Samferdselsdepartementet

Dovrebanen: Foreslår mellombels støtteordning for godstogselskap som er råka etter brukollapsen ved Ringebu

Del

Den økonomiske situasjonen er kritisk for fleire aktørar i bransjen etter at jernbanebrua over Lågen i Ringebu kollapsa. Som tidlegare varsla, foreslår regjeringa no overfor Stortinget å etablere ei mellombels støtteordning for godstogselskap som ikkje kan frakte gods på Dovrebanen i perioden strekninga er stengt for trafikk. Regjeringa ønskjer å frakte meir gods på jernbanen, og då er det viktig å sikre den økonomiske berekrafta for togoperatørane fram til Dovrebanen opnar igjen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Godstog på jernbanebru på Dovrebanen ved Minnesund
Godstog på jernbanebru på Dovrebanen ved Minnesund Foto: Olav Heggø

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om å løyve 120 millionar kroner i 2023 til ei mellombels støtteordning for godstogselskap som er råka av driftsstansen på Dovrebanen etter ekstremveret Hans. Regjeringa vil kome tilbake til behovet for løyvingar i 2024 i forslag til statsbudsjett for 2024.    

Støtte frå same dag som Randklev bru kollapsa
Det vil vere mogleg å søkje om tilskot for tap frå same dag som Randklev bru ved Ringebu kollapsa, det vil seie 14. august i år. Ordninga skal dekkje 95 prosent av tapa som mottakarane av tilskot har hatt som følgje av brukollapsen.

Målgruppa for ordninga er godsoperatørar som på tidspunktet for brukollapsen var tildelt ruteleie for å frakte gods på Dovrebanen og som har direkte tap som følgje av kollapsen. Tap som følgje av auka kostnadar og reduserte inntekter skal reknast ut i tråd med retningsliner fastsett i medhald av statsstøtteregelverket.

Jernbanedirektoratet skal forvalte støtteordninga
Jernbanedirektoratet vil få ansvaret for forvaltninga av den mellombelse ordninga. Mottakarane skal gjere rekneskap tilgjengeleg for Jernbanedirektoratet, slik at samla tilskot ikkje blir høgare enn kva mottakarane har krav på. Tilskotet skal leggje til rette for at selskapa som får støtte, driv så effektivt som mogleg så lenge dei mottek støtte. Dette skal gjere at behovet for tilskot ikkje blir høgare enn nødvendig.

Den nye mellombelse støtteordninga skal erstatte tidlegare utbetaling   
Som følgje av den kritiske situasjonen for godstogoperatørane og i påvente av Stortingets opning i byrjinga i oktober, nytta regjeringa tidlegare i september høvet Kongen i statsråd har til å pådra staten utgifter utan løyving når dette er heilt nødvendig.

Utbetaling innanfor ramma på 75 millionar kroner skal avgrensast til det som er strengt naudsynt fram til Stortinget får behandla det nye forslaget frå regjeringa om etablering av den mellombelse støtteordninga for godstogselskapa. 


For fleire opplysningar – sjå:

 

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Regjeringen vil sikre postlevering til postkassa28.4.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding

– Posttjenester er en viktig bærebjelke i det norske samfunnet, men digitalisering har gjort at vi sender stadig mindre tradisjonell post. Fallet i brevmengden de siste årene har vært stort, noe som gir en svært høy kostnad per gjenværende brev som blir sendt. Derfor er vi nødt til å redusere antallet leveringsdager, men vi ønsker at alle skal sikres brevlevering i postkasse minst én dag i uken, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye