Startar anbodskonkurranse for Stad skipstunnel
6.10.2023 10:01:14 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding
Kystverket vil lyse ut anbodskonkurranse for bygging av Stad skipstunnel i 2024.
– Stad skipstunnel er eit svært viktig prosjekt, både for næringslivet, nærskipsfarten og tryggleiken langs kysten. Ikkje minst vil det gi ei viktig føreseielegheit for utvikling av viktige havnæringar i regionen. At prosjektet no sendast på anbud, vil vere viktig for å finne ut om det er mogleg å realisere det innanfor dei rammene som er sette. Dersom vi får inn tilbod innanfor dette, vil vi kunne starte arbeidet med å realisere skipstunnelen. Det er vårt klare mål, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Stortinget vedtok våren 2021 at Stad skipstunnel kan bli bygd innanfor ei kostnadsramme på 4 090 millionar kroner. Dette utgjer om lag 5 060 millionar kroner i 2024-prisar. I anbodskonkurransen vil det bli teke atterhald om gjennomføring av prosjektet dersom det ikkje kjem tilbod som er innanfor kostnadsramma som Stortinget har vedteke.
Dei aktørane som kvalifiserer seg til å delta i konkurransen vil få ein kompensasjon for å utarbeide tilbod. Storleiken på denne kompensasjonen vil bli avgjort seinare. Regjeringa foreslår å løyve om lag 130 millionar kroner til førebuande arbeid og gjennomføring av anbodskonkurransen i 2024.
– Det er sett av eit betydeleg beløp, og anbodskonkurransen er utforma på ein sånn måte at også norske aktører kan delta. Dersom vi får inn tilbod med tilstrekkeleg kvalitet og til ein pris som ligg innanfor den vedtekne kostnadsramma, vil prosjektet bli realisert. Dersom det ikkje kjem inn tilbod innanfor den vedtekne kostnadsramma, må regjeringa attende til Stortinget med saka, seier fiskeri- og havminister Skjæran.
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Om oss
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Korleis kan Noreg styrkje posisjonen sin vidare som romnasjon12.6.2026 11:43:21 CEST | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet arbeider med ei ny stortingsmelding om romverksemd som skal leggjast fram neste år. Meldinga skal peike ut retninga for norsk romverksemd i åra som kjem.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøker Ålesund og Ulsteinvik10.6.2026 15:35:38 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havministeren besøker Ålesund og Ulsteinvik mandag 15. Juni. Sunnmøre er en av de viktigste regionene i den norske havøkonomien.
Norge og Italia inngår strategisk industripartnerskap9.6.2026 12:39:51 CEST | Pressemelding
Norge og Italia har i dag signert en intensjonsavtale om et strategisk industripartnerskap. Avtalen skal styrke samarbeidet mellom de to landene og legge til rette for økt verdiskaping, sterkere konkurransekraft og tettere samarbeid i Europa.
Næringsministeren åpnet norsk italiensk næringslivsforum i Roma8.6.2026 11:29:57 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth åpnet det første møtet i det norsk italienske næringslivsforumet i Roma sammen med Italias utenriksminister Antonio Tajani. En bred delegasjon fra norsk næringsliv deltok på arrangementet.
Vil spare næringslivet for tid med nytt digitalt verktøy7.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
I Noreg blir det målt for enorme verdiar kvart einaste år. Korrekte målingar er avgjerande for rettferdig handel, effektiv ressursbruk og tillit mellom aktørane. No vil regjeringa gjere det enklare for næringslivet å måle riktig og har bedt Justervesenet om å lage eit nytt digitalt verktøy.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom