Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga Langt Heimafrå
22.9.2023 13:26:05 CEST | Universal Music Norge | Pressemelding
For tre år sidan tikka det inn ein sjeldsynt sms fra Ingebjørg Bratland til Odd Nordstoga. «Hei Odd! Vil du eta lunch med meg på Thetatercaféen?» stod det. Lunch blei det, og i tillegg til maten la Ingebjørg ein idé ho hadde på bordet: «Om me ikke skulle gjera noko i lag att i 2023?»

I 2013 gav me ut albumet «Heimafrå» og spelte 134 konsertar, i alt frå ungdomshus, kulturhus og grendehus, før me avslutta i operaen i Oslo. Det var debutalbumet til Ingebjørg. Odd derimot hadde mange album og turnéar bak seg. 2013 var eit langt, men morosamt år. Og vips var det 10 år sidan så no var det kanskje passande og gjera eit nytt album og ein ny turné.
«Heimafrå» var ei samling viser ifrå folkemusikktradisjonen begge er fostra opp i. Oppfylgjaren «Langt heimafrå» har litt av det same i seg. Men, som tittelen hintar om, er perspektivet endra. Framleis kling det av folkemusikken både i stemmene og i tradisjonstoffet. Men dette har fått selskap av nyskrevne låtar. Produksjonen er også støre, og losa i hamn av smått legendariske Kåre Chr. Vestrheim.
Grunnstamma til albumet vart spelt inn i Propeller Music Division med Mats Eilertsen på bass og Pål Hausken på trommer. Så drog Kåre, Ingebjørg og Odd over til Roundstone i Irland for å legge på irske fløyter, fele og song. Begge to er glad i den Irske musikken, og kanskje kunne eit møte med denne legge til noko fint til heile prosjektet, tenkte dei. Og det blei fint! Det blei ikkje feil å legge til ein dåm av salt hav og vide horisontar til ein klukkande fjellbekk frå Telemark.
I Roundstone møtte me søskenparet Séamus og Caoimhe Uí Fhlatharta. Dei bidrog med irske fløyter, bodhran, fele, irsk harpe og song på plata. Séamus og Caoimhe voks opp i Connemara, som er ein viktig region for den irske folkemusikken og det irske språket; gæilisk. Roundstone ligg forøvrig óg i Connemara.
«Sud-Sauar-Jon, «I mine Kåte ungdomsdagar», «Anton» og «Å, Kjære mi Sigrid» er songar henta frå Telemark, frå vår folkemusikktradsjon.
«The Evelyn Marie» er ei irsk vise Ingebjørg lærte då ho var på rundreise med mor, far og syster i Irland, sommaren 2002. Songen om fisketrålaren Evelyn Marie som sank utanfor Donegal i 1975. Dette blei det siste sporet på albumet, som ein slags gest til det irske musikalske bidraget me fekk i Roundstone. Dette er også fyrste gong Ingebjørg syng eiin song på engelsk, på eit album.
Dei resterande songane har Odd skrive. To av dei: «Heimlandsong» og «Ingenting å vera redd for» som alt er utgjevne.
Det er eit priveligum å ta ein sideveg ein gong i blant. «Langt heimafrå» er ein slik sideveg for oss. Eit overskotsprosjekt, som me gler oss til å reise ut på vegen med. Og ikkje minst å få framføre denne musikken for folk over heile det langstrakte landet vårt.
Med "Langt Heimafrå" skal Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga ut på en stor noregsturné hausten 2023 og vinteren 2024. Turnéliste og billetter finner du her: https://allthingslive.no/heimafra
Kontakter
Sarah ElachihebPromotion - Universal Music Norge
sarah.elachiheb@umusic.comSilje HopeEMI
Tel:48095200silje.hope@umusic.comBilder
Lenker
Om oss
Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Astrid S, The Weeknd, Alessandra, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, Shawn Mendes, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.
Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge
Ny musikk fra EMI Nordic26.6.2026 09:37:43 CEST | Pressemelding
Det er gitt ut flere sterke låter fra EMI denne fredagen. Ys1 slapp låten "Modig" sammen med Weimoth, svenske VC Barre kom med "JEG HATAR DIG" og GERD har gitt oss singelen "Crazy".
Ramón slipper HOT GUYS CLUB25.6.2026 10:35:30 CEST | Pressemelding
Ramón gav oss lydsporet til sommeren med sitt nyeste album RAMUELO. Nå tar han oss med inn på klubben med remixene i HOT GUYS CLUB.
ZadeKing og Karen Moe slipper «Ut av byen» en låt om å rømme fra alt det velkjente23.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
ZadeKing og Karen Moe setter ord på en følelse mange unge kjenner på når de flytter fra bygda til byen. Fredag 26. juni slipper de singelen «Ut av byen», en poplåt om hjemlengsel, identitet og savnet etter stedet man kommer fra.
Unge Særing skriver om det man ikke klarer å gjøre opp23.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Hva gjør man når et forhold er over på papiret, men ikke i hodet? På den nye singelen «Åpen Post» bruker Unge Særing et begrep fra regnskap som metafor for følelser som fortsatt står uoppgjort.
MARSTEIN TIL OSLO SPEKTRUM: - Min største konsert noensinne!22.6.2026 12:46:18 CEST | Pressemelding
Fredag 20. november 2026 spiller Marstein sin største konsert noensinne. Med nytt album på vei blir Spektrum det første stedet publikum får oppleve den nye musikken live. - OSLO. SPEKTRUM. MIN STØRSTE KONSERT NOENSINNE. JEG GLEDER MEG. HÅPER VI SES!, sier Marstein selv om konserten. Billetter slippes onsdag 24. juni kl. 12.00 via ticketmaster.no.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom


