gjera både for trafikantane, samfunnet og klimaet. Dette er ei lang rekke prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Det å bygge eit nytt kryss som betrar sikta i begge retningar, til erstatning for eit uoversiktleg, ulykkesutsett kryss er ein del av dette, seier Ekreskar.
Det går dagleg mellom om lag 3.500 køyretøy gjennom dette krysset. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 15 prosent, eller 525, lange køyretøy (tungtrafikk).
Nøkkelord
Kontakter
Martin Solheim EkreskarByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95119723martin.solheim.ekreskar@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Klar for høstferien? Slik kommer du trygt fram24.9.2026 08:05:00 CEST | Pressemelding
Mange skal ut på veiene i høstferien. Men husk at høstværet kan være lunefullt. Det er lurt å være godt forberedt, særlig om du skal på fjellet.
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
Skogrydding langs E39 i Brusdal23.9.2026 11:02:33 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uka skogrydding langs E39 i Brusdal på strekningen mellom fylkesveg 5948 og Fremmerholden. Målet er bedre trafikksikkerhet og enklere vinterdrift.
No er dato for oppstart i Lærdalstunnelen klar23.9.2026 10:48:50 CEST | Pressemelding
16. november startar oppgraderinga av Lærdalstunnelen på E16. Trafikantane må førebu seg på 12-timars stengingar og tilpasse reisevanane sine.
Vurderer strakstiltak mot sykkelulykker23.9.2026 06:45:00 CEST | Pressemelding
Ti syklister har mistet livet i år. Nå varsler Statens vegvesen hastegrep for å bedre sikkerheten og inviterer til nasjonal sykkeldugnad.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
