Fredar radiohistorie på Svalbard
Isfjord radio har vore sentral i norsk og internasjonal radio- og telekommunikasjon. I dag blir radiostasjonen freda, som eit viktig kulturminne for historia om Svalbard.

Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
- Isfjord radio er eit kulturminne som syner kor viktig kommunikasjonsteknologi har vore til alle tider, særleg i område der avstandane til omverda er så store, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide. - Radiostasjonen vart oppretta for å halde kontakten mellom Svalbard og fastlandet, og gjere skipstrafikken til Svalbard og i heile Nordishavet tryggare.
Då stasjonen var operativ var den knutepunkt for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet, anten det var radiotelegrafi, telefon, kringkastingsteneste eller satellitt. Radiostasjonen og fyret trygga skipstrafikken til Svalbard og inn og ut av Isfjorden. På slutten av 1950-talet og framover var Isfjord radio ei forutsetning for at interkontinentale rutefly kunne flyge over Nordpolen, og i dag er Isfjord radio både reiselivsdestinasjon og ein teknisk fjernstyrt stasjon for kommunikasjon, meteorologi og navigasjon.
- Det er også historisk at Riksantikvaren for første gong opnar for klimatiltak i sjølve føreskrifta til eit freda kulturminne. Eigaren av Isfjord Radio fekk løyve til å opprette solcelle-anlegg medan fredingsaka var under arbeid. Det er symboltungt med eit slikt tiltak på Svalbard, sidan dette er den delen av Noreg der kulturminna våre både er hardast råka og mest sårbare for klimaendringar, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Basecamp Explorer har opent hotell på Isfjord radio frå februar til oktober. Telenor Svalbard leiger den tekniske delen av stasjonen, og driftar både sitt eige og andre sitt utstyr, medan Selskapet Store Norske Næringsbygg AS eig stasjonen.
Kommunikasjon og tryggleik
- Kulturmiljøet på Isfjord radio har vi ikkje makan til på fastlandet, seier Klima- og miljøminister Espen Barth Eide. - Stasjonen har vore eit knutepunkt for kommunikasjon mellom Svalbard og resten av verda.
Isfjord radio på Kapp Linné ligg ytterst i Isfjorden på Svalbard, om lag 5 mil sørvest for Longyearbyen, og 13 kilometer vest for Barentsburg. Med stadig aukande skipstrafikk og omfattande kôleksport, gav Stortinget midlar til ytterlegare sikring av skipsfarten og styring av innseglinga til Isfjorden i 1933. Isfjord radio blei sett i drift 13. september same år. På grunn av dei lyse somrane, og islagt fjord om vinteren, skulle fyrlykta på staden berre vere tent om hausten.
- Isfjord radio var eit trygt og sentralt støttepunkt for navigasjon til havs og i lufta i store delar av Arktis. Ferdsel i desse områda var med livet som innsats før sendingane frå Isfjord starta, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Aktiviteten på Svalbard auka, og den teknologiske utviklinga innan både navigasjon, meteorologi og kommunikasjon skjedde raskt. Stasjonen vart øydelagt under andre verdskrig, men bygd opp att allereie i 1946. I 1950 blei det montert radar på stasjonen, og no kunne Isfjord Radio melde nøyaktig posisjon på skip og avstand til land. Radaren var i drift til 1968. Frå midten av 1950-talet kom det fleire flyruter frå Europa til USA (og vidare til deler av Asia) over Nordpolen. Flya måtte ha radiokontakt og kommunikasjon med bakken undervegs. Isfjord Radio låg perfekt til og bidrog til å gjere rutene trygge.
Historisk og ny bruk på Isfjord
På det meste, i 1959, var den faste bemanninga på Isfjord Radio 12 personar. I 1965 fekk Isfjord Radio eige postkontor og eige postnummer. Frå 1971 var det Isfjord Radio som tok i mot signal frå NRK Radio frå fastlandet, via ein meir enn 1 km lang antenne hengt opp i telefonstolpar i rett linje sør frå stasjonen. Frå Isfjord Radio blei NRKs signal vidaresendt på radiolinje til Longyearbyen og kringkasta derifrå.
Frå midten av 1970-talet blei fleire oppgåver flytta til den nye flyplassen i Longyearbyen, og utstyret på Isfjord Radio blei fjernstyrt. Bemanninga blei redusert, men teknisk personale hadde framleis sin arbeidsplass på Isfjord Radio heilt til 1999. No er alle tekniske funksjonar fjernstyrt, og Isfjord Radio har ikkje fast personale på staden. I 2006 kjøpte Store Norske Isfjord Radio frå Telenor Svalbard, og i 2008 blei det inngått ein avtale med Spitsbergen Travel om hotelldrift på staden.
Føremålet med fredinga er å sikre og bevare Isfjord radio som eit heilskapleg kulturmiljø for kommunikasjon-, navigasjon- og vervarslingstenester på Svalbard, frå det første sjømerket i 1912 til stasjonen ble heilt automatisert og fjernstyrt i 1999. Fredinga skal bevare eit anlegg som har vore eit knutepunkt for kommunikasjon mellom Svalbard og resten av verda, og eit støttepunkt som gjorde navigasjon til havs og i lufta tryggare for store deler av Arktis.
Fellesbilete i galleri: Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (AP) og riksantikvar Hanna Geiran
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Verdensarv i Ukraina får forsterket internasjonal beskyttelse8.9.2023 14:00:00 CEST | Pressemelding
I et ekstraordinært møte 7. september vedtok den internasjonale komitéen for Haag-konvensjonens annen protokoll å forsterke beskyttelsen av kulturminner i Ukraina.
Steinberg gård på Toten fredes2.9.2023 12:15:00 CEST | Pressemelding
Steinberg var gården til den norske eidsvollsmannen Lauritz Weidemann og familien. Den storslåtte hagen og parken har stått nesten urørt siden 1850-tallet. Nå freder Riksantikvaren hele embetsmannsgården på Toten.
Freder Folkets hus i Sauda25.8.2023 13:48:20 CEST | Pressemelding
– Folkets hus i Sauda er en fortelling om fellesskap før og nå, sier riksantikvar Hanna Geiran. – Denne historien er det verdt å ta vare på for fremtiden, og det gjør vi ved å frede bygget.
Dronningen av Haldenkanalen fredes12.8.2023 12:00:00 CEST | Pressemelding
Kanalbåten D/S "Turisten" lå tretti år på bunnen av Femsjøen i Haldenvassdraget, før hun ble hentet opp og så satt i stand med dampmaskinen intakt i 2009. Nå freder Riksantikvaren båten fra 1887.
Velkommen til fredning av D/S «Turisten» på Haldenkanalen8.8.2023 09:45:01 CEST | Presseinvitasjon
Lørdag 12. august freder Riksantikvaren D/S «Turisten» på Haldenkanalen. Kanalbåten fra 1887 lå tretti år på bunnen av Femsjøen i Haldenvassdraget, før båten ble hentet opp og så satt i stand i 2009.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom