– Vi må senke terskelen for å komme seg ut i naturen
Friluftsliv-deltakarar rapporterer om betre helse og livskvalitet. For enkelte grupper er denne samanhengen ekstra sterk, viser ny rapport. (nynorsk)

– Når vi ser at friluftsliv betyr ekstra mykje for eldre, personar med låg inntekt og personar med nedsett funksjonsevne, er det viktig at terskelen for å komme seg ut i naturen blir senka. Vi veit at friluftsliv har ein svært positiv effekt på folks fysiske og psykiske helse, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har på oppdrag frå Miljødirektoratet utarbeidd ein rapport som samanfattar deltaking i friluftsliv både for vaksne og barn. Formålet er å sjå betydninga av friluftsliv i eit langtidsperspektiv frå 1970-talet og fram til i dag.
Må leggje til rette for friluftsliv
Friluftsliv er ein viktig del av det norske folkehelsearbeidet, og inngår også i Noregs 24 miljømål. Eit av miljømåla handlar om å ta vare på viktige friluftsområde og leggje til rette for bruk, og bidra til at friluftsliv blir meir tilgjengeleg for alle (Miljømål 3.1).
– Når omtrent 80 prosent av oss bur i byar og tettstader, må vi både ta vare på parkar og andre grøne område inne i byane og dessutan vareta bynære markaområder. Vi må også leggje til rette gode samband frå bustadområda inn i marka, slik at det blir enklare å drive med friluftsliv i dagleglivet, seier miljødirektøren.
Mens rekordhøge 93 prosent av befolkninga gjekk tur i nærområdet sitt under pandemien, viser også tal frå Natur- og miljøbarometeret 2023 at personar som har tilgang på naturen i nærmiljøet bruker naturen hyppigast.
Kommunane sit på nøkkelen
Det er kvar enkelt kommune som har ansvaret for å leggje til rette for friluftsliv i kommunen sin. Miljødirektoratet samarbeider med fylkeskommunane for at alle kommunar skal ha ein eigen plan for sti- og løypenettet sitt.
– Erfaringane frå nærmiljøsatsinga til Miljødirektoratet viser at tilrettelegging for friluftsliv i nærmiljøet har mange positive effektar for både samfunnet og enkeltmenneske. Godt planlagde stiar, løyper og turvegar er viktige for at fleire skal drive med friluftsliv i kvardagen. Fram til no er over 240 kommunar i gang med å lage slike planar, seier Hambro.
Sjølv om talet som er ute tre til fire dagar i veka har sokke sidan koronaåret 2020, har det vore ein auke i andelen som går ein til to dagar eller annakvar veke, viser tal frå Natur- og miljøbarometeret.
Store variasjonar i befolkninga
Hovudtrekka i det norske friluftslivet er at talet på folk som har drive med ulike friluftslivsaktivitetar, har vore relativt stabilt eller svak nedgang dei siste 50-åra. Nordmenn driv stort sett med mykje ulikt friluftsliv, med alt frå spasar- og sykkelturar til padling og fiske.
– Vi synest det er gledeleg å sjå at friluftslivsdeltakinga blant dei yngste er høg, og at dei eldre har auka deltakinga si betrakteleg. Samtidig ser vi at enkelte grupper deltek i mindre grad, seier Hambro.
Sjølv om friluftsliv er ein viktig del av den norske kulturen, er det store variasjonar i befolkninga når det gjeld deltaking i friluftsliv. Mens yngre og personar med høgare utdanning og inntekt har høg deltaking, deltek einslege forsørgjarar, og personar med låg utdanning og inntekt i mindre grad. Dette gjeld både vaksne og barn.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Alvorlige avvik hos Equinor Njord ved oljeutslipp8.5.2025 07:23:32 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn avdekket alvorlige avvik etter oljeforurensning fra Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaften.
Alvorlege avvik hos Equinor Njord ved oljeutslepp8.5.2025 07:23:32 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn avdekte alvorlege avvik etter oljeforureining frå Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaftan.
Landbasert oppdrett har for dårlig utslippskontroll7.5.2025 07:17:36 CEST | Pressemelding
Ni av ti anlegg for akvakultur på land som forurensningsmyndighetene kontrollerte i fjor, hadde brudd på regelverket. Flere av dem er alvorlige.
Åpner for noe sjølaksefiske i Finnmark30.4.2025 14:15:18 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslo først å ikke åpne for laksefiske i sjø i Finnmark, men har nå likevel valgt å åpne for noe fiske i fjordene i Vest-Finnmark.
Opnar for noko sjølaksefiske i Finnmark30.4.2025 14:15:18 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslo først å ikkje opne for laksefiske i sjø i Finnmark, men har no likevel valt å opne for noko fiske i fjordane i Vest-Finnmark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom