Den norske kirke

Fredsprisen til Narges Mohammadi

Del

Den iranske aktivisten for kvinnerettar får Nobels fredspris for 2023. – Svært fortent pris, meiner internasjonal direktør Einar Tjelle. 

Foto: Den norske kyrkja

Nobels fredspris for 2023 vart i dag tildelt den fengsla iranske menneskerettaktivisten Narges Mohammadi. Ho fekk prisen for hennar mangeårige kamp mot kvinneundertrykking og arbeidet med å fremje menneskerettar og fridom for alle.

– Dette er ein svært fortent pris og ei stor anerkjenning av det viktige arbeidet til Mohammadi, seier internasjonal direktør i Den norske kyrkja, Einar Tjelle.

Fengsla prisvinnar

Mohammadi har kjempa mot dødsstraff, tortur og seksuell vald mot kvinner i iranske fengsel. Kampen har kosta henne mykje personleg. Ho er dømd til fengeslsstraff for til saman 31 år, og sit framleis i fengsel. Gjennom å skrive brev, bøker og rapportar har ho halde fram arbeidet frå fengsel.  

Det at fredsprisvinnaren framleis sit i fengsel for sitt engasjement, meiner Tjelle viser kor viktig arbeidet er.

– At Narges Mohammadi sit i fengsel på grunn av kampen for nettopp fridom, demokrati og sosial rettferd seier noko om alvoret i saka. Det viser kor modig denne menneskerettaktivisten er.

Kvinner sine rettar

Under slagordet Women, life, freedom har Mohammadi og andre iranske aktivistar skapt global merksemd med solidaritet og engasjement i kampen for grunnleggande retter til iranske kvinner.

Mellomkyrkjeleg råd i Den norske kyrkja har gjennom mange år arbeida for menneskerettar og demokrati – og kvinner sine rettar har vore høgt påagendaen.

– Eg vonar og ber om at denne prisen vil vere eit viktig bidrag til å setje Iran og kampen for kvinner sine rettar på den internasjonale dagsordenen, avsluttar Tjelle.  

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane. 

Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D

Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet. 

kyrkja.no

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Den norske kirke

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye