Brannøving i tunnel på Strynefjellet

Frå klokka 17.00-18.00 blir det kolonnekøyring medan Statens vegvesen riggar til og førebur øvinga.
Sjølve øvinga finn stad klokka 18.00-20.00. I dette tidsrommet vert tunnelen stengd.
Klokka 20.00-21.00 blir kolonnekøyring medan vi riggar ned og ryddar opp etter øvinga. Etter dette går trafikken som normalt att.
Øvinga skjer i samarbeid med Stryn brannvesen. Også øvrige naudetatar, politi og helse, er inviterte til å delta i beredskapsøvinga.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom noko skulle skje, seier brannvernleiar Atle Johnny Rygg i Statens vegvesen.
– Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar. Det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for trafikantane, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, legg han til.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer difor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, understrekar Rygg.
Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging.
– Ved å øva saman med nadetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudd den dagen ein situasjon skulle inntreffa. For å simulera brann i køyretøy nyttar vi røykmaskin for å laga røyk i tunnelen.
Statens vegvesen oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.
Tunnelen er 45 år gammal
Strynefjellet har tre tunnelar. 2.549 meter lange Ospeli er den nedste av desse. Det var Kong Olav V som 17. oktober 1978 opna han.
I dag køyrer det i gjennomsnitt 1.035 køyretøy dagleg gjennom tunnelen. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 23 prosent, eller 238, lange køyretøy (tungtrafikk).
Omkøyring medan øvinga finn stad, er via Gamle Strynefjellsvegen.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Derfor held Statens vegvesen øvingar som dette, noko som er ein av viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett, avsluttar Rygg.
Nøkkelord
Kontakter
Atle Johnny RyggBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41404030atle.rygg@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Åpner Kåringskrysset ved Lødingen16.9.2025 09:47:58 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsministeren åpner den første ferdige delen av gigantprosjektet OPS Hålogalandsvegen. Nord Norges største samferdselsprosjekt.
Det blir kolonnekjøring til Nordkapp i vinter15.9.2025 14:26:11 CEST | Pressemelding
Til vinteren blir det innført faste tidspunkt for kjøring på E69 til og fra Nordkapplatået.
Letnes Entreprenør AS skal bygge midlertidig E6 ved Nesvatnet15.9.2025 11:02:57 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har signert kontrakt med Letnes Entreprenør AS for å bygge lokal omkjøringsveg forbi rasstedet ved Nesvatnet.
Brannøving i to tunnelar i Gloppen15.9.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Gloppen Brann og redning har felles brannøving i to tunnelar i Gloppen 22. og 23. september.
Farlige svinger blir tryggere for syklister12.9.2025 14:15:24 CEST | Pressemelding
"Ventebokser” og “sykkelfelt med buffer” er to nye grep som gir syklister bedre plass i trafikken.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom