Ny oversikt over kulturarv i byar, tettstader og landskap
12.10.2023 14:31:23 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Den nye, felles oversikta heiter no “Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse” og byggjer vidare på eksisterande data frå desse.

Det tidlegare NB!-registeret (Kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstader) og KULA-registeret (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse) er no slått saman til ei felles oversikt. Oversikta skal i tillegg inkludere kulturmiljø, som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik ikkje er ein del av dei etablerte registra.
- Både NB!-registeret og KULA-registeret er viktige kunnskapsgrunnlag for forvaltinga, seier Elisabeth Dahle, avdelingsdirektør i Samfunnsavdelinga hjå Riksantikvaren. - Når vi no samlar data frå desse i ei felles oversikt er føremålet å gjere arbeidet med kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse enklare og meir oversiktleg, seier Dahle.
Oversikta er eit kunnskapsgrunnlag som kommune, fylke, Sametinget og andre private og offentlege aktørar, kan nytte i samband med planlegging og utvikling.
Den skal medverke til ei berekraftig forvalting av kulturmiljø i byar og tettstader, og i landskap av nasjonal interesse.
Data frå oversikta er tilgjengeleg for forvaltinga i “Askeladden”, som er den nasjonale databasen for kulturminne, kulturmiljø og landskap, og i “Kulturminnesøk” som er tilgjengeleg for alle i Noreg.
Nasjonal interesse
Dersom eit landskap eller eit kulturmiljø har nasjonal interesse, tyder det at det knyter seg historiske verdiar til det aktuelle området. Desse historiske verdiane er viktig for å forstå fortida vår, og den norske kulturarven.
Det tyder ikkje at det valde arealet vert del av ein verneplan, og det vert heller ikkje formelt freda. Ein status som nasjonalt interessant område skal ikkje stoppe utviklinga, men medverke til god og berekraftig forvaltning som samstundes tek i vare kulturmiljøverdiane.
Kvifor ha ei oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse?
Vi treng kunnskap om kva for kulturhistoriske verdiar som finnast i desse områda, og kva som skal til for å ta vare på dei. Denne kunnskapen nyttast til dømes når nye hovudvegar skal byggjast, vindmøller reisast eller bymiljø fortettast. Då er det viktig å ha kartlagt kulturmiljø og landskap.
Riksantikvaren har fram til no hatt to register som har vist område av nasjonal interesse. For å gjere det lettare å få oversikt over kva område som har denne statusen, har vi vald å samle dei i ei felles oversikt. Her skal det vere lettare å få kunnskap om områder som har nasjonale interesser og deira hovudhistorie, og kva som er tåleevna til desse områda, og kva deier sårbare for. Vi ynskjer at dette skal vere eit godt verktøy for forvaltinga, og vonar difor at samanslåinga gjer det meir brukarvenleg og tilgjengeleg.
Dersom det vert føreslått endra arealbruk eller tiltak innanfor eit kulturmiljø eller landskap som er i konflikt med dei nasjonal interessene i eit kulturmiljø eller landskap, kan det danne grunnlag for motsegn. Oversikta nyttast som eit prioriteringsverktøy i kulturmiljøforvaltninga ved at det tidleg kan signaliserast kor det må takast særskild omsyn i planlegging og utvikling.
Kulturmiljø og landskap i endring
Omgjevnadane våre har alltid vore i endring, men no skjer endringane raskare enn nokon gong. Dette kan medverke til at viktige kulturmiljø- og landskapsverdiar går tapt. Kulturmiljø og landskap gir mange moglegheiter for oppleving. Menneskeskapte spor, og lokalt særpreg, dannar grunnlag for verdiskaping og utvikling. Spor etter fortida kan gjere eit område meir attraktivt og danne grunnlag for turisme, nærings- og bustads utvikling. Verdiane og heilskapen i desse områda skal både nyttast som ein ressurs, og takast vare på.
Kulturmiljø og landskap
Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng.
Landskap er eit samleomgrep for naturgjevne og menneskeskapte omgjevnader, og omfattar både natur og kultur.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder

Lenker
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Bare 60 år gammel, men nå blant Norges viktigste kirker17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå setter Riksantikvaren Steinkjer kirke på lista over kulturhistorisk viktige kirker i Norge. For første gang på 26 år kommer det en ny kirke inn på lista.
Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug - som knyttes til Harald Hårfagres tid - skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Opnar vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom